Ei rastlaus sjel
TEATER
Trøndelag teater – teaterkjellaren
TAKORADI - en sjømanns historie
Av Torvald Sund
Regi: Rita Abrahamsen
Scenografi: Per Kristian Solbakken
Framført av Hallbjørn Rønning
Trøndelag teater – teaterkjellaren
TAKORADI - en sjømanns historie
Av Torvald Sund
Regi: Rita Abrahamsen
Scenografi: Per Kristian Solbakken
Framført av Hallbjørn Rønning
Bildet:Ketil Iversen er den maritime Peer som møter både Bøygen og Anitra medan det sit ei heime og ventar. Men Siv Anita har ikkje Solveigs tolmod. Foto: Vegard Eggen
Usminka fortellarteater om sjømannslivet på godt og vondt, men mest vondt.
Ketil Iversen gjekk til sjøs rett etter framhaldsskulen; - først på ein sildesnurpar, og deretter som dekksgut i utanriksfart. Han er etterkrigsungdomen med draumen i seg om raske pengar, store opplevingar, om å kome seg ut og vekk, og sjølvsagt om å ta for seg av dei gledene livet kan by på trass i moras medsende artiklar om kva sjømenn kan bli utsett for i framand hamn. Ketil Iversen er korkje betre eller verre enn andre. Dette er den usminka historia om ein temmeleg gjennomsnittleg norsk sjømann og dei folka han møter gjennom dei to-tre siste tiåra av norsk skipsfarts glanstid.
Torvald Sund har skrive denne fortellinga, som ikkje er ei historie, men mange ulike anekdotar og tablå. Hallbjørn Rønning er både Ketil Iversen og alle dei han møter, og gjennom alle fortellingar, flashbacks og tablå formar det seg etter kvart eit nokså tydeleg bilde, ikkje berre av Iversen, men også av ei av dei mest myteomspunne yrkesgruppene i norsk etterkrigssoge. Her får vi stadfesta både mytar og fordommar. Pengane sit laust, og drikk og horehus er kvardagskost når ein er hamn. Men vi får og innblikk i sakna, draumen om å sette rot for personar som har fått det rastlause i blodet, om kjærleik, og om det umogelege i å kombinere eit vanleg familieliv med månader i utanriksfart.
Torvald Sunds historier er frodige, burleske og fantastiske. I bøkene om Onkel Oskar har han synt dette til fulle, og i Takoradi boltrar han seg i same fortellarkunsten. Det som gjer denne drygt timelange monologen til noko meir enn berre nok ei sjømannshistorie, er nettopp dei gode fortellingane, det autentiske, men også det uventa og komiske. Som når vår mann møter Maria i Peru og må stadfeste at i Norge har vi stivna vatn! Og at vi går på skøyter på det stivna vatnet medan fiskane symjar under! Som ein maritim Peer møter Ketil verda, og legg han under seg. Han lyg og skryt, og han omtalar Lima, Hamburg, - og Takoradi (ein hamneby på vestkysten av Afrika) som om det skulle vere Hommelvik og Støren. Han er ein verdsmann, men får det ikkje til heime.
Rita Abrahamsens regi har lagt vekta på det verbale, og det er eit fornuftig val. Her er nesten ingen scenografi, og berre nokre få enkle rekvisittar. Merksemda vår er på Hallbjørn Rønning og alle dei personane han presenterer oss for. Det kan tidvis vere litt problematisk å henge med i alle dei ulike figurane, for persongalleriet er stort og rolla tekstrik og krevjande. Men Rønning er særs fortruleg med stoffet, og det er lett å tru på han. Trass i alle løgnhistoriene!
Amund Grimstad
(Meldinga stod i Klassekampen den 30. oktober 2006)
<< Startsiden