fredag 12. september 2008

Gravid med Gud


TEATER

Endless Medication
Av Buelens Paulina
Konsept: Marijs Boulogne og Manah Depauw
Framført av Marijs Boulogne og Sara De Bosschere
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

Bildet: Oppblåst: Eit svangerskap med Guds barnebarn skal snart ende med abort. FOTO: NADA ZGANK


Leiken religions- og sivilisasjonskritikk, - og så avgjort ikkje regiteater.

Den vesle belgiske teatergruppa Buelens Paulina serverer i ”Endless Medication” ei frodig og burlesk framsyning som uhøgtideleg harselerer med relativt heilage tema som graviditet, jomfrufødsel og religion, og gjer det på grensa til det blasfemiske. Men bak den humoristiske og temmeleg useriøse forma ligg det intelligent sivilisasjonskritikk så det held. Den ytre historia er om Rosa som ved hjelp av ”the JesusChristMachine” blir gravid, men som etter to-tre månader aborterer på eit like grotesk som humoristisk vis. Men Rosa gir seg ikkje med det. Ho berre VIL ha barn, og påstår etter kvart at ho er gravid på nytt, denne gong med Gud, og med barnet i leggen. Det viser seg å vere rett. Barnet kjem og blir født til evig liv, ikkje fordi det er guddommeleg, men fordi det ikkje er av kjøt og blod, men av plastikk og plastikk! Tittelen på produksjonen syner til at Rosa, etter å ha påstått å vere mor til Guds barn, blir dømd til tvangstrøye og endelaus medisinering.

I form er dette sjølvsagt heilt surrealistisk, særs humoristisk og i høgste grad trash. Det blir abortert, menstruert og avgitt kroppsvæsker og anna avfall i stor monn. Men bak den temmeleg barokke forma, ligg det lag på lag med kritisk blikk på såkalla vestleg sivilisasjon. Det er ein krass kritikk av eit samfunn der det ultimate ved å vere kvinne er å bli gravid. Det er ei openberr harselering med ideen om jomfrufødsel, men i vel så stor grad er det ei utforsking av og leik med kontrastar. Kor går skilnaden mellom religion og gudsspotting? Kan den outrerte religiøsitet ta form som blasfemi? Og for å ta det meir basale, leikar dei to seg også med kontrasten mellom reine og ureine kroppsvæsker på eit område der harselasen med pornografiens klisjear ligg snublande nær. Heile tida blir det nytta eit utal religiøse og andre metaforar som gir oppsettinga både dobbel og trippel botn.

Dei to skodespelarane Marijs Boulogne og Sara De Bosschere nyttar eit scenespråk som i alle fall tilsynelatande verkar å vere langt frå regiteater. Med trekkspel og song, enkle rekvisittar, og særs lettfatteleg og tydeleg overspel leikar dei seg hemningslaust med kvinne- og morsrolla og med religiøse metaforar i ei både hysterisk morosam og på same tid djupt alvorleg oppsetting.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen fredag 12. september 2008)

Når alt skal med


TEATER

LIGGE I GRØNNE ENGER
Av Anne B. Ragde
Dramatisert og instruert av Otto Homlung
Scenografi og kostyme: Milja Salovaara
Med: Tone Mostraum, Jakob Margido Esp, Trond-Ove Skrødal, Øyvind Brandtzæg, Jan Erik Berntsen med fleire.
Trøndelag teater - hovudscena

Bildet: Skal, skal ikkje. Torunn (Tone Mostraum) blir riven mellom stavnsband og ønsket om eit betre liv. FOTO: GT NERGÅRD


Ei endelaus rekke tablå der alt er like viktig, og der ein aldri tar seg tid til å dvele ved noko.

Eit skeivt hus heng over scena som ei påminning om ein skakkøyrd gard, om fedrane (eller rettare mora) sine synder, om stavnsband og odelsbinding. Den scenografiske løysinga til Milja Salovaara fortel oss tydeleg at det meste har gått gale på garden Neshov på Byneset. Og der Berlinerpoplene hadde ei god blanding av tragedie og humor, er oppfølgaren Ligge i grønne enger definitivt langt svartare i innhald.

