søndag 29. mars 2009

Marius og Kaktus

TEATER

Karius og Baktus
Av Thorbjørn Egner
Musikk: Christian Hartmann
Regi: Rita Abrahamsen
Scenografi og kostyme: Einar Dahl
Med: Hermann Sabado, Kristofer Hivju og Jan Frostad
Trøndelag teater, Gamle scene

Bildet:
HEILT UT: Hermann Sabado og Kristofer Hivju dreg det tidvis heilt ut i ei framsyning full av absurd humor og surrealistiske gags. FOTO: VEGARD EGGEN

Ei litt surrealistisk og absurd oppsetting som nesten sprengde dei tronge rammene som gjeld for arven etter Egner.

For ei veke sia gjesta Gob Squad Trondheim med ei oppsetting der dei utforska autentisiteten som fenomen då dei freista å lage ein førti år gamal film på nytt. Kva er ekte, og kva er kopi? Og kan kopien bli ekte? Røynslene frå denne oppsettinga sat friskt i minne då eg fredag såg premiera på Karius og Baktus på Trøndelag teater. Eg må vedgå at eg grudde meg ein smule, for dei som sit på rettane etter Egner er om lag like lite fleksible som musikaleigarane i London. Uakta kva som har skjedd elles dei siste femti åra, skal alt vere slik geniet laga det, både med omsyn til plakat, scenografi og regi. Då blir det fort som å sjå att ein film du har sett før, og ettersom Ivo Caprino for lengst har gjort dei to tanntrolla udøydelege på lerret, kan ei teateroppleving fort få form av ei sjekkliste der ein sit og kryssar av ettersom alt det kjende kjem, og i rett rekkefølge.

Thorbjørn Egner hadde neppe meir enn to intensjonar då han i si tid skreiv den vesle fortellinga, nemleg å underhalde, og å drive folkeopplysing med omsyn til tannhygiene. Og slik har alle dei oppsettingane eg har sett av Karius og Baktus vore. Men så syner det seg at Rita Abrahamsen tydeleg har hatt litt høgare ambisjonar enn som så. Innafor dei særs tronge rammene som er gitt, har ho greidd å lage ein burlesk, artig og tidvis litt absurd framsyning som gir minst like mye til dei vaksne i salen som til småttisane. Det er for så vidt eit kjend fenomen at kunstnarar i land der sensuren er særs sterk, likevel ofte greier å skape stor kunst innafor det gitte lovverket. Eller dei sprenger rammene på ein så subtil måte at sensuren ikkje greier å ta dei. Om dette skuldast at eit strengt regime utfordrar kreativiteten på ein måte som gjer at du MÅ skjerpe deg for å få til noko meir enn berre keisame kopiar, skal eg ikkje påstå, men det kan vere ei årsak.

Denne oppsettinga følger malen til Egner i det aller meste. Scenografi og kostyme er akkurat som i boka, og jamvel dei litt spesielle stemmene er som vi kjenner dei, men akkurat dét skal denne gongen ha vore skodespelarane sine eigne val. Det er heller ikkje mye herjing med teksten, men nokre regigrep er gjort og dei fungerar i hovudsak særs vellukka. Rita Abrahamsen har vald å la Jan Frostad vere ein fortellar som på eit litt overspela, distré vis innannonserer dei fire aktene. I opninga fungerar det særs bra når han kjem inn og fortel det ganske unge publikummet at nå skal vi få sjå Marius og Kaktus. Dét vil ikkje salen gå med på, - svaret kjem kontant og temmeleg høgrøysta, og dermed har vi fått i gong det interaktive. Men etter opninga blir heroldfunksjonen til Frostad meir ei tvangstrøye. Han får for lite å spele på, og det litt hjelpelause ved figuren blir ikkje morosamt i lengda. Men dei to små karane i tennene er i sitt ess heilt til dei blir skylda på sjøen, - og vel så det. Hermann Sabado (Karius) og Kristofer Hivju (Baktus) ser ut til å kose seg i rollene, og dreg dei tidvis heilt ut - og litt til - i surrealistiske gags og absurde påhitt. Eg skal ikkje påstå at regissør og skodespelarar ironiserer medvite med Egner, men i måten dei turnerte teksten, og i alle dei handlingane som ikkje blei verbalisert, fann eg ofte ein både ironisk og kritisk distanse til opphavsmannen. Det var elegant, og i tillegg særs underhaldande. Og i finalen greier også scenografen å rive seg laus frå tvangstrøya og serverer oss ein liten scenografisk konfekt, full av humor og varme. Denne oppsettinga av Karius og Baktus gjorde difor dei fleste av mine fordommar til skamme, og godt var det!

