lørdag 27. november 2004

Om heltar og offer

PERFORMANCE

Duell: Sons of Liberty 2
Av Sons of Liberty
Regi: Veit Sprenger
Scenografi: Anja Lisa Rudka
Med: Lisa C. B. Lie og Stina Kajaso
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

Performanceteater som ikkje heilt greier å foreine sterke tekstar med fysisk framføring.

Etter endt skodespelarutdanning ved Akademi for Scenekunst i Fredrikstad, har dei to unge aktørane Stina Kajaso frå Stockholm og Lisa C. B. Lie frå Trondheim like godt laga sitt eige teaterkompani; Sons of Liberty. Deira første fullproduksjon hadde urpremiere i Trondheim onsdag. Det er ei heilaftens performanceframsyning der dei leikar seg med og utforskar tradisjonelt fortellarteater, slapstick, enkel koreografi og andre teaterformer i ei nytolking av helte- og offerrolla med klåre assosiasjonar til kjende teikneseriar og filmar. Om dette høyrest ambisiøst og vanskeleg ut, så er det rett. Det er blitt ei ganske sprikande og litt uferdig framsyning som hadde stått seg på strammare regi, betre personinstruksjon og litt meir kresen haldning til kva som skal framførast. Men trass i mange lyte har produksjonen likevel så mye positivt og sjarmerande ved seg at han fortener både publikum og omtale.

Framsyninga er ei lang rekke tablå av likt og ulikt. Det er ei relativt politisk og kritisk oppsetting som er innom mange tema, men først og fremst død, sex og vald, - ei tabloidisert form for havet, døden og kjærleiken. Lisa C. B. Lie debuterte som lyrikar for fire år sia, og kjem med ny bok på Oktober til våren. I samband med 20-årsjubileet til Teaterhuset Avant Garden tidlegare i haust, las ho tekstar frå boka. Det gav denne meldaren hakeslepp! Og det er noko tilsvarande med tekstgrunnlaget i denne oppsettinga. Når vi får reint fortellarteater der tekstane kan vere ei trivialisering av det ekstremt valdelege, ei slags underdriving, - eller står i djup kontrast til framføringa, er det noko ved framsyninga som blir enormt mye meir enn det mangelfulle sceniske uttrykket som elles pregar henne. Det heile blir ganske schizofrent; - eg likte det eg høyrde, men ikkje alt eg såg. Ein uferdig sceneversjon av ei lang rekke spennande og utfordrande tekstar. Eg er mest spent på oppfølginga.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 26. november 2004)

tirsdag 23. november 2004

Maskefall

TEATER

FOLKEUTRYDNING eller leveren min er meningsløs
Av Werner Schwab
Omsett av Øyvind Berg
Regi: Christoffer Berdal
Scenografi: Thomas Bjørnager
Med: Gerdi Schjelderup, Hildegunn Eggen, Are J. Rødsand, Randolf Walderhaug, Janne Kokkin, Kikki Stormo og Ragnhild Arnestad Mønness
Trøndelag Teater – Studioscena

Bildet: VELLUKKA: Sjå kor vellukka vi er! Familien Kovacic veit å vise rettsida til kamera. Foto: Harald Sæterøy

Ei nådelaus utlevering av menneska bak fasadar av lummer idyll.

