torsdag 21. oktober 2004

Kjensler og intellekt

TEATER

Det har ikke regnet på tre måneder
Teater Dakini
Av og med Barbro Djupvik
Musikk: Tor Haugerud
Regi: Ian Magilton
Teaterhuset Avant Garden

Fabulerande og leikent teater om motsetnader knytte til kjærleiken.

I det store teatermiljøet i Trondheim finst det ein underskog av små grupper som korkje får store publikumstal eller mye omtale, men som held på likevel. Den bittelille gruppa Teater Dakini, som eigentleg nesten er eit synonym for Barbro Djupvik, er ei av desse gruppene. Basert på tekstar frå romanen Skrift på kroppen av Jeanett Winterson har ho laga ei fabulerande og poetisk oppsetting i fem ulike tablå som alle har det sams at dei er leikne opptrinn om motsetnadar knytte til den evinnelege kjærleiken. Vi veit alle at kropp og intellekt ikkje alltid er på lag, og Djupvik spelar vidare på dette ved ei underfundig blanding av undervisning i anatomi og open flørting med musikaren på scena der det heile toppar seg i eit stilisert og erkekomisk opptrinn om to som høyrer søt musikk og alle andre klisjear som gjer at kjærleiken blir redusert til eit einaste stort sitat.

Framsyninga er ei blanding av fysisk teater og fortellarteater. Ho er ei utforsking av språk, kropp og kjensler framført gjennom mange ulike sceniske uttrykk. Eit særs viktig element som gir denne produksjonen eit lite ekstra løft, er musikken som er limet i oppsettinga. Musikaren Tor Haugerud sit som ein musikals kulisse midt på scena og lagar musikk og lydbilde som kommenterer, utfyller og bind alt saman. Etter kvart går han også ut av sfinxerolla og slipp seg laus som verbal skodespelar.

I motsetnad til tidlegare produksjonar eg har sett av Teater Dakini, ser det her ut til å vere satsa mye meir på regi og personinstruksjon. Ian Magilton har hatt ei særs god hand om regien som er stram, stilisert og utan fiksfakseriar. Det kler framsyninga. Teater Dakini og Barbro Djupvik har laga ein produksjon som hadde fortent eit større publikum enn det ein handfull visningar kan by på.

Amund Grimstad

tirsdag 12. oktober 2004

Når far finn ein annan

TEATER

Medeas barn
Av Suzanne Osten og Per Lysander
Omsetting: Liv Aakvik
Regi: Kjersti Horn
Scenografi: Maria Stjernborg
Dei som er med: Tobias Heiberg, Evy Kasseth Røsten, Jan Frostad, Wenche Strømdahl og Marianne Meløy.
Trøndelag Teater – Gamle Scene

Bildet: KORREKT: Vaksenspråk og handlingar går bokstavleg tala over hovudet på barna når foreldra skil seg. Foto:Harald Sæterøy
Pedagogisk og korrekt, men diverre ikkje så veldig mye meir.

Basert på Evripides greske tragedie om Jason og Medea skreiv Suzanne Osten og Per Lysander i 1975 ein moderne versjon som handla om skilsmål og svik sett i eit barneperspektiv. Då stykket hadde urpremiere i Stockholm for ein mannsalder sia, skreiv det seg rett inn i samtida med aukande samlivsbrot og større forståing av barna sine rettar både generelt og i samband med skilsmål. Tretti år seinare skulle denne problematikken vere endå meir aktuell. Men Trøndelag teater si oppsetting greier ikkje å gjere dette til meir enn ei lett underhaldande og pedagogisk særs korrekt framsyning som aldri maktar å gjere noko særleg med oss kjenslemessig.

Historia burde vere godt kjend, og snarare regel enn unnatak i det verkelege livet. Jason møter Medea. Søt musikk oppstår. Dei giftar seg og får to barn, - Lillemedea og Lillejason. Alt er tilsynelatande idyll inntil Jason møter Glauke, fortapar seg hodelaust, og svik både kone og barn. I Evripides tragedie blir Medea så oppbrakt at ho til slutt tek livet av både Glauke og barna. I dag trur vi at vi er flinkare til å takle kjenslene våre, men framsyninga viser at det berre er utanpå, og at reaksjonane tek andre, men likevel temmeleg destruktive former. Med vekt på korleis dei to barna oppfattar situasjonen, ser vi at dei vaksne er meir opptekne med sitt enn av korleis barna har det. Dei pratar vaksenspråk over hovudet på dei unge, og dei gjer ungane redde og usikre. Som ein moderator og forløysar kjem barnepiken Anna inn og set ord på ungane sine kjensler. Ho blir redninga for dei to, og trass i ei noko rufset framtoning, ungane sitt store forbilde.

I ei metaform der vi vekslar mellom gresk tragedie og dagens samlivsbrot, er produksjonen blitt ganske underhaldande. Sjølv om det alvorlege ligg i botn, er det mye humor og varme, særleg i det fine spelet mellom dei to små (Tobias Heiberg og Evy Kasseth Røsten), og ikkje minst den frodige og lett burleske barnepiken (Marianne Meløy). Foreldra blir i denne samanhengen stive statistar, og det er mogeleg barna kjenner det slik, og at dette er eit medvite val frå regissør Kjersti Horn. Men det gir framsyninga ein unødig distanse. Det heile blir meir eit titteskap og ein pedagogisk case study enn engasjerande dramatikk. Oppsettinga blir uforløyst, litt utvendig, og på det viset lite fengande.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 11. oktober 2004)