lørdag 12. september 2009

Har vi noko lært?

TEATER

Antigone
Av Sofokles
Omsett av Hans Kristiansen
Regi og bearbeiding: Victoria H. Meirik
Scenografi og kostyme: Dagny Drage Kleiva
Med: Silje Lundblad, Harald Brenna, Hermann Sabado, Ola G. Furuseth, Cici Henriksen, Wenche Strømdahl, Arne O. Reitan, Trond Peter Stamsø Munch, Trond-Ove Skrødal, Hildegunn Eggen og Mona Jacobsen
Trøndelag Teater, Gamle scene

Bildet:
OVERTYDD: Silje Lundblad gir oss ei sterk og overtydd Antigone som likevel er redd for å døy. FOTO: VEGARD EGGEN

Ei nærast komplett oppsetting, - tru mot Sofokles, men likevel så dagsaktuell.

Det er ikkje enkelt å halde greie på alle dei innfløkte slektskaps- og maktforholda i byen Theben der Ødipus tidlegare har gifta seg med si eiga mor, og fått fire born med ho, der sønene hans skal regjere saman, men endar opp med både å gå til krig mot og drepe kvarandre, og der den nye kongen, Kreon, svoger til Ødipus, legg ned forbod mot å gravlegge Polyneikes, den eine av dei avlidne brørne. Dei to systrene til Polyneikes, Antigone og Ismene er båe i mot avgjerda til kongen, men der Ismene vel å bøye seg for makta, vil Antigone følge gudane og eiga overtyding. Når Antigone i tillegg er forlova med Haimon, hennar eigen fetter og kong Kreons son, er den kompliserte intrigen presentert, men neppe særleg forståeleg. Regissør Victoria H. Meirik har difor vald ei pedagogisk opning på ”Antigone” på Trøndelag teater, der det heile blir presentert som videoprojisert dokketeater. Med det slår ho an tonen for dei vidare regivala sine, val som alle er med på å gjere dette til ei særs tydeleg, tidlaus og sterk oppsetting av eitt av verdsdramatikkens eldste, men likevel beste drama.

Etter teksten å dømme er vi definitivt i Theben, jamvel om språket er temmeleg modernisert. Men ved hjelp av scenografien og kostyma til Dagny Drage Kleiva blir handlinga løfta ut av den greske byen og gjort like tidlaus som tematikk og Sofokles sin bodskap. Scenografien er like enkel som han er genial. Tre anonyme plateveggar med eit utal dører dannar tilstrekkeleg scenerom. Dørene gjer at dei mange sceneskifta skjer saumlaust og diskret, og jamvel rydding av scenegolv blir ein integrert del av oppsettinga der aggresjon blir tatt ut på stolar som blir flytta. Kostyma er komplett fargelause, og minst like anonyme som scenografien. Vi kan med andre ord vere kor som helst når som helst. Her blir det heilt tydeleg spela på fleire plan. Og du skal ha svært dårleg assosiasjonsevne for ikkje å sjå parallellar til verdshistorias mange døme på opprør mot autoritetar, opp til sivil ulydnad i vår eiga tid.

Det er særs symboltunge roller dei ulike skodespelarane gir oss. Men Meirik har vald ein lågmælt presentasjon der tvil og uro syner oss at dette ikkje er noko helteepos, men ei oppsetting om heilt vanlege menneske gitt eksistensielle val. Silje Lundblad gir oss ei overtydd og tidvis uredd Antigone som likevel heilt tydeleg er redd for å døy. Det er ikkje vanskeleg å identifisere seg med rolla hennar. Og kong Kreon sjølv, Harald Brenna, blir ridd av uvissa, men tviheld på avgjerda si som ei maktas krykke i redsle for å syne kor svak han eigentleg er, - heilt til det er for seint. Og bakom nærast draperer talekoret (Hildegunn Eggen, Mona Jacobsen og Trond-Ove Skrødal) det heile inn som eit kommenterande og forklårande bakteppe som også fungerer som Kreons samvit. Det er lett og elegant og gir framsyninga nesten ein musikalsk dimensjon. Berre vaktmannen (Ola G. Furuseth) skil seg ut ved ei karikert framtoning det også er lett å kjenne att, ein figur som kontrasterer dei øvrige og gir framsyninga eit moderne tilsnitt, jamvel om makta har hatt lydige skjødehundar og spyttslikkarar til alle tider.

I eit så tekstbasert og tett regiteater som dette, skal ein vere særs varsam med spesialeffektar. Når Meirik nyttar både sterk musikk og ikkje minst videoprojiseringar, kunne det fort ha blitt berre fikse påhitt. I staden gjer store nærbilde av skodespelarane at vi kjem tettare på og nesten under huda på dei konfliktridde personane. Den omlag 2500 år gamle greske tragedien av Sofokles blir i Victoria H. Meiriks regi uhyggeleg dagsaktuell. Ei nærast komplett oppsetting, hundre prosent tru mot Sofokles, men likevel så moderne. Og spørsmålet som rir oss alle etter denne sterke framsyninga er: Har menneska ikkje lært noko på alle desse åra?
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 11. september 2009)

0 Kommentarer:

Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]

<< Startsiden