Fall for eige grep
TEATER
Hedda Gabler
Av Henrik Ibsen
Regi og bearbeiding: Per-Olav Sørensen
Scenografi, lys og kostyme: Pavel Dobrusky
Musikk og lydkulisser: Andreas Moxnes
Med: Anna Bache-Wiig, Ola G. Furuseth, Tone Mostraum, Pål Christian Eggen, Trond-Ove Skrødal og Janne Kokkin.
Trøndelag teater – Gamle scene
Hedda Gabler
Av Henrik Ibsen
Regi og bearbeiding: Per-Olav Sørensen
Scenografi, lys og kostyme: Pavel Dobrusky
Musikk og lydkulisser: Andreas Moxnes
Med: Anna Bache-Wiig, Ola G. Furuseth, Tone Mostraum, Pål Christian Eggen, Trond-Ove Skrødal og Janne Kokkin.
Trøndelag teater – Gamle scene
Bildet: Heftig: Eit heftig møte mellom Hedda og Eilert Løvborg, avslutta med Jazz på svenska. Om berre resten hadde vore slik. Foto:Lasse Berre
Ei modernisert og nær sagt gjendikta Hedda til tonar av tysk tungrock og Jan Johansson.
Trøndelag teater vil også markere Ibsenåret, og deira bidrag er ei fullstendig nytapping av Hedda Gabler. Per-Olav Sørensen, som i fjor fekk eit stort publikum med si oppsetting TanGhost der han på eminent vis miksa Gjengangere og heftige tangorytmar, har ikkje berre modernisert Hedda, men nærmast gjendikta stykket. Borte er dei lumre innestengde 1880-tals salongane og tunge draperia. I staden er det stilisert og forenkla scenografi og moderne metaforar, bakteppe og rekvisita. Referansane er mobiltelefonar, data og bilar. Språket og det oppjaga tempoet er dagens, og hushjelpa Berte er skifta ut med polske Renata. Samstundes er oppsettinga likevel ekstremt tekst- og Ibsentru der scenene i stor grad er attskapt slik dei står i originalmanuset. Og om dei innestengde romma fysisk sett er borte, så er settinga like lummer som originalen. Med meir direkte tale og spel, med moderniseringa og ikkje minst med dei tunge lydbilda, kan ein gjerne seie at bakteppet er sex and drugs and rock ’n’ roll. Det er eit imponerande stykke arbeid å ta med seg den opphavelege stemninga i ei så annleis oppsetting. Men spørsmålet er likevel om Sørensen oppnår det han har ønska, og om han kanskje har mista noko på vegen?
Gjennom åra har eg sett eit utal Ibsenoppsettingar som har vore både tradisjonelle og nyskapande. Det som heile tida slår ein, er kor moderne Ibsen var, og samstundes kor tidlause stykka hans er. Meir enn dei fleste toler han å bli fortolka og eksperimentert med. Catrine Telles Peer Gynt for få år sia, og Wolfgang Pintzka og Kari Gravklevs Gjengangere nokre år tidlegare, er to gode døme på dette frå Trøndelag teater. Men det må vere ein grunn til fornyinga. Det kan vere eit ønske om å få fram andre sider ved problematikken, å gjere noko tydelegare for dagens publikum, eller for å syne at tema er uavhengig av tid og stad. Det er her eg meiner Sørensen har eit problem. Hedda har satsa på det ho trudde var eit godt parti, ho sit fanga i sitt eige fengsel, ho har spela korta sine feil, ho kjeder livet av seg, og det enklaste blir til slutt pistol. Alt dette kan skje dagens kvinner, - og menn for den del. Men når Sørensen samstundes har vore så teksttru at orsaka til Heddas lagnad ligg i arkaisk renkespel, karrierisme og anna som er fjernt frå dagens generasjonar, blir det problem med truverdet. Når Hedda ved Eilerts død seier ”Endelig en dåd”, og at det er vakkert, så har eg vondt for å tru at det er orda ei 29 år gamal kvinne ville ha sagt i dag. Eit anna lyte ved oppsettinga er at Ibsens tvisyn og rom for ulike tolkingar har forsvunne, og det meste er blitt så altfor tydeleg. Det er mistillit til publikum når alt skal gjerast synleg og bli forklåra i detalj. Og alle tilvisingane til telefon, data, film og anna moderne, er artige gags i starten, men blir etter kvart litt slitsame.
Så mye om regigrep og gjendikting. Sørensen har satsa friskt, og når eg er kritisk til resultatet, er det ikkje fordi han har gått for langt, men meir av di han ikkje har gått langt nok. Trass i desse ganske grunnleggande innvendingane, er det likevel mye ved oppsettinga som grip meg. Mellom anna skuldast det særs gode aktørar i eit tett og intenst kammerspel utan mange kvileskjær. Anna Bache-Wiig er akkurat passe ufordrageleg som den intrigante og litt livstrøytte Hedda. Eg trur ikkje på alle replikkane hennar, men eg trur definitivt på spelet. Slik er det og med resten av ensemblet. Ola G. Furuseth er den naive, velmeinande ektemannen Jørgen Tesman som er oppslukt av arbeid og forblinda i kjærleik, men som i ei forrykande scene der han får vite at Hedda har øydelagt Eilerts eineståande manus, syner at han er langt frå temperamentslaus. Og Pål Christian Eggen gir oss ei innlevande tolking av Eilert Løvborgs vekst og fall. Tempoet i oppsettinga er dagens oppjaga og hektiske der det aldri er tid for ettertanke. I ei av framsyningas beste tablå ser vi tydeleg kva for kontrastar vi har gått glipp av. Etter eit heftig møte mellom Hedda og Eilert Løvborg, set han seg til pianoet og spelar Jan Johanssons arrangement av Emigrantvisa frå Jazz på svenska. Då får oppsettinga med eitt ein dimensjon, og eit rom for tolking som ho elles saknar.
Amund Grimstad
(Meldinga stod i Klassekampen den 17. mars 2006)
<< Startsiden