tirsdag 28. februar 2006

Trua på mennesket


TEATER

Les Misérables
Av Alain Boublil og Claude-Michel Schönberg
Omsett av Bjørn Endreson
Regi: Bjørn Sæter
Koreografi: Lindsay Dolan
Scenografi: Per-Olav Austdahl
Kostyme: Mia Runningen
Arrangement og musikalsk leiing: Åsmund Flaten og Trond Hustad
Med: Erik Wenberg Jacobsen, Paul Ottar Haga, Evelyn Jons, Stephen Brandt-Hansen med fleire
Trøndelag teater – hovudscena

Bildet: FYRVERKERI: Samuel Lilleberg Suphellen, i rolla som Gavroche, tok Trøndelag teater med storm . Foto:Lasse Berre

Les Misérables er Trøndelag teaters størst løft nokon sinne. Og la det vere sagt med ein gong; det ber!

Les Misérables har alt. Stykket er, ikkje utan grunn, blitt kongen av musikalar, og eg kjenner knapt nokon som ikkje har vore i London (eller ein annan by for den del) og sett han minst ein gong. Mange var det og som fekk med seg framsyninga på Det norske for atten år sia. Oppsettinga er allemannseige, og korkje publikum eller dei som sit på rettane vil ha tukling med originalen. Alt skal godkjennast frå omsetting, musikalske arrangement, kostyme, scenografi og til detaljar som skrifttypane i programmet! For eit stykke som mellom anna handlar om at det er rett å gjere opprør, blir denne ekstreme kontrollen temmeleg paradoksal. Og det er sjølvsagt ein enorm kunstnarleg utfordring for dei som vil noko meir enn å lage norske blåkopiar. Trøndelag teater har likevel fått lov til ei viktig endring ved at orkesteret er redusert frå 24 til 12, og det har resultert i nye arrangement. Når eg nyttar så mye plass på å skrive om detaljstyringa frå London, er det for å gjere tydeleg at rammene for å sette opp denne musikalen er atskillig snevrare enn for vanleg dramatikk, og det er med dette som bakgrunn ein må vurdere oppsettinga.

Dei fleste kjenner historia som er basert på boka Les Misérables av Victor Hugo, ein av dei første store sosiale og politiske romanar som skildra fattigfolk og undertrykte som heile menneske som gjorde rett i å gjere opprør. Eg har freista å lage eit stutt resymé for dei uinnvigde, men denne historia er så omfattande og mangefasettert, og intrigen så komplisert, at det er umogeleg på avgrensa plass. Difor berre ei stikkordsmessig oppsummering (som likevel blir lang nok) for å sette tid, stad og noko av tema. Vi er i det revolusjonære Frankrike rett etter Napoleonskrigane og før Pariskommunen. Jean Valjean (Erik Wenberg Jacobsen) har sete 19 år i fengsel for å ha stole eit brød, og blir sett fri med meldeplikt til den meir enn nidkjære politimannen Javert (Paul Ottar Haga). Gjennom fire tablå møter vi vår mann att i ulike sosiale, kjenslemessige og politiske settingar. Gjennom ei skilsettande oppleving med ein biskop som syner Valjean nåde for første gong, bestemmer han seg for å bli eit godt menneske, og neste gong vi ser han att, har han arbeidd seg opp til å bli ordførar og fabrikkeigar. Men fortida og politimannen Javert innhentar han stadig, og han blir heile tida stilt overfor eksistensielle avgjerder. Bakteppet er fattigdom, revolusjon, kjærleik, hemn, svik, nåde og alt som skal til for å lage god dramatikk.

Bjørn Sæter har ansvaret for regien. Jamvel om rammene er tronge, så er det rom for ei viss dramaturgisk tilpassing som til dømes kva for vekt ein legg på dei ulike tablåa. Oppsettinga er stram, det er imponerande sceneskift, det er synkront til det fullkomne, og det er ei god blanding av suggererande masseopptrinn og rolege passasjar. I det store og heile kjem Sæter meir enn godt frå arbeidet. Men på nokre område kunne dette ha vore gjort annleis. Historia er mangslungen og intrigen komplisert, og du skal følge godt med for å få med alt. Ei tidleg scene der Fantine, ei av dei tilsette i fabrikken til Valjean, blir sparka av di ho ikkje lar formannen få vilja si, er heilt avgjerande for dei seinare vegvala til Valjean. Han meiner han svikta Fantine, og nærast som eit sonoffer tek han på seg oppgåva å fostre dottera hennar. Denne scena blir berre ei av mange i ei slags vareopptelling der det i starten går litt over stokk og stein før framsyninga finn roen og rytmen og kjem i gong. Les Misérables er, i tillegg til å vere eit mektig revolusjonsepos, også eit stykke om viktige eksistensielle val og trua på menneskeverdet og det gode i mennesket. Når Valjean gong etter gong tar tunge avgjerder, og når Javert etter kvart tar livet sitt, så er dette dramaturgiske høgdepunkt som i denne oppsettinga ikkje blir gitt nok rom og som endar opp i ei samling av likt og ulikt. Berre når Valjean oppdagar sin komande svigerson sterkt skadd på barrikadane, får Jacobsen tid og høve til verkeleg å få fram kjenslene. Eg stiller og spørsmål ved framstillinga av ekteparet Thénardier som overspela og parodiske i staden for det ynkelege krapylet dei i røynda er.