Pulp fiction på teater, eller teater med handhalde kamera! Det er ikkje akkurat kvardagskost som blir rulla opp for oss på Studioscena på Trøndelag teater. Eller kanskje er det nettopp det? I Folkeutrydning av den austerrikske forfattaren Werner Schwab (som blei ein av dei unge døde etter at han drakk seg i hel for ti år sia berre 35 år gamal) får vi vrengt ut innsida av ei bustadblokk i Graz. Og det er ikkje noko vrengebilde han presenterer jamvel om det er både brutalt og om ikkje sjokkerande, så i alle fall uvant på ei scene. På tre ulike plan bur eit knippe representantar for det urbane Austerrike. I nedste etasje – ganz unten – bur fru Orm (Hildegunn Eggen), ein forhutla katolsk pensjonist og hennar arvesyndsmerka son Herrmann (Are J. Rødsand) med klumpfoten som det mest synlege lyte. Dei opnar ballet med ein verbal duell så rask og full av obscøn og infam tale at det kan vere vondt å henge med. Det er framifrå spela, og etter ein slik ouverture lurer ein på kor dette skal ende. Deretter forflyttar vi oss oppover i etasjane til familien Kovacic, ein familie så besteborgarleg og strevande som det vel er mogeleg, sjukleg oppteken av det materielle utan heilt å vere der. Mannen er i røynda redusert til det dei kallar møbelforsørgar og krafsar på dei to tenåringsdotrene, og vel så det, medan kona ser ein annan veg og driv sosial klatring i stor stil. Janne Kokkin gjer ein kjempejobb i å syne oss denne ambisiøse kvinna som har sosial status som høgste mål. I øvste etasje finn vi den gamle aristokraten fru von Nagh spela med fingertippkjensle og eleganse av Gerdi Schjelderup. Ho har borgarskapet sin stil både i språk og veremåte, men kan vere vel så infam som dei meir plumpt utagerande i dei lågare sjikta, eller etasjane om ein vil.

Schwab har skrive eit særs tekstrikt stykke der han nærmast har oppfunne sitt eige språk eller måte å formulere seg på. Fantastiske metaforar blir kasta mot oss i eit stort tempo, men i Øyvind Berg si framifrå omsetting blir dette både tatt godt vare på og atskillig lettare tilgjengeleg enn ein kunne frykte. For i dei verbale tiradane desse menneska bombarderer oss med finns det både doble og triple botnar, og det er ei oppsetting det kan vere god grunn til å sjå fleire gongar for å få med seg alle nyansane.

Trøndelag teater har henta to unge danskar til å stå for regi og scenografi. Det var eit hyggeleg møte. Instruktøren Christoffer Berdal har greidd å skape ein intens og tett framsyning med eit samspela og velsynkronisert ensemble der det verbale får stå sentralt jamvel om handlinga også er temmeleg actionfylt. Ettersom det heile blir presentert i særs humoristiske vendingar, får oppsettinga mye preg av titteskap der avstanden til det brutale ikkje blir nær nok til at det filleristar oss slik det kunne ha gjort. Dette er både bra, og samstundes eitt av oppsettingas største problem. Kontrasten til fru von Naghs monolog i siste scene blir i største laget.

Scenografien til Thomas Bjørnager er innlysande, men likevel langt frå enkel. Dei tre etasjane er effektfullt attskapt som tre ulike plan der møblering og omgivnader ikkje gir nokon tvil om kva for sosial setting vi blir tatt inn i.

Austerrike har ei særeiga historie. Frå å vere verdas politiske, kulturelle og intellektuelle midtpunkt for vel hundre år sia, blei det etter første verdskrigen omgjort til ein liten alperepublikk. Og tilhøvet sitt til nazismen og andre verdskrigen har landet aldri tatt eit skikkeleg oppgjer med. Desse to trauma ligg som ein kraftig undertekst i heile denne oppsettinga der både familieeininga og bustadblokka er metaforar for samfunnet. Schwab held opp stygge spegelbilde som syner oss menneskeleg dår- og vondskap. Med eit rocka og moderne språk gir han oss innblikk i dei lumre familieidyllane, - slik ein utfrika Ibsen hundre år etter kunne ha gjort det.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 22. november 2004)

onsdag 10. november 2004

Kulturell vareopptelling

TEATER

Peer Gynt
Av Henrik Ibsen
Instruktør: Karstein Solli
Musikk: Einar Olav Larsen
Framført av BUL i Nidaros
BUL i Nidaros – stortelt på Trondheim Torg

BUL i Nidaros feirar hundreårsjubileum med å sette opp Peer Gynt i stortelt på Trondheim Torg.

Det er lenge sia annleispratande bondeungdommar som flytta til byen for å arbeide eller gå skule, trong ein friplass der dei kunne vere seg sjølve. Bondeungdomslaget i Trondheim, eller BUL i Nidaros som laget heiter, var 100 år i vår. Etter kvart har laget endra og utvikla seg til å bli ein enorm kulturinstitusjon med mange sterke særlag. Songlag, folkedanslag, spelemannslag, og det eldste av dei alle; teaterlaget. Det siste har vore ein talentfabrikk av dei heilt sjeldne, og eg tar ikkje munnen for full om eg seier at norsk teater hadde vore atskillig fattigare utan teaterlaget i BUL. Mange vel etablerte profesjonelle skodespelarar har fått grunnutdanninga si her, og Trøndelag teater hentar stadig unge talentar frå BUL til barne- og ungdomsroller i musikkspela sine. Sommarteatret på Munkholmen har vorte ein institusjon i Trondheim, og teaterlaget har også laga eit utal andre produksjonar.

