Er forsoning mogeleg?
TEATER
Frosset
Av Bryony Lavery
Omsett og instruert av Rita Abrahamsen
Scenografi og kostyme: Åse Hegrenes
Lysdesign: Morten Reinan
Med: Trond Peter Stamsø Munch, Mona Jacobsen og Wenche Strømdahl
Trøndelag Teater, Gamle scene

Bildet:
CASE: Er overgriparen berre eit akademisk case for forskaren? FOTO: GT NERGAARD
Er det mogeleg å tilgi dei mest bestialske brotsverk?
I ein iskald scenografi møter vi tre menneske som kvar i høgste grad ber på sitt; - den pedofile seriemordaren, mora til den ti år gamle jenta som blei drepen, og psykiateren som skal tolke gjerningsmannen. Gjennom eit utal tablå følger vi dei tre over eit tidsrom på mange år. Dei har ulike stemmer, men fortellingane deira smeltar etter kvart saman til historia om den ti år gamle Rhona som skulle vitje bestemora ein vakker sommardag, men som aldri kom fram. Om mora Nancy som ventar på dottera i klokkartru på at ho kjem att, og som blir drivkraft i ein organisasjon for forsvunne barn, før drapet etter tjue år blir avslørt og sanninga går opp for ho. Og om den amerikanske, velrenommerte psykiateren Agnetha som kjem til London for både å førelese om forskinga si, og studere tilfellet Ralph på nært hald.
”Frosset” av den britiske dramatikaren Bryony Lavery hadde urpremiere for drygt ti år sia, og har gjort stor suksess i England, men kanskje særleg i USA der det var det mest spela stykket i 2006. I heimlandet til ”vondskapens akse” og der strafferettspleia i stor grad dreier seg om hemn, kan spørsmålet om forsoning bli ganske provoserande. Her heime har vi heldigvis ein meir sivilisert kriminalitetspolitikk, og teaterkunstnarar som Kate Pendry har for lengst bana veg med produksjonar som ”Tales of a Wicked Child”. Så sjølv om Trøndelag teater marknadsfører norgespremieren på ”Frosset” som noko som utfordrar grensene våre, er det lite provoserande i oppsettinga. I staden er det ein etter måten særs nøktern og nærast akademisk tilnærming til problematikken. Utan at forfattaren eller teatret på nokon måte tar stilling til dei tre aktørane, får vi presentert dei med deira eigne historier slik at vi sjølve kan danne oss bilde av kven dei er. Det blir etter kvart relativt enkelt å fatte både mora Nancy (Mona Jacobsen) og den pedofile Ralph (Trond Peter Stamsø Munch) jamvel om Lavery og instruktør Rita Abrahamsen held seg milelangt frå å nytte moraliserande peikefingrar. Nettopp fordi dette er teater i absolutt beste ”show them – don’t tell them”-tradisjon, blir psykiateren Agnetha (Wenche Strømdahl) så vanskeleg å forstå. Der dei to andre er heilt nøkternt presentert, er Agnetha ganske karikert, og fungerer støyande i oppsettinga. Eg var uviss på om dette var eit uheldig regigrep (eg har ikkje lese manus), men finalen tyder på at rolla er skriven slik av Lavery. Det øydelegg etter mi meining den nesten klinisk dokumentariske tilnærminga til handlinga.
Rita Abrahamsen har både omsett og instruert stykket. Språket er munnleg og godt, og aktørane får nytte dialektane sine. Det gir ekstra autentisitet. Abrahamsen nyttar vel lang tid i første akt på å presentere historia. Det kan også bli i meste laget psykiatri, og ikkje riktig så mye teater. Men etter pause tar det atskillig meir av. Ein tilsynelatande så umogeleg situasjon som at mora til offeret møter overgriparen, er gjort så lågmælt og truverdig at det er lenge sia eg har sett ei så sterk scene på teater. Ikkje spesielt provoserande, men intenst og vondt. Og enormt godt framført.
Tittelen på framsyninga spelar på at alle dei tre aktørane har frose seg fast i kvar sine posisjonar. Scenografien til Åse Hegrenes bygger opp under det iskalde og nøkterne, og greier, særleg ved hjelp av den utsøkte lysdesignen til Morten Reinan, å skape rom og stemningar. Bryony Lavery tar opp mange tema i ”Frosset”. Spørsmålet om forsoning eller hemn, om vondskapen er genetisk, om samfunnet er meir opptatt av overgripar enn offer, og om akademias manglande forståing for at bak kvart case ligg vonde kjensler og djupe traume. Resultatet er blitt litt sprikande, og noko uforløyst som teater.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag 11. januar 2010)
0 Kommentarer:
Legg inn en kommentar
Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]
<< Startsiden