lørdag 27. november 2004

Om heltar og offer

PERFORMANCE

Duell: Sons of Liberty 2
Av Sons of Liberty
Regi: Veit Sprenger
Scenografi: Anja Lisa Rudka
Med: Lisa C. B. Lie og Stina Kajaso
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

Performanceteater som ikkje heilt greier å foreine sterke tekstar med fysisk framføring.

Etter endt skodespelarutdanning ved Akademi for Scenekunst i Fredrikstad, har dei to unge aktørane Stina Kajaso frå Stockholm og Lisa C. B. Lie frå Trondheim like godt laga sitt eige teaterkompani; Sons of Liberty. Deira første fullproduksjon hadde urpremiere i Trondheim onsdag. Det er ei heilaftens performanceframsyning der dei leikar seg med og utforskar tradisjonelt fortellarteater, slapstick, enkel koreografi og andre teaterformer i ei nytolking av helte- og offerrolla med klåre assosiasjonar til kjende teikneseriar og filmar. Om dette høyrest ambisiøst og vanskeleg ut, så er det rett. Det er blitt ei ganske sprikande og litt uferdig framsyning som hadde stått seg på strammare regi, betre personinstruksjon og litt meir kresen haldning til kva som skal framførast. Men trass i mange lyte har produksjonen likevel så mye positivt og sjarmerande ved seg at han fortener både publikum og omtale.

Framsyninga er ei lang rekke tablå av likt og ulikt. Det er ei relativt politisk og kritisk oppsetting som er innom mange tema, men først og fremst død, sex og vald, - ei tabloidisert form for havet, døden og kjærleiken. Lisa C. B. Lie debuterte som lyrikar for fire år sia, og kjem med ny bok på Oktober til våren. I samband med 20-årsjubileet til Teaterhuset Avant Garden tidlegare i haust, las ho tekstar frå boka. Det gav denne meldaren hakeslepp! Og det er noko tilsvarande med tekstgrunnlaget i denne oppsettinga. Når vi får reint fortellarteater der tekstane kan vere ei trivialisering av det ekstremt valdelege, ei slags underdriving, - eller står i djup kontrast til framføringa, er det noko ved framsyninga som blir enormt mye meir enn det mangelfulle sceniske uttrykket som elles pregar henne. Det heile blir ganske schizofrent; - eg likte det eg høyrde, men ikkje alt eg såg. Ein uferdig sceneversjon av ei lang rekke spennande og utfordrande tekstar. Eg er mest spent på oppfølginga.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 26. november 2004)