Nå er ungdomslaget hundre år, og kva er meir naturleg enn å sette opp nasjonaleposet over alle; Peer Gynt. Den einaste innvendinga er sjølvsagt at det er eit halsbrekkande prosjekt, men BUL er ikkje mørkredd, og har aksla vanskelege prosjekt før. I eit stortelt på Trondheim Torg viser dei nå ei oppsetting der alle særlaga får syne seg fram. Over hundre aktørar får boltre seg i det som meir liknar ein sirkusmanesje enn ei vanleg scene. Det er blitt ei enorm vareopptelling i dobbel forstand der vi både får presentert alt kva BUL er godt for, og Peer Gynt i ei fartsfylt hopping frå scene til scene.

Teaterlaget i BUL har utmerka seg ved ein særs demokratisk form for audition. Er du tretten år og stjerne eitt år, får du vere statist neste gong, - om du er så heldig å få vere med. Og laget har ventelistar lange som vonde år. Nå lar dei for ein gongs skuld alle få sleppe til. Det blir sjølvsagt ikkje heilt velspela teater i tradisjonell forstand av slikt, men likevel ei imponerande oppvising.

Instruktøren Karstein Solli har valt å lage oppsettinga som ei samling tablå der masseopptrinn og det visuelle stundom er vel så viktig som teksten. Det har vore eit klokt val. Det meste er med, men sjølvsagt skore inn til beinet og vel så det. Her får både songlag, folkedanslag og spelemannslag synt seg fram. Dårekista er blitt ei framifrå scene der mange av dei yngste boltrar seg i brukte bildekk! Akkurat slik galskap som ei dårekiste skal representere. Sentralt i det heile er sjølvsagt Peer, utmerka og energisk framført av Magnus Lie Hetland. Han er ein fyrig, viril og erotisk figur som hoppar frå tablå til tablå som ein Peer in Wonderland, litt turist i sitt eige stykke. Musikken som bind det heile saman er nyskriven av Einar Olav Larsen med hjelp av broren Gjermund. Det er eit verkeleg imponerande stykke arbeid. Musikken passar som hand i hanske til oppsettinga og bør så absolutt få eit liv etter dette.

BUL i Nidaros har halde vareopptelling, og har grunn til å vere nøgd med det dei har funne. Laget forvaltar ein enorm kulturell rikdom, og om det ikkje blir stor kunst av ei slik massemønstring, så var det i alle fall ei verdig og storslagen markering. Eg gratulerer!

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 9. november 2004)

søndag 7. november 2004

Ei god historie?

TEATER

An-Magritt
Fritt etter Nattens Brød av Johan Falkberget
Manus: Edvard Normann Rønning
Musikk: Henning Sommerro
Regi: Marit Moum Aune
Scenografi: Kristin Bredal
Kostyme: Ingrid Nylander
Musikalsk leiar: Lars Olav Berg
Med: Ingrid Bergstrøm, Stephen Brandt-Hansen m.fl.
Trøndelag teater – hovudscena

Bildet: SPEKTAKULÆR: Scenografien var storslagen og tidvis spektakulær. Her er eit opptrinn frå smeltehytta. Foto:Knut Bry

Ei sterk historie som blir overskygga av karikering, overspel og alt for mange retningar.

I programheftet for musikkspelet An-Magritt skriv teatersjef Catrine Telle at stykket ikkje har aktualitet i dag, - det er ei fortelling frå gamle dagar. Årsaka til at teatret likevel set det opp, er kort og godt at det er ei drivande god historie. Det er ei meir enn god nok grunn for å spele teater. Men då er det desto meir skuffande at oppsettinga ikkje greier å ta vare på den gode historia. Det er blitt ein produksjon som sprikar i mange retningar, og som vekslar mellom framifrå spel, sinnrik og god scenografi til karikert overspel og tendensar til såpe. Det er trist, det er svært trist, for Catrine Telle har heilt rett. Bak det heile ligg ei særs god historie som denne produksjonen diverre aldri greier å formidle.