Amund Grimstad

onsdag 25. mars 2009

Fuglar i fritt fall.


PERFORMANCE

Migrating Birds
Av Ane Lan
Regi: Ane Lan
Framført av Rikke Lundgreen, Siv Bugge Vatne, Ingrid Lindberg og Ane Lan
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

Bildet:
NAIVISTISK: Uttrykkslaust og i monoton falsett syng Ane Lan om dei mobilskadde fuglane. FOTO: SIV BUGGE VATNE

Kan naivismen bli for naiv?

Naivisme er ei kunstretning der ein nyttar enkle og barnlege grep og uttrykk. Men som oftast gjer ein det for å presentere ein undertekst eller dobbel tyding for gjennom dette å få fram det ein har på hjartet. Om presentasjonen blir så naivistisk at han grensar mot det pinlege, kan sjølvsagt det òg vere meininga. Men då blir grensene for om dette er vellukka eller ikkje særs flytande. Det er fort gjort at det heile tippar over til å bli det som det skulle parodiere, illustrere eller kritisere. Det får vere ein litt omstendelege introduksjon til mi melding av Migrating Birds av kunstnarpseudonymet Ane Lan (Eivind Reierstad). Dette er ein særs stutt produksjon på berre ein snau halvtime der temaet er at den aukande mobilbruken og strålinga frå han forstyrrar trekkfuglane og gjer at dei ikkje lenger finn fram. Dette blir presentert ved at Ane Lan, ståande nesten som ei saltstøtte, framfører monoton og repeterande falsettsong med meir enn naivistisk tekst som korkje er egna til å overtyde eller røre nokon. Ho/han blir akkompagnert av tre kvinner som er like stoiske og uttrykkslause. Det heile blir framført så hjelpelaust at ein som publikum vrir seg i stolen og kjenner det pinlege ubehaget på vegner av dei fire på scena.

Slik skal det faktisk vere, og presentasjonen og forma er medvitne val. Det er stivt, ubehjelpeleg og altså pinleg dårleg. Eit ørlite opptrinn greier å dra det heile ut av den stramme ramma når ein mobil ringer, ein av aktørane tar han og pratar lågmælt så vi knapt kan høyre kva som blir sagt. Men vi får med oss at ho seier ho ikkje kan prate av di ho held på med noko. Publikum kjenner seg att, ler og slappar av, før vi blir dregne inn att i den pinlege tvangstrøya vi sit i. Finalen er ein komplett antifinale, og publikum blir fullstendig i villreie.

Alt dette skal altså vere slik, og framsyninga er vel i seg sjølv ein litt provoserande utfordring av publikum. Slik gjer Ane Lan seg uangripeleg for kritikk. Det skal jo vere slik! Men personleg har eg vanskar med å fatte at medviten dårleg og hjelpelaus presentasjon, utan at han blir betre kontekstualisert eller problematisert, skal vere godt nok. Ikkje fann eg det særleg underhaldande, ikkje sa det meg noko, ikkje fekk eg mye å tenke på, og eg blei langt frå provosert. Kva blir det att då?
Amund Grimstad
(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 24. mars 2009)

tirsdag 24. mars 2009

Kopien blir original

TEATER

Gob Squad’s Kitchen (You’ve Never Had It So Good)
Av Gob Squad
Produksjonsleiar og dramaturg: Christina Runge
Scenografi: Chasper Bertschinger
Video: Miles Chalcraft
Framført av Sean Patten, Simon Will, Sharon Smith og Laura Tonke.
Teaterhuset Avant Garden, Verkstadhallen, Svartlamon, Trondheim

Bildet:
KOPI: På lerreta får vi projisert ein kopi av ein kopi av ein kopi. Eller? FOTO: DAVID BALTZER

Ein imponerande freistnad på det umogelege i å lage Andy Warhols film ”Kitchen” på nytt.

