onsdag 11. februar 2009

Rundt og rundt


TEATER

Til Panama, til Panama
Basert på tekst av Janosch
Av Inki Storleer
Regi: Ian Magilton
Med: Inki Storleer, Aina Charlotte Totsås og Ian Magilton
Magna Vox Produksjoner, Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

Bildet:
VENER: Den vesle bjørnen og den vesle tigeren slik Janosch sjølv meiner dei ser ut. TEIKNING: JANOSCH

Ei upretensiøs, leiken, litt surrealistisk og ikkje minst underhaldande musikalsk reise.

Inki Storleer, ei av drivkreftene bak det vesle teaterkompaniet Magna Vox i Trondheim, har i ein mannsalder ønska å lage teater av Janosch si bok om den vesle tigeren og den vesle bjørnen som ønska seg til Panama der alt var så mye større og betre. Historia er kjend frå barne-TV på tidleg 80-tal, og nå som målgruppa den gongen er blitt vaksne og foreldre, har Storleer gjort alvor av planane. Det er blitt ei søt og naiv lita musikalsk fortelling som for tida blir spela på Teaterhuset Avant Garden.

Janosch (som er eit pseudonym for Horst Eckert) er ein av Tysklands mest vidgjetne barnebokforfattarar og illustratørar. Fleire av bøkene hans er omsette til norsk, men mest kjend er nok historiene om den vesle bjørnen og den vesle tigeren. Dei har mye sams med andre kjende litterære figurar som til dømes Ole Brumm og Tussi, eller Ludvig og Solan. To ulike typar som kontrasterar og utfyller kvarandre. Den vesle tigeren (Inki Storleer) er naiv og leiken medan den vesle bjørnen (Aina Charlotte Totsås) er klok og traust, - og med veldig trong til å sove. Dei bur trygt og godt i eit skogholt ved elva, men får ein dag ferten av Panama, eit forjetta land med søte bananar. Og med det er draumen vekt. Så legg deg i veg utan heilt å vite korleis dei skal kome fram, og på vegen møter dei ulike dyr, underfundig og humoristisk presentert av Ian Magilton, og som alle fortel at vegen til Panama er til venstre. Om du går lenge nok til venstre, endar du sjølvsagt opp ved utgangspunktet, men når draumen er som sterkast, blir trua likeeins, og dei to er lukkeleg uvitande om at dei eigentleg er heime att.

For den som vil legge ei djupare meining i dette, kan ein tolke inn både livsløgner, dei nye kleda til keisaren, at alt går i ring, eller at dei fleste likar å la seg lure. Men dette er først og fremst upretensiøst og sjarmerande teater utan større intensjonar enn å vere god underhaldning. Stort sett lukkast dei tre på scena med det prosjektet. Dei er leikne og nysgjerrige, naive og ikkje så reint lite søte. I tillegg har dei sydd dei ulike scenene saman med artige musikalske innslag, godt harmonisert og kora, og akkompagnert av eit utal ganske uvanlege instrument. Ikkje noko teater kan bli så interaktivt som barneteater, og i denne produksjonen ligg det masse invittar til dei unge i salen. Nokre av dei er lette å be, og slik kan framsyninga raskt ta til å leve sitt eige liv.

Amund Grimstad

0 Kommentarer:

Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]

<< Startsiden