Romansyklusen Nattens Brød, der historia om oksekøyraren An-Magritt er henta frå, er del av den mest kjære litteraturarven vår. An-Magritt Oledotter Kjempeplassen er ein fiksjon, men ho er likevel blitt eit ikon, og eit fridomsideal på line med Jeanne d’Arc, PrillarGuri og Kjerringa mot Straumen. Det er inga heltinne, men ei trassig og utruleg sterk kvinne Falkberget ga liv til, ei kvinne som vågar å stå opp, som er tru mot seg sjølv, og som i tillegg torer å tru og satse på kjærleiken, - mot alle odds. Slike kvinner det vil gamle Norge ha, og såleis har ho vakse seg til å bli ein figur som er blitt større enn seg sjølv. Historia er sjølvsagt for lengst filmatisert, og for seksten år sia skreiv Edvard Normann Rønning og Henning Sommerro eit musikkspel om An-Magritt for Trøndelag teater. Det blei ein kjempesuksess. Men av ein eller annan grunn har stykket ikkje vore sett opp sia. Før altså Trøndelag teater tok tak i det på ny. I mellomtida er det bygd nytt teater, og vi har fått ei scene der verkeleg store format kan brettast ut. Det burde vere duka for ein ny suksess, men det vi fekk presentert på premiera, gjorde meg stort sett trist.

An-Magritt handlar om 1600-talets Røros. Gruvedrift, enorme klasseskilnader, fattigdom, hardt arbeid, kulde, undertrykking, gryande opprør, og ikkje minst kjærleik. Det er eit enormt epos som blir teikna ut med brei pensel både i Falkbergets original og i teksten til Rønning. Umenneskeleg slit, men likevel gjennomsyra av ein underliggande optimisme i trua på mennesket, på menneskeverdet, på sanninga – og på kjærleiken. I Marit Moum Aune sin regi startar det med eit masseopptrinn ved malmvekta der vi med ein gong får presentert kva for undertrykking som ligg i mangelen på kunnskap. Malmkøyrarane blir lurde trill rundt av skrivaren av di dei ikkje kan å lese. An-Magritt veit ho blir lurt, men det er først når konstknekten Johannes stadfestar den verkelege vekta, at ho og dei andre får syn for segn. Samstundes signaliserer opptrinnet at An-Magritt som lausunge og kvinne var fritt vilt og mobbeoffer for sine mannlege kollegaer. Ein god start som i tillegg til å presentere det første møtet mellom Johannes og An-Magritt, også fortel mye om livet og kvardagen og kva dette handlar om. Men frå ein eintydig og klår opning med ei god og truverdig miljøskildring, ber det vidare i alle retningar. Når An-Magritt blir utsending til stiftsstaden for å klage på reduserte satsar, møter ho eit borgarskap så karikert og firkanta at det nærmar seg det pinlege. Og det same skjer når vår kvinne seinare må møte for retten etter urette skuldingar. Det står ikkje til truande, og det er så sjablongmessig at det heller ikkje er artig. I personteikninga skjer det same. Skal ein tru denne oppsettinga, var Røros på 1600-talet befolka av vonde og avundsjuke filleproletarar utan menneskelege trekk, med nokre få unnatak. Eg skjønar ikkje kva teatret vil, og eg trur ikkje på det dei seier jamvel om historia bak er aldri så god, - og kjend.