Den britisk-tyske teatergruppa Gob Squad gjesta Norge for to år sia med framsyninga Super Night Shot der dei i løpet av ein time på byen laga ein videopresentasjon med lokale statistar som var forskjellige frå kveld til kveld. Det var den gongen uråd ikkje å bli imponert over timing, synkronisering, teknikk og ikkje minst iscenesettinga i ein framand by og med totalt ukjende statistar dei berre plukka opp der og då. Nå har dei gjesta oss igjen med produksjonen Gob Squad's Kitchen (You’ve Never Had It So Good), og denne meldaren er minst like imponert som førre gongen.

Gob Squad tar oss både faktisk og tematisk attende til Andy Warhols sekstital. Ein av dei mange filmane Warhol laga på denne tida, var Kitchen . Han blei produsert i eit kjøken i New York i 1965, og Gob Squad har nå sett seg føre å lage denne og to andre Warhol-filmar (Sleep og Screen Test) på nytt. Dette er kultfilmar eg ikkje har sett, men det er eg tydelegvis ikkje åleine om ettersom Gob Squad koketterar med at det har heller ikkje dei! Slikt blir bagatellar i denne samanhengen. Med publikum plassert framfor tre lerret der studio, eller kjøkenet om ein vil, er bak lerreta, får vi sjå videopresentasjon frå rekonstruksjonen. Det startar både underhaldande og særs komisk. Når relativt unge menneske skal gjenskape ein situasjon frå 45 år attende, held det sjølvsagt ikkje med coole solbriller, og stadige utsegner som ”far out, man”. Slik opnar framsyninga med ei visualisering av det umogelege i å gå attende i tid, eller for dei meir filosofiske; vanskane med å gå ut i same elva to gongar.

Men Gob Squad har atskilleg høgare ambisjonar enn berre å underhalde. Warhol var popkunstens fremste, og mye av det han arbeidde med gjekk på temaet kopi og repetisjon. Eitt av hans mest kjende kunstverk er bildet av suppeboksen frå Campbell. Her blir det autentiske problematisert ved at bildet er ein kopi av ein kopi av eit masseprodusert produkt som difor også er ein kopi. Kor blir det då av det autentiske? Slik blei denne framsyninga for meg ei dramatisering av suppeboksen til Warhol, så umogeleg det enn kan høyrast. Om ikkje Gob Squad har sett Kitchen, så kjenner dei nok både kunst- og litteraturhistoria, og det er tydeleg å sjå parallellar til, - og problematisering av - langt meir enn denne kultfilmen frå 1965. Produksjonen er sjølvsagt metateater i aller høgste grad. Og også her ligg assosiasjonane og dei historiske referansane tydeleg i dagen. Det er Cervantes, som med boka Don Quijote, har fått æra for å ha funne opp meta-sjangeren. Den argentinske forfattaren Jorge Luis Borges skreiv på trettitalet novella Pierre Menard, forfattar av Quijote, der han lagar meta av meta ved at hovudpersonen Menard set seg føre å skrive Don Quijote på nytt. Det absurde, og det umogelege i dette prosjektet er det i røynda Gob Squad nå syner oss.

Så langt er dette ei underhaldande visualisering av eit sentralt tema i kunsthistoria, og for så vidt ei stadfesting av det vi alle veit. Men det er før framsyninga gradvis tar ei dramatisk endring. Dei fire på scena spelar seg sjølve, men bytter tidvis roller og kjøn, og det er relativt uproblematisk. Men så blir det heile etter kvart interaktivt ved at ensemblet hentar inn statistar frå publikum som delvis overtek rollene, og som får spontanregi der og då gjennom headset. Med ein imponerande timing greier dei fire i ensemblet å instruere sine heilt ukjende understudies både fysisk og verbalt. Det kunne, og burde, sjølvsagt ha gått heilt gale, blitt stivt, ulenkeleg og amatørmessig. Men så syner det seg at dei fire frå salen ikkje berre tek regi, men på mange vis overtek heile scena. Og vi blir verkeleg sittande att med spørsmålet om kva som var autentisk i det vi var vitne til. Kven er kven, kva er kva, og finst det i det heile tatt ein røyndom der ute?

