fredag 22. september 2006

Eit gløymd opprør

TEATER

Raud vinter
Av Torvald Sund
Musikk: Knut Anders Vestad
Regi: Arnulf Haga
Scenografi: Monica Nestvold
Torvteatret, Levanger

Ein lite påakta del av norsk historie har fått sitt songspel, - og det var på høg tid.

Den moderne nasjonsbygginga i Norge tok til i 1814, men det demokratiske prosjektet tok først for alvor fatt med Thranerørsla rundt 1850. At agitasjonen til Marcus Thrane blei møtt med fengsling, og endte med emigrasjon til USA, er godt kjend. Men at fengslinga av ein av Thranes agitatorar i Levanger i februar 1851 førte til opprør og militær unntakstilstand med det resultatet at fleire av dei lokale rebellane fekk seks til ni års straffarbeid på Akershus, er langt frå del av allmennkunnskapen i kongeriket. Nå har denne dramatiske hendinga fått sitt songspel, og ut denne månaden står Levanger på hovudet for å dokumentere at byen for 155 år sidan stod i revolusjonens første rekke, og skapte overskrifter i aviser over heile verda.

I februar 1851 kom verdsrevolusjonen til Levanger. Thranittaragitatoren Carl Johan Michelsen held møte for å skipe arbeidarforeining, og for å agitere for allmenn røysterett, og det som vi i dag ser som heilt sjølvsagte demokratiske rettar. Dette blei for dryg kost for borgarskapet i Levanger, og Michelsen blei fengsla. Men der gjorde proprietær og lensmann opp rekning utan vert. Arrestasjonen førte til eit opprør som sette Levanger på hovudet og verdskartet i tre dramatiske døgn i februar 1851. Det blei sjølvsagt eit nederlag, og alle leiarane fekk lange tukthusstraffar. Men opprøret gav gjenlyd, og varsla om kva som ville kome. Om dette skreiv Åke Jünge boka ”Tre dagar i februar” i 1994. Nå har forfattaren Torvald Sund saman med komponisten Knut Anders Vestad skrive eit songspel om dei dramatiske dagane, og laurdag var det premiere på det same torget der slaget stod for 155 år sia.

Songspelet til Sund og Vestad er tru mot det historiske bakteppet, men har lagt inn ei kjærleikshistorie for å krydre det heile. Det er blitt eit poetisk og vakkert lite spel i spelet, men eg er uviss på om ei så sterk hending treng slik krydring. Handlinga går føre seg på to plan, - det er det rasande opprøret til massane i Levanger mot ein uvanleg arrogant proprietær og valdsmakta hans, og det er altså kjærleikshistoria til to av dei sentrale opprørarane, tenestejenta Birgitta og skreddaren Paul Olsen.

Drygt 100 lokale amatørar utgjer det meste av ensemblet, og i dei mange masseopptrinna har instruktør Arnulf Haga gjort ein god jobb i å få fram raseriet og opprørstrongen. Her er det god personinstruksjon, synkronisering og koreografi. Like vellukka er ikkje all dialogen som tidvis ber litt for sterkt preg av at dette er amatørar. Men framsyninga står seg på at tre av dei sentrale aktørane syner gode sceneprestasjonar. Eg er skeptisk til kjærleikssoga, og ho var noko klisjeprega, men blei varmt og vart framstilt av Gunhild Sundli og Jon Asle Tronstad. Og Ingrid Elise Andersen synte eit stort register som Sild-Anna, eit fandenivaldsk kvinnfolk som berre vaks seg større og større gjennom framsyninga. Musikken til Vestad kler oppsettinga godt, men han er vanskeleg å synge, og det slit mange av aktørane med.
Raud vinter er eit imponerande dugnadsprosjekt som ikkje berre er Levanger si kollektive historie, men ein viktig del av Norgeshistoria. Det som nå blir spela på torget i Levanger, er noko uferdig både når det gjeld tekst, scenografi og spel. Men med litt justering, omarbeiding og betre personinstruksjon, har dette i seg stoff til å bli noko meir enn berre eitt av mange lokale spel.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 20. september 2006)

onsdag 6. september 2006

Om livet, rett og slett!

TEATER

Pingvinhjelpen
Av Erlend Loe
Regi: Anne Marit Sæther
Scenografi og kostyme: Gilles Berger
Musikk: Martin Smidt
Dei som er med: Marianne Meløy, Hildegunn Eggen, Stian Hovland Pedersen, Hans Petter Nilsen m.fl.
Trøndelag teater – Gamle scene

På sitt lågmælte, humoristiske og framleis naivistiske vis, får Erlend Loe formidla mye moral utan å bli moralistisk, og samstundes gir han prompehumoren ein velfortent renessanse.