Oppsettinga er blitt særs sprikande i forma, men også på andre vis. På einskildområde er ho spektakulær, medan ho på andre blir inkjeseiande. Scenografien og lysdesignen til Kristin Bredal er tidvis genial. Eit sinnrikt system av skyveveggar skapar rom og sceneskift på elegant vis. Det same gjer bruk av teppe og lys som gir fine illusjonar om Rørosvidda. Den stiliserte smeltehytta gir akkurat det inntrykket av arbeid og slit som regien ikkje gjer. Kostyma til Ingrid Nylander er flotte, men tippar innimellom over i det litt for karikerte. Musikken til Henning Sommerro kler teksten godt, men er ikkje utprega songbar, utan at det songsterke ensemblet lar seg stoppe av det. Spelet er særs varierande. Ingrid Bergstrøm som An-Magritt er trygg i rolla si, syng særs godt og er ein sta liten faen som ikkje lar seg pelle på nesa, men som likevel har rom for kjensler. Ho leverer ei stor rolletolking, og scena med den vesle jenta Eva i arresten var eit magisk lite opptrinn. Stephen Brandt-Hansen som Johannes syng fantastisk, men har fått alt for lite å spele på til at ein kan bli heilt klok på han. Då er det annleis med Trond Peter Stamsø Munch som i den vesle rolla som Jürgen er akkurat så diskret og heil at han blir ein av dei få eg trur på i denne oppsettinga.

Å fortelle ei god historie er ein meir enn plausibel grunn til å spele teater. Men då må ein vere trygg på at historia er god nok i seg sjølv, og ein må vere tru mot henne. Eg føler ikkje at Marit Moum Aune har vore det. Ved overspel og karikaturar forsvinn diverre mye av styrken i innhaldet. Og det var vel ikkje meininga?

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 6. november 2004)

lørdag 6. november 2004

Verbal undring

TEATER

Chinindrest take-away
Av og med Dood Paard
Teaterhuset Avant Garden

Ei samling verbale fragment improvisert fram som tilsynelatande velregisserte monologar.

Den nederlandske teatergruppa Dood Paard har gjesta Teaterhuset Avant Garden. Det er seks år sia sist, og eg håpar det ikkje blir like lenge til neste gong. Dei to produksjonane eg har sett, har vore særs eksperimentelle, og i forma freista å tøye teatrets grenser, men samstundes vore absolutt tilgjengelege og fattbare for ein middels teatergjengar.

Denne oppsettinga heiter Chinindrest take-away, og tittelen spelar på alle dei eksotiske kinesiske, indiske og you-name-it-restaurantane som dukkar opp i kjølvatnet av innvandringa til Nederland (og Norge), men som må tilpassast sarte europeiske ganar og difor ikkje blir så autentiske som vi trur. Importert kultur slipast og blir europeisk og kvit. Alt skjer på våre vilkår. For jamvel om det er langt frå agitasjonsteater vi får presentert, er det ei særs politisk og sivilisasjonskritisk oppsetting Dood Paard har laga. Rundt eit verbalt skjelett improviserer dei fram samtalar, observasjonar og kommentarar om makro- og mikrokosmos, om verdspolitiske forhold og dei heilt private, intime. Presentasjonen skjer ofte i kontrast til innhaldet i det dei seier slik at det verbale og fysiske står i motstrid til kvarandre. I ei blanding av alvor og skjemt er det ikkje alltid godt å henge med, og ein kan ta seg i å le av utsegner som slett ikkje er artige. Slik manipulerer dei med publikum, - og får oss til å skjerpe oss. Alt dette skjer til akkompagnement av ein DJ som kommenterer kommentarane på musikalsk vis.

Den verbale krykka det heile er bygd opp om, er ei stadig tilbakevendande undring over temaet I can never imagine… Og det er mye Dood Paard ikkje kan førestille seg. Rundt denne undringa skjer det improvisasjonar som vi som publikum sjølvsagt ikkje skjønar omfanget av utan å sjå fleire framsyningar. Men slik monologane til dei fire på scena flaut naturleg og utan opphald, er det vondt å fatte at dette er ein verbal jam session og ikkje velregissert tekst. Og om det stort sett er fragment vi får servert, blir oppsettinga likevel aldri fragmentarisk. På eit framifrå vis greier dei å lage ein heilskap utan nokon raud tråd. Gruppa er tydeleg særs fortrulege med og trygge på stoffet, og i dei improviserte monologane blir dagsaktuelle saker raskt kommentert og fletta inn. Eg såg framsyninga same dag som det var val i USA og den nederlandske filmregissøren Theo Van Gogh blei myrda. Dette prega sjølvsagt oppsettinga. Ho blir neppe likeeins når Oslopublikummet får høve til å sjå henne på Black Box 6. og 7. november, men ikkje mindre sjåverdig av den grunn.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 5. november 2004)