Tanken bak denne produksjonen er like genial som han er umogeleg. På eit særs intelligent, underhaldande og pedagogisk vis får vi problematisert og dokumentert det som i utgangspunktet ikkje skulle kunne la seg gjere. Ideen er fantastisk, men den tekniske gjennomføringa til ensemblet er vel så imponerande. Så mye teknologi, spontansynkronisering, fleksibilitet, improvisering, timing, - og samstundes så leikande avslappa!
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 23. mars 2009)

Når jus er showbiz

TEATER

Chicago
Av Fred Ebb og Bob Fosse
Musikk: John Kander
Omsett av Svein Selvig
Regi og koreografi: Tomas Adrian Glans
Scenografi: Even Børsum
Kapellmeister/orkesterarrangement: Åsmund Flaten Kostyme: Anette Werenskiold
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Evelyn Jons, Silje Lundblad, Pål Christian Eggen, Mads Bones, Helle Ottesen m. fl.
Trøndelag teater, Hovudscena


Bildet:
SPEKTAKULÆRT: Teknisk nærast perfekt når Velma Kelly (Evelyn Jons) og songsterke dansarar dreg i gong opningsscena All that Jazz. FOTO: GT NERGAARD

Teknisk briljant, men tidvis overspela og litt masete framført.

Trøndelag teater har dei siste åra hatt store ambisjonar om å bli ei av landets leiande musikalscener. Og ikkje utan grunn. Megasuksessen Les Miserables for tre år sia går det framleis gjetord om, og oppsettinga av Cabaret i fjor stod heller ikkje mye attende. Denne sesongen er det Chicago som skal fylle stolradane i Prinsens gate. Det vil han sikkert gjere, men eg må vedgå at han har ikkje heilt same format som dei to føregåande.

Chicago bør vere kjend for publikum frå den stjernespekka og Oscarvinnande filmen frå 2002. Mange har sikkert òg fått med seg musikalen anten på Broadway eller i London. Vi er altså i lovløysas og tjuetalets Chicago der det enklaste er pistol, der livet ikkje er mye verd, der dobbeltmoralen har høgsesong med fråhald og religion som fremste dygder, medan røyndomen er heilt motsett. Historia er ganske tunn, og sjølv om ho er basert på ei verkeleg hending, er ho nok eigentleg berre eit påskot for å lage show. Roxie Hart (Silje Lundblad), i utgangspunktet nærast eit gudsord frå landet, drep elskaren sin og hamnar i eit gjennomkorrupt kvinnefengsel leia av den ganske ryggelause Mama Morton (Helle Ottesen). Der sit også artisten Velma Kelly (Evelyn Jons). Prognosane for mordariske kvinnfolk er henging, men i Chicago er alt til sals, og stjerneadvokaten Billy Flynn (Pål Christian Eggen) er ein ekspert på å regissere rettssaker så dei blir reine sirkus. Rettferda er ei salsvare, og jusen er showbiz. Det blir sjølvsagt også ei rivalisering mellom Velma og Roxie, og i eit enormt tempo får vi presentert drap, fengsel, intrigar, farseaktig rettssak og you name it, alt til akkompagnement av forrykande danseopptrinn og framifrå songnummer. Det heile blir kontrastert av Roxies naive og forsmådde ektemann, Amos Hart (Mads Bones), den einaste med menneskelege trekk i denne settinga.

Med Orderudsaka og kjendisadvokatar med meir enn open tilgang til media som bakteppe, for ikkje å snakke om rettssaka mot O. J. Simpson, er det nok av attkjennelege element i denne historia. Men Chicago er altså ikkje først og fremst eit kritisk oppgjer med kjendiseriet, tvert om vegeterer framsyninga på nettopp slike overflatefenomen. Det er eit premiss ein berre må godta, for dette er underhaldning og ikkje noko anna. Og det er greitt nok, - om det er godt nok.