Les Misérables er ei mektig framsyning med store flotte masseopptrinn jamvel om ensemblet ”berre” tel 27. Ein stor del av æra for dette skal koreografen Lindsay Dolan ha. Det er velkoreografert, men likevel halde i diskrete taumar. Men det verkeleg spektakulære ved denne oppsettinga, er scenografien. Per-Olav Austdahl har gjort eit imponerande arbeid med effektiv bruk av dreiescene, ei fast bakgrunnskulisse, og alt det teaterverkstaden kan stille til rådvelde. Utan å bli pålessa, er det hyppige og presise sceneskift som gir akkurat den rette bakgrunnen. Med fabelaktig hjelp av lysdesignaren Eivind Myren tryllar Austdahl fram situasjonar og stemningar. Det gjer også Åsmund Flaten og Trond Hustad som er musikalske leiarar og har nyarrangert det heile for mindre orkester.

Trøndelag teater har hatt ein tendens til nynorskfobi, men heldigvis ikkje denne gongen. Teatret har nytta den eminente nynorskomsettinga til Bjørn Endreson, og det gjer tekstane meir songbare. Aktørane finn seg vel til rette i språkdrakta og det er faktisk uråd å høyre at Evelyn Jons (som spelar Fantine) er svensk. Ensemblet er veldrilla og kan sine saker. Ikkje minst er det fylt av særs gode songarar frå dei yngste amatørane til den det heile dreier seg om. Erik Wenberg Jacobsen er komfortabel og trygg i rolla som Valjean og har ein stemmeprakt og eit register som er imponerande. Han er først og fremst songar, men i tidlegare roller som Judas i Jesus Christ, og sist som Che Guevara i Evita, har han synt særs gode taktar også som skodespelar. Her slår han ut i full blomst. Vi ser det til dømes i det tidlege møtet med biskopen og nåden der Jacobsen ikkje seier stort, men der vi les det heile i andletet hans. Og samspelet med Paul Ottar Haga, som har motsett bakgrunn og først og fremst er skodespelar, er særs fruktbart. Haga syner seg som ein meir enn habil songar, og dei to står utmerka til kvarandre. Stephen Brandt-Hansen har same bakgrunn som Jacobsen, og har i fleire tidlegare oppsettingar slite som skodespelar. Her verkeleg trør han til som leiar for dei revolusjonære studentane i Paris i oppsettingas mektigaste og mest suggererande scene. Det er uråd å nemne alle i eit ensemble som struttar slik av energi og speleglede. Men ein verkeleg bonus var det å sjå og høyre den berre elleve år gamle Samuel Lilleberg Suphellen i rolla som Gavroche. I eit fyrverkeri av ei rolle tok guten salen med storm og sjarmerte oss alle trill rundt!

Trøndelag teater har gjort sitt største kunstnarlege og økonomiske løft nokon sinne med denne oppsettinga. Interessa er så stor at framsyninga alt i realiteten er utseld. Det er likevel godt å kunne melde at det kunstnarlege også er meir enn berekraftig. Det er blitt ei heilstøypt framsyning med stort trøkk, velkoreografert, med godt spel og først og fremst framifrå musikalske og songlege prestasjonar.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag 27. februar 2006)

onsdag 8. februar 2006

Ungdom på leit


TEATER

FANTASTISKE PEPSI LOVE
Av Frode Sander Øien
Musikk: Hans Magnus Ryan
Regi: Jon Tombre
Scenografi og kostyme: Per Kristian Solbakken
Foto/video: Charlotte Blom
Med: Kyrre Hellum, Evy Kasseth Røsten, Cici Henriksen med fleire

Trøndelag teater – Studioscena

Bildet: DRAUM: Joakim (Kyrre Hellum) vil skrive noko fint, men blir det med draumen? Foto:Charlotte Blom


Premiera på Fantastiske Pepsi Love av Frode Sander Øien gav lovnadar om ein forfattar som har forstått mye av dramatikkens eigenart utan før å ha skrive for teater.

Trøndelag teater har eit prosjekt for å få fram ny norsk dramatikk. Det er eit meir enn prisverdig tiltak, for det er mange dyktige forfattarar der ute. Ein av dei heiter Frode Sander Øien. For fem år sia gav han ut boka Fantastiske Pepsi Love. Nå har han sjølv dramatisert boka for teater, og fredag var det urpremiere.