Då Trøndelag teater for tre år sia sette opp Kurt koker hodet av Erlend Loe, blei det ein formidabel suksess. Ei særs medverkande årsak til det, var at regi og scenografi var ved duoen bak Cirka Teater, Anne Marit Sæther og Gilles Berger, og med Martin Smidt som komponist. Never change a winning team, heiter det, og slik har nok teatret tenkt når dei nå set opp eit nytt stykke av Erlend Loe. Same trekløveret er hyra inn for å ta hand om regi, scenografi og musikk. Det har vore eit lykkeleg val, for Pingvinhjelpen, som hadde urpremiere onsdag, er blitt prima teater for både barn og vaksne, - og særleg foreldre.

Ei gamal devise som skulle vere vel kjend for lesarar av denne avisa, er at det er rett å gjere opprør. I følge Erlend Loe, gjeld det og for ungar. Og i den settinga vi blir tatt inn i, er det ikkje vanskeleg å seie seg samd i det. Lone (Marianne Meløy) bur i ein strigla heim der foreldra (Hildegunn Eggen og Stian Hovland Pedersen) er opptatt av fasade, ting og at alt skal vere rett. Dei lever eit utvendig liv der det er lite rom for leik, varme og kjærleik. Lone skal vere tekkeleg og spele piano, men er elles ganske usynleg for foreldra. Vi kjem rett inn i førebuingane til eit middagsselskap som skal vere temmeleg A4, men som etter kvart tar ei heilt anna retning.

Eg skal ikkje eingong freiste å avsløre kva som skjer, til det er handlinga alt for surrealistisk, men berre fortelle at med eitt står det ein lys levande keisarpingvin med namn Bismarck på spisebordet. Og med det er vi i gang med fetisjisme, analhumor, militære nedbrytingsmetodar, restaurering av foreldre, øydelegging av det materielle og uendeleg mye meir! Oppi det heile finn vi parallellar til både dokumentarfilmen om keisarpingvinane og til innvandringspolitikk. På sitt litt lågmælte og framleis ganske naivistiske vis greier Erlend Loe å sy saman eit konglomerat av innfall og undertekst til ein herleg familiekomedie om noko så banalt og enkelt som at livet handlar om kjærleik og ikkje om ting. Midt oppi eit etter kvart ganske vulgært opprør, der prompe- og bæsjehumoren får ein formidabel renessanse, greier Loe likevel å seie vesentlege ting utan å bli moralistisk.

Anne Marit Sæters regi er vanlegvis prega av det visuelle. Denne gongen er det atskillig meir tekst, synkronisering av entre og sorti, og ein god porsjon koreografi. Det blir spela komedie i høgt tempo, og Sæther syner at ho også meistrar denne sjangeren. Men samstundes greier ho å flette inn poetisk og visuelt teater, spesielt ved ein utsøkt bruk av velkoreograferte, synlege sceneskift. Personinstruksjonen er også framifrå. Marianne Meløy greier å framstille ungjenta Lone på eit særs truverdig vis, og får rikeleg høve til å ause av det store registeret sitt. Og Hans Petter Nilsen imponerar som pingvin med rørsler og koreografi som tyder på grundige pingvinstudiar. Dramaturgisk har produksjonen eit ørlite problem i starten av andre akt, men det er lite å skrive heim om ettersom oppsettinga rett etter formeleg eksploderar i ein uvanleg vakker syntese av scenografi, lys og musikk.

Scenografien til Gilles Berger var denne gongen atskillig meir diskret enn han plar vere. Det heng sjølvsagt saman med at Gamle scene set klåre grenser for kva som er fysisk mogeleg. Ein stilig, men litt sjellaus retroheim, og nokre enkle mekaniske saker på rommet til Lone, i tillegg til ein artig bruk av rekvisita i to målestokkar. Utsøkt som alltid, men altså meir forsiktig enn vanleg, - trudde eg. For i slutten av første akt tar scenografien til å løyse seg opp, for så i midten av andre akt å gjennomgå ein fullstendig metamorfose der det stilege husveret med eitt blir eit islandskap i Antarktis! Og med eit musikalsk bakteppe der Martin Smidt verkeleg syner kva han er god for, blir matauken til ho-pingvinane ei poetisk, visuell og særs vakker oppsetting i seg sjølv. Og medan eg skriv om det visuelle, må eg få med at Espen Høyem og Turid Bjørnsen har laga pingvin og flodhest som er til forveksling lik originalane.

Pingvinhjelpen er ein mangefasettert oppsetting som både er humoristisk, varm, vulgær, intelligent, plump, moralsk, vakker og mye meir på same tid. Det verkeleg imponerande er at Loe får alt dette til å dra i same retning. For som Lone heilt korrekt oppsummerar til slutt, handlar framsyninga ganske enkelt om livet, rett og slett.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 4. september 2006)