Tomas Adrian Glans har ansvar for både koreografi og regi. Dansenumra er framifrå gjennomført, teknisk briljante, og dei syngande dansarane er tydeleg plukka på øvste hylle. Ved sia av flott koreografi og spektakulær dans, er dei også særs dyktige songarar. Åsmund Flaten har ansvaret for orkesterarrangement i tillegg til at han er kapellmeister. Som om ikkje dette var nok, går han òg inn i rolla som herold og grip stadig inn i handlinga. Dei musikalske arrangementa er gode, og det er skikkeleg trøkk i det ni mann store orkesteret. Teatret har eit lite problem med at musikken tidvis blir så sterk at ein ikkje høyrer det som blir sagt og sunge, men dette er tekniske detaljar eg vil tru det er lett å justere. Even Børsum har laga ein scenografi som står godt til framsyninga, og som på fleksibelt vis gir rom for raske og saumlause sceneskift. Særleg heldig er han med bruken av speil som gjer den allereie store scena tre gonger så brei. Chicago er ein musikal, og når songnumra også sit akkurat som dei skal, og ensemblet er på meir enn trygg grunn songleg, så skulle vel alt vere vel?

Framsyninga er tematisk ein musikalsk harselas med tjueåras dekadanse og dobbelmoral. Ikkje eit særs kritisk og undersøkande blikk, men ein parodiering. Dette har nok også vore regissør Tomas Adrian Glans sitt utgangspunkt. Men parodi kan vere ein risikosport, og faren for overspel ligg snublande nær. Den særs farseaktige rettssaka der forsvararen set i scene og skapar ein tiltalt som ikkje finst, men som han altså kan selge inn til juryen, er døme på ein situasjon som toler å bli tatt heilt ut i det absurde, burleske og fullstendig parodiske. Denne scena er glitrande framført av Silje Lundblad og Pål Christian Eggen. Men for å skape truverd, bør scena stå i kontrast til resten, og ikkje bli berre eitt av mange overlessa og overspela tablå. Særleg første akt blei diverre masete. Vi fekk aldri tid og rom til å dvele og ta inn over oss inntrykka. Dei to rivaliserande kvinnene Velma og Roxie, fengselsstyraren og ikkje minst advokaten er alle særs fargerike personar som er så spesielle at dei godt kan stå på eigne bein utan all mogeleg ekstra staffasje. Evelyn Jons greier nok å syne oss den infame, fandenivaldske Velma, og opningsnummeret hennar med All that Jazz sit som støypt. Men når Glans har vald å satse på overspel, blir dei berande rollene fort pappfigurar og ikkje heile menneske. Det blir lite att til fantasien, og det meste er ferdig togge. Dette blir særs synleg i kontrasten med stykkets antihelt, den forsmådde ektemannen. I eit samfunn der alle ropar, er det den som kviskrar som blir høyrd. Mads Bones er rett nok den einaste med ei menneskeleg rolle i denne oppsettinga, men han er også i stand til å underspele. I ei roleg, neppe den beste songlege, men likevel intens framføring av Mr. Cellophane gir han oss ei gripande og truverdig innføring i korleis det er å leve usynleg i ein parentes. Denne scena hadde ein dimensjon resten av framsyninga mangla.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag 23. mars 2009)

fredag 13. mars 2009

Sanninga om kvinna?

TEATER/DANS

Norma Jeane
Av Helle Siljeholm, Sara Christophersen, Mari Meen Halsøy og Mari Sømme Hammer
Framført av Helle Siljeholm og Sara Christophersen
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

Bildet:
I RETTE ELEMENT: Meredith og den vakre dansaren Sara i eit miljø som høver seg for vellukka kvinner. FOTO: MARI MEEN HALSØY

Ei utforskande, leikande, særs humoristisk og litt sjangeroverskridande oppsetting.

Fire kvinner med ganske ulik bakgrunn har sett seg føre å presentere sanninga om kvinna. Eller kanskje rettare sagt nokre sanningar om kvinnerolla. To av dei er utdanna i dans og koreografi, den tredje er biletkunstnar og den fjerde sosiolog. Resultatet er blitt ei kombinert teater- og danseframsyning, og tysdag var det urpremiere på Teaterhuset Avant Garden. Det er blitt ein leiken og humoristisk produksjon som neppe pretenderer å fortelle ei fullstendig historie om kvinna, men som med eit særs skrått blikk på kvinnerolla, eller ”the fucking contemporary Cinderella” som dei òg kallar ho, likevel greier å seie ein god del vesentleg.