For meg blei dette ein slags Short Cuts på teater; mange ulike historier som dels grip inn i kvarandre, men som først og fremst skildrar ein ungdomsgenerasjon på leiting etter haldepunkt i livet, - etter kjærleik, karriere og den kortvarige gleda i dopen for å nemne nokre av tema vi er innom. Og det er skilsmissebarna som kan fortelle om ein foreldregenerasjon som svikta. Dette er teater om, for og av ungdom, - meir trur eg ikkje det er verd å seie om handlinga. For det er eigentleg ikkje innhaldet i seg sjølv som gjer dette så bra, men dei bilda forfattaren saman med skodespelarar, lyd, lys, projeksjonar, scenografi og regi greier å mane fram. Det er sjeldan å sjå ei framsyning som så klårt er ei verkeleg syntese av alle dei før nemnde elementa.

Per Kristian Solbakken sin scenografi er naken, kald og nesten steril, men i samspelet med lysdesignen til Eivind Myren og ikkje minst foto- og videoillustrasjonane til Charlotte Blom, blir det skapt eit utal ulike scener utan forstyrrande sceneskift. Musikken til Hans Magnus Ryan er tidvis nesten suggestiv, og gir driv og framdrift i oppsettinga. Det i hovudsak særs unge ensemblet ser ut til å finne seg vel til rette i stoffet, og går ut og inn av dei mange ulike rollene ubesværa og med høg presisjon. Den berande figuren er Joakim, spela av Kyrre Hellem. Han er kanskje den mest stillferdige på scena, men likevel særs tydeleg og tilstades. Evy Kasseth Røsten gir ei uvanleg sterk tolking av livet på catwalken, og Cici Henriksen viser at det lågmælte spelet ofte kan vere det mest synlege.

Jon Tombre har regien, og her ser ein klåre spor frå suksessframsyninga Lilleskogen for to år sia. Der Øien ikkje når heilt fram, kompenserer Tombre, og stundom er regissøren meir synleg enn forfattaren. Oppsettinga er stram, det er utmerka personinstruksjon og særs god timing. Men det manglar ein dramatisk nerve. Det er for mange historier, det skortar ein del på dramaturgien og oppsettinga blir litt uforløyst. Men for all del, - Frode Sander Øien er ein lovande debutant. Han er ingen ferdig dramatikar, men syner tydeleg at han er ein forfattar som skjønar scenespråket og som tenker i bilde og tablå.. Det er godt å vite at Øien alt skriv på eit nytt stykke for Trøndelag teater.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag 6. februar 2006)

Life of Brian som gateteater

PERFORMANCE

FunnySorryJesus
Av og med Baktruppen
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

Stuttversjon av Bibelen som gateteater der det meste er snudd bak fram. Det blir humor av slikt.

Det er underleg korleis små endringar frå det normale og tilvante kan gjere at det oppstår uventa og særs komiske situasjonar. Og det er endå rarare kor lite som skal til for å more ein, når berre situasjonen legg opp til det. Slik tenker eg etter å ha vore på sesongopning på Avant Garden i helga. Baktruppen har gjesta Teaterhuset med ei framsyning der dei snur opp ned på det vante når det gjeld tilhøvet mellom scene og sal. Og plutseleg oppstår det urkomisk teater av inkjeanande forbipasserande statistar.

Det vesle annleisgrepet Baktruppen gjer, er ikkje anna enn å spele på gata medan publikum sit benka bak panoramavindauga i teaterkafeen. Mens vi ventar på at det heile skal ta til, ser vi folk haste hus forbi, oppdage oss og stoppe opp. Meir skal det ikkje til for å gi oss eit kvarters humoristisk intro til det som er litt meir regissert. Men berre litt. For Baktruppen har laga sin eigen sjanger som gjer det vanskeleg å vurdere dei ut frå tradisjonelle målestokkar. Om du meiner at det dei presenterer er for enkelt, så kan dei gøyme seg bak at det skal vere slik. Dei er forfriskande frekke, annleis, men også tidvis litt lettvinte. Slik også denne gongen. Når dei endeleg kjem i gang, får vi først ei uredigert oppsummering av det vi alle har sett på gata, deretter amatørmessige allsongar i beste (eller dårlegaste festsongtradisjon), og til slutt ei søkt, men sjarmerande lenke mellom asfalt og Moses. Om det er oss, seg sjølve, eller teatret dei peikar nase av, skal eg ikkje seie, men så langt var ikkje dette særleg imponerande.

Men så kjem Bibelen på bordet, og vi får ein slags stuttversjon av skapinga, syndefallet, Moses, det siste måltidet og himmelfarten. Det er Life of Brian som gateteater, det er forfriskande frekk bruk av effektar, det er uventa gags, og intelligent humor i beste Monty Python-tradisjon. Med den pågåande blasfemidebatten som bakteppe, er dei meir aktuelle enn planlagt, men sjølv om parodiane er frodige og burleske, er dei ikkje eigna til å forarge nokon. Ikkje på gata i Trondheim i dag. Det er nesten synd, for det hadde vore fantastisk om ein trongsynt kristenfundamentalist tilfeldigvis hadde gått forbi.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 6. februar 2006)