Ungdom på leit
TEATER
FANTASTISKE PEPSI LOVE
Av Frode Sander Øien
Musikk: Hans Magnus Ryan
Regi: Jon Tombre
Scenografi og kostyme: Per Kristian Solbakken
Foto/video: Charlotte Blom
Med: Kyrre Hellum, Evy Kasseth Røsten, Cici Henriksen med fleire
FANTASTISKE PEPSI LOVE
Av Frode Sander Øien
Musikk: Hans Magnus Ryan
Regi: Jon Tombre
Scenografi og kostyme: Per Kristian Solbakken
Foto/video: Charlotte Blom
Med: Kyrre Hellum, Evy Kasseth Røsten, Cici Henriksen med fleire
Trøndelag teater – Studioscena
Bildet: DRAUM: Joakim (Kyrre Hellum) vil skrive noko fint, men blir det med draumen? Foto:Charlotte Blom
Premiera på Fantastiske Pepsi Love av Frode Sander Øien gav lovnadar om ein forfattar som har forstått mye av dramatikkens eigenart utan før å ha skrive for teater.
Trøndelag teater har eit prosjekt for å få fram ny norsk dramatikk. Det er eit meir enn prisverdig tiltak, for det er mange dyktige forfattarar der ute. Ein av dei heiter Frode Sander Øien. For fem år sia gav han ut boka Fantastiske Pepsi Love. Nå har han sjølv dramatisert boka for teater, og fredag var det urpremiere.
For meg blei dette ein slags Short Cuts på teater; mange ulike historier som dels grip inn i kvarandre, men som først og fremst skildrar ein ungdomsgenerasjon på leiting etter haldepunkt i livet, - etter kjærleik, karriere og den kortvarige gleda i dopen for å nemne nokre av tema vi er innom. Og det er skilsmissebarna som kan fortelle om ein foreldregenerasjon som svikta. Dette er teater om, for og av ungdom, - meir trur eg ikkje det er verd å seie om handlinga. For det er eigentleg ikkje innhaldet i seg sjølv som gjer dette så bra, men dei bilda forfattaren saman med skodespelarar, lyd, lys, projeksjonar, scenografi og regi greier å mane fram. Det er sjeldan å sjå ei framsyning som så klårt er ei verkeleg syntese av alle dei før nemnde elementa.
Per Kristian Solbakken sin scenografi er naken, kald og nesten steril, men i samspelet med lysdesignen til Eivind Myren og ikkje minst foto- og videoillustrasjonane til Charlotte Blom, blir det skapt eit utal ulike scener utan forstyrrande sceneskift. Musikken til Hans Magnus Ryan er tidvis nesten suggestiv, og gir driv og framdrift i oppsettinga. Det i hovudsak særs unge ensemblet ser ut til å finne seg vel til rette i stoffet, og går ut og inn av dei mange ulike rollene ubesværa og med høg presisjon. Den berande figuren er Joakim, spela av Kyrre Hellem. Han er kanskje den mest stillferdige på scena, men likevel særs tydeleg og tilstades. Evy Kasseth Røsten gir ei uvanleg sterk tolking av livet på catwalken, og Cici Henriksen viser at det lågmælte spelet ofte kan vere det mest synlege.
Jon Tombre har regien, og her ser ein klåre spor frå suksessframsyninga Lilleskogen for to år sia. Der Øien ikkje når heilt fram, kompenserer Tombre, og stundom er regissøren meir synleg enn forfattaren. Oppsettinga er stram, det er utmerka personinstruksjon og særs god timing. Men det manglar ein dramatisk nerve. Det er for mange historier, det skortar ein del på dramaturgien og oppsettinga blir litt uforløyst. Men for all del, - Frode Sander Øien er ein lovande debutant. Han er ingen ferdig dramatikar, men syner tydeleg at han er ein forfattar som skjønar scenespråket og som tenker i bilde og tablå.. Det er godt å vite at Øien alt skriv på eit nytt stykke for Trøndelag teater.
Amund Grimstad
(Meldinga stod i Klassekampen måndag 6. februar 2006)
<< Startsiden