Av tittelen på framsyninga er det meir enn tydeleg at det er Marilyn Monroe som dannar bakteppet. Hennar historie er i seg sjølv ei synleggjering av kveldens tema, og jamvel om vi berre sporadisk sveipar innom ikonet sjølv, er det ikkje vanskeleg å sjå og dikte inn parallellar frå livet hennar i dette. Framsyninga blir dessutan delvis følgt av projisert tekst, og mye av den er henta frå boka Gloria Steinem skreiv om Marilyn for drygt tjue år sia. Men denne produksjonen er atskillig meir enn berre nok ein hommage til Marilyn Monroe, og står så avgjort på eigne bein.

Meredith (Helle Siljeholm) er ei tilsynelatande verdsvand, monden og tidvis politisk korrekt kvinne som på eit ubetaleleg engelsk fortel, instruerar og guidar oss gjennom framsyninga. Ho er ufrivillig komisk, særs sjarmerande og flørtar hemningslaust med publikum. Hennar prosjekt er å dele røynslene sine gjennom den vakre dansaren Sara (Sara Christophersen) som er ein slags dansens svar på Bo Derek; - den ideelle kvinna! Meredith fortel og instruerer, og Sara visualiserar. Framføringa er sjølvironisk, litt sjølvhøgtideleg i forma, men med stadige formbrot. Den spesielle humoren som gjennomsyrer framsyninga ligg særleg i kontrastane mellom det pompøse og det nesten vulgære.

Tilsynelatande er dette ei relativt upretensiøs og leiken oppsetting, og som eit humoristisk skråblikk på kvinnerolla er ho meir enn vellukka. Men eg trur dei fire bak produksjonen har høgare ambisjonar enn berre å underhalde. I bruken av projisert tekst anar eg at det er sosiologen og biletkunstnaren som freistar å seie noko. Det er ikkje like vellukka, og fell litt mellom to stolar ettersom teksten på eine sida tidvis blir for tydeleg og pedagogisk, og på andre sida litt uforløyst.

Avslutninga blir ei dramaturgisk overrasking. På eitt eller anna tidspunkt raknar draumebildet av den ideelle kvinna, og det meste tar til å gå i oppløysing. Dette vel ensemblet å visualisere gjennom dans, og brotet med den humoristiske fortellinga blir med det total. Vi får med eitt ei heilt anna historie, og kanskje er det røyndomen som har innhenta oss?
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen torsdag den 12. mars 2009.)

mandag 2. mars 2009

Eit draumspel?


TEATER

Disney-Killer
Originalens tittel: The Pitchfork Disney
Av Philip Ridley
Produsert av Studentersamfundets Interne Teater (SIT)
Instruert av Kristofer Blindheim Grønskag
Scenografi: Ingrid Grændsen
Med: Andreas Ven Langø, Mira Dyrnes Askelund, Sigmund Østtveit Størset og Sivert Ericson Aarnes
Knaus, Studentersamfundet i Trondhjem

Bildet:
Survival of the sickest: Cosmo (Sigmund Østtveit Størset) får a moment of pleasure ved å forgripe seg på den sovande Haley (Mira Dyrnes Askelund). FOTO: KARINA NILSEN, UNDER DUSKEN.

Ei tett, velspela og særs dyktig regissert oppsetting som maktar å formidle frykta så godt at du verkeleg kjenner ubehaget.

I samband med avviklinga av ISFiT (International Student Festival in Trondheim), har Studentersamfundets Interne Teater (SIT) sett opp heile to produksjonar. Båe blir spela på engelsk, og imponerande nok er forfattaren av den eine oppsettinga også instruktør for den andre. Kristofer Blindheim Grønskag har skrive Night-days som eit bestillingsverk for ISFiT. Det blei framført i Storsalen i Samfundet. På biscena Knaus har SIT sett opp Disney-Killer av den britiske forfattaren Philip Ridley, og denne produksjonen er instruert av Kristofer Blindheim Grønskag. Eg har sett båe oppsettingane, men vel å konsentrere meg om Disney-Killer.