Vi tar til med sjølvmordet til Tor, far til Torunn (Tone Mostraum), og jamvel om vi både titt og ofte er innom situasjonskomikk med homseparet frå København, er det Torunn si baling med valet mellom stavnsband og skuldkjensla til faren på eine sida, og eit anna og betre liv på den andre som er den grunnleggande fortellinga. Om Otto Homlung hadde konsentrert seg om denne problematikken, kunne dette kanskje ha blitt ei interessant historie. Første bod for både forfattarar og dramatikarar er ”kill your darlings” og å konsentrere seg om det som er viktig. Det har så avgjort ikkje skjedd i denne oppsettinga. Ho er i staden blitt ei endelaus opphoping av uforløyste tablå der alt skal med, og der kvar einskild scene blir avslutta så raskt at ein ikkje heilt forstår kva som var meininga. Historiene om ei lita jente, om offerlam i kyrkja og om den tyske soldaten er tre scener som eg vil tru eigentleg er ganske viktige både dramaturgisk og for forståinga av fortellinga. Men her blir dei så stutte at dei blir fullstendig meiningslause.

Det er mang ei odelsjente som har lidd same kvalar som Torunn, men jamvel om Tone Mostraum gjer ein god jobb for å freiste å gi liv til gardjenta på Byneset, blir ho diverre statist i alle dei ulike tablåa. Homseparet frå Danmark, som i Berlinerpoplene blei ei artig kontrastering, tar nå heilt over, og bringer i tillegg med seg fire andre danskar. Når halve ensemblet skal snakke dansk på ei norsk scene, blir det tidvis både uforståeleg og litt i overkant.

Med eit utal sceneskift og minst like mange tablå, er for så vidt sceneløysinga logisk, men ikkje særleg spennande. Bord, seng og liktrille blir rulla ut og inn medan det skeive våningshuset heng dystert over scena. Ensemblet gjer mange gode einskildprestasjonar, men ettersom alle opptrinna blir så korte og uforløyste, får aktørane lite å spele på, og mange av dei blir difor litt for sjablongaktige.

Oppsettinga av Berlinerpoplene blei ein formidabel publikums- og kassasuksess. Om ho ikkje var stor dramatikk, så var det i alle fall ei god historie og framifrå underhaldning, og med ein dramaturgi som nådde eit absolutt klimaks i finalen. Slik er det diverre ikkje denne gongen. Det som kan vere ei god historie i Ligge i grønne enger druknar i eit utal sprikande tablå. Og etter eit antiklimaks av ein finale, spør eg meg sjølv kva det eigentleg var teatret freista å fortelle.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen torsdag 11. september 2008)

lørdag 6. september 2008

Så mye aggresjon!

TEATER

KULDE
Av Lars Norén
Omsett av Martine Løkholm
Regi: Marit Moum Aune
Med: Torgeir Reiten, Ole Martin Aune Nilsen, Mads Bones og Hermann Sabado
Trøndelag teater, Gamle scene

Bildet: Ikkje vakkert: Når Kalle kjem, får dei tre nynazistane ein å ta ut aggresjonen på. Foto: GT Nergård


Kulde er ein usminka situasjonsrapport frå eit miljø som kan vere nærare deg enn du trur.

Trøndelag teater opnar haustsesongen med ei sterk og særs kontrastfylt oppsetting, ein produksjon som for nokon kan vere ein vekkar om ein røyndom dei helst ikkje vil vite av, og for andre ei inspirasjonskjelde til rasisme og grov vald. Her er rom for mange tolkingar, og det tener instruktøren Marit Moum Aune til stor ære at ho har halde seg frå ei kvar form for moralisering eller anna politisk vinkling, jamvel om ho sikkert har kjend lysta både titt og ofte. For Kulde av Lars Norén handlar om nynazisme, rasisme og rå vald, presentert som ein usminka situasjonsrapport frå eit miljø som kan vere nærare deg enn du trur.

