tirsdag 22. september 2009

Egner-fri sone

TEATER

Møterommet
Av: Trine Hild Blixrud
Med: Trine Hild Blixrud og Marte Sverdrup Liset
Teaterhuset Avant Garden, Rådsalen Trondheim Folkebibliotek

Seksuell empati vol. 1
Av og med: Jarl Flaaten Bjørk
Teaterhuset Avant Garden, Adolf Øien skole, Trondheim

Bildet:
KRENKANDE: Kor går grensene for kva som er krenkande, og korleis kan det bli kommunisert? FOTO: FLAATENBJØRK KOMPANI

Scenekunstfestivalen ”Den Unge Garde” syner at barne- og ungdomsteater kan vere langt meir enn Prøysen, Egner og Lindgren.

I seks år på rad har Teaterhuset Avant Garden i Trondheim arrangert scenekunstfestival for barn og unge under fellesnemninga ”Den Unge Garde”. Festivalen skal spegle scenekunsten i vår tid, og syne at barne- og ungdomsteater er langt meir enn det vi vanlegvis får sjå på institusjonsscenene. Teatersjef Per Ananiassen tek difor ein ”Homlung” og erklærer ”Den Unge Garde” for Egner-fri sone. Det er eit stort og krevande arrangement, og i løpet av ei snau veke blir det presentert fem temmeleg ulike produksjonar fordelt på atten framsyningar. Eg har sett tre av dei fem, og skal her seie litt om to av dei.

”Møterommet” er ein performance som rettar seg mot den desidert yngste målgruppa, - dei frå null til to år. Det er inga eigentleg handling, men som tittelen fortel, eit møte mellom aktør og publikum der tilskodarane gjennom lydar, mimikk, rørsle og små gags blir inviterte til å delta, og der det er mogeleg å skape verkeleg interaktivt teater. Vi vaksne sat nok og håpa på at ungane ville driste seg frampå, men for dei små var det klårt at utbytet var like stort for dei som såg på, som for dei som våga seg ut på golvet. Det var heilt tydeleg at ungane fekk del i ulike opplevingar, men det er vanskeleg å vurdere om dette er kunst eller meir ein pedagogisk leik for dei små. Eller kanskje båe delar? Opplevingsrikt og underhaldande for både store og små var det i alle fall.

”Seksuell empati vol. 1” vender seg til eit heilt anna publikum i den andre enden av ungdomstida. Jarl Flaaten Bjørk har laga ein produksjon der han nyttar både video, musikk og tradisjonelt spel for å få fram bodskapen sin. Oppsettinga er særs pedagogisk, og nesten moralistisk i oppbygginga, men ved hjelp av mye humor, tydeleg innsikt i ungdomens tenkemåte og godt spel, unngår han at vi får peikefingerteater. Temaet er, og har alltid vore aktuelt, og når han spelar for elevane på ein av dei vidaregåande skolane i Trondheim, har han definitivt treft målgruppa si. Det er heilt tydeleg at dette er tema ungdomane kjenner seg att i. Jarl Flaaten Bjørk gir oss to versjonar av ”han møter henne”, - hans og hennar framstilling. Vi følger Chris og Ane gjennom uskuldig flørt, dans og inn i eit område der dei tydeleg ikkje lenger snakkar same språk. Der den eine ser leik, opplever den andre overgrep. Innsiktsfullt og med ei god blanding av alvor og skjemt syner han to heilt ulike opplevingar av same hendinga. Kor går grensene for kva som er seksuelt krenkande? Gjennom veksling mellom gjenkjenneleg spel, faktapresentasjon, jus og masse humor greier Jarl Flaaten Bjørk å problematisere desse vanskelege spørsmåla på eit vis som tydeleg vekte ettertanke hjå publikum samstundes som det var både velspela og ganske underhaldande.
Amund Grimstad
(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 21. september 2009)

lørdag 12. september 2009

Har vi noko lært?

TEATER

Antigone
Av Sofokles
Omsett av Hans Kristiansen
Regi og bearbeiding: Victoria H. Meirik
Scenografi og kostyme: Dagny Drage Kleiva
Med: Silje Lundblad, Harald Brenna, Hermann Sabado, Ola G. Furuseth, Cici Henriksen, Wenche Strømdahl, Arne O. Reitan, Trond Peter Stamsø Munch, Trond-Ove Skrødal, Hildegunn Eggen og Mona Jacobsen
Trøndelag Teater, Gamle scene

Bildet:
OVERTYDD: Silje Lundblad gir oss ei sterk og overtydd Antigone som likevel er redd for å døy. FOTO: VEGARD EGGEN

Ei nærast komplett oppsetting, - tru mot Sofokles, men likevel så dagsaktuell.

Det er ikkje enkelt å halde greie på alle dei innfløkte slektskaps- og maktforholda i byen Theben der Ødipus tidlegare har gifta seg med si eiga mor, og fått fire born med ho, der sønene hans skal regjere saman, men endar opp med både å gå til krig mot og drepe kvarandre, og der den nye kongen, Kreon, svoger til Ødipus, legg ned forbod mot å gravlegge Polyneikes, den eine av dei avlidne brørne. Dei to systrene til Polyneikes, Antigone og Ismene er båe i mot avgjerda til kongen, men der Ismene vel å bøye seg for makta, vil Antigone følge gudane og eiga overtyding. Når Antigone i tillegg er forlova med Haimon, hennar eigen fetter og kong Kreons son, er den kompliserte intrigen presentert, men neppe særleg forståeleg. Regissør Victoria H. Meirik har difor vald ei pedagogisk opning på ”Antigone” på Trøndelag teater, der det heile blir presentert som videoprojisert dokketeater. Med det slår ho an tonen for dei vidare regivala sine, val som alle er med på å gjere dette til ei særs tydeleg, tidlaus og sterk oppsetting av eitt av verdsdramatikkens eldste, men likevel beste drama.

Etter teksten å dømme er vi definitivt i Theben, jamvel om språket er temmeleg modernisert. Men ved hjelp av scenografien og kostyma til Dagny Drage Kleiva blir handlinga løfta ut av den greske byen og gjort like tidlaus som tematikk og Sofokles sin bodskap. Scenografien er like enkel som han er genial. Tre anonyme plateveggar med eit utal dører dannar tilstrekkeleg scenerom. Dørene gjer at dei mange sceneskifta skjer saumlaust og diskret, og jamvel rydding av scenegolv blir ein integrert del av oppsettinga der aggresjon blir tatt ut på stolar som blir flytta. Kostyma er komplett fargelause, og minst like anonyme