I mange år har eg hatt gleda av å følge produksjonane til SIT. Rett nok usystematisk, og med altfor mange hol, men eg har både sett eit utal komande skodespelarar, og ikkje minst dyktige instruktørar in spe. To av dei beste teateroppsettingane eg nokon gong har fått med meg, har vore nettopp i Studentersamfundet. For rundt femten år sia sette SIT, i regi av Marit Moum Aune, opp Milkwood på dreiescena i ei nærast genial sceneløysing, og då SIT under UKA ’95 sette opp den første Nattframsyninga (i regi av Marit Moum Aune og Nora Evensen), var det ikkje berre eg som blei imponert. Det vil føre alt for langt å ramse opp alle dei dyktige teaterfolka som har fått grunnutdanninga si i SIT, og jamvel om mange produksjonar sjølvsagt ikkje er like gode, er det jamt over eit særs høgt nivå til amatørteater å vere. Eg skriv såpass omstendeleg om dette fordi eg nok ein gong har fått gleda av å sjå verkeleg stor teaterkunst frå SIT, og om nokon der ute skulle tru at eg i det etterfølgande skriv velmeinande av di dette er amatørar, så er det heilt feil. Produksjonen Disney-Killer kunne forsvare å bli sett opp på dei fleste scener i Norge. Punktum!

Philip Ridley er både romanforfattar og dramatikar i tillegg til at han skriv for lerretet. Han debuterte i 1986, og har etter det vore særs produktiv. Disney-Killer frå 1991 er debuten hans som dramatikar, og har vore sett opp på fleire ulike scener i Norge. Eg har sjølv ikkje sett noko av Ridley tidlegare, men om eg ikkje kjenner forfattarskapen, er det likevel ikkje særleg vanskeleg å sjå kor han vil. Eit syskenpar i tjueåra, Presley (Andreas Ven Langø) og Haley (Mira Dyrnes Askelund) lever i ei naivistisk, barnleg verd, fristeld frå det meste, og i ei dystopisk setting. Foreldra døydde for fleire år sia, og jamvel om dei to unge nå er godt vaksne, held dei fram som barn i sitt eige vesle univers der det i hovudsak dreier seg om sjokolade og nostalgisk lukt av foreldra, der heimen er kosmos, og alt utanfor er eit skummelt og ubestemmeleg kaos vi berre får indikasjonar om. Inn i dette etter måten trygge hiet kjem med eitt Cosmo Disney (Sigmund Østtveit Størset), ein sjølvopptatt Mr. Perfect og makkaren hans Pitchfork Cavalier (Sivert Ericson Aarnes) som ber maske og løyner eitt eller anna frykteleg vi berre kan gjette oss til. Og så er kanskje helvete laus?

Disney-Killer er eit tett kammerspel der replikkane tidvis blir skote fram og attende som mitraljøse-eld. Det er ein svært tekstrik produksjon, og når det heile i tillegg blir framført på eit meir enn forståeleg engelsk, med god diksjon, og framifrå uttale, er det i seg sjølv imponerande. Skodespelarane leverer særs gode og truverdige rolletolkingar. Samspelet mellom Haley og Presley med stadig veksling mellom omsorg og aggresjon, er tett og godt, og den nesten suggestive Cosmo lurar ikkje berre Presley, men kan også forføre publikum.

Jamvel om det er god framdrift og spennande dialogar, er det så avgjort ikkje den ytre handlinga denne framsyninga dreier seg om, men stemninga og settinga. Ridley skriv om og skildrar frykt. Frykt med stor F! Dramaturgien bygger heile tida opp om ei uhyggekjensle, eitt eller anna skummelt og uforløyst. Og det flotte med denne produksjonen er at han er så komplett at det ikkje berre blir godt spel, men regissør og aktørar greier også å få fram ubehaget. Knaus er ei intim og lita scene der det er små avstandar. Som teatermeldar sat eg sjølvsagt på første rad, men kjende heile tida at eg ønska med lenger bak i salen. Eg skal ikkje røpe KVA som skjer, eller OM noko skjer, for det er eigentleg uinteressant. Det spesielle ved denne produksjonen er det han gjer med deg som tilskodar medan han bygger opp til at noko kan eller vil skje. Ikkje ”det vidunderlige” denne gongen, men det forferdelege!

Amund Grimstad