Tre kameratar skal feire at skulen er slutt. Dei er Keith (Torgeir Reiten), leiaren som er dropout, men likevel intelligent og relativt kunnskapsrik, og ideologen av dei tre. Tøff, muskuløs, aggressiv, verbal, men også mjuk når det kjem til det nære. Keith rular, og gjer det ved å skape ei blanding av frykt og tilbeding frå dei to andre. Anders (Ole Martin Aune Nilsen) er også macho, nesten sjukeleg opptatt av å bli akseptert av Keith, men ufrivillig komisk fordi han ikkje strekk til intellektuelt. Ismael (Mads Bones) er den mest samansette av dei, med muslimsk bakgrunn, ein far i fengsel, og når det kjem til stykket eigentleg mest opptatt av maten. Dei tre er ute i skogen der dei drikk ein masse øl medan dei pratar om alt og inkje, daglegdagse ting, stadig kontrastert av litt uskuldig valdeleg leik, mye aggresjon mot makt, system og ”alle dei andre”, og nazihelsingar og kamp om kven som er størst i kjeften. Denne presentasjonen av det nynazistiske miljøet er ein tidvis humoristisk introduksjon til ei subgruppe som kan verke relativt ufarleg og ganske stakkarsleg sjølv om meiningane deira er groteske nok.

Men så kjem Kalle (Hermann Sabado) på veg til sin eigen eksamensfest. Han blei adoptert frå Korea då han var to år, er vakse opp i Norge, men sjølv om han ikkje kjenner annen kultur enn den norske, har han likevel litt annan utsjånad. I tillegg er han nok atskillig meir vellukka intellektuelt og økonomisk enn dei tre. Både etnisk og på andre vis blir han difor representant for ”dei andre”, - alt som aggresjonen kan vende seg mot. Når Kalle kjem, blir det brått alvor, ikkje med ein gong, men gradvis, og vi får både det ideologiske fundamentet til Keith i klårtekst, eit resonnement som sjølvsagt er fullt av hol, men som blir framført så verbalt forførande at det bør skremme dei fleste. Og vi får valden! For Keith nøyer seg ikkje med prat. Det blir valdeleg, rått og vondt. Meir skal eg ikkje røpe, og korleis det går, er heller ikkje det viktige, men kva for mekanismar som blir utløyst undervegs, og korleis den eine handlinga kan ta den neste.

Som eit dramaturgisk grep for både å skape framdrift og synleggjere kva og korleis dette miljøet er, spelar Marit Moum Aune på kontrastar i alle fasettar frå val av scene til dei små detaljane i dialogen. Trøndelag teaters gamle scene med fløyelsmjuke sete og gullmåla dekorasjonar skapar ein scenografisk motsetnad til den brutale nynazismen. I full tillit til tekst, skodespelarar og publikum, har Moum Aune valt ei så godt som naken scene der dialog og spel rår grunnen åleine. Det er ei tekstrik framsyning, og Martine Løkholms omsetting er god og særs truverdig. Dei fire på scena meistrar både dialog og den stadige vekslinga mellom det brutale og det meir kjenslevare på eit utmerka vis. Dei står så godt til kvarandre, og det heile verkar så ekte at Moum Aune har gjort det uvanlege å ta regigrep også for det som skjer etter framsyninga for å understreke at dette er teater, dette er illusjon og ikkje røyndom, sjølv om det kunne ha vore det.

For å understreke det samansette i desse personane, kontrastane mellom det valdelege og det menneskelege, vekslar oppsettinga mellom brutal action og rask dialog på eine sida, og langt meir kontemplative og dvelande parti på den andre. Dette er eit naudsynt regigrep for å få fram det motsetnadsfylte, men også eit ørlite dramaturgisk problem fordi det gjer at framsyninga tidvis stoppar litt opp og mistar noko av framdrifta.

Kulde er ei framsyning om nettopp mangel på varme, kjærleik, medkjensle, empati og alt det som gjer oss medmenneskelege. Det er ein stygg presentasjon av kva som kan skje når behovet for street cred og ønsket om å bli sett tar outrerte former, når kjensla av å vere utafor blir så sterk at vanlege moralske sperrer ikkje lenger gjeld. Men det er samstundes ein produksjon som ikkje på noko vis freistar å demonisere nynazistane, kanskje tvert om. Framsyninga gir innsikt og reiser eit utal spørsmål, men ikkje noko svar. Dei må vi gi sjølve. Om vi kan.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 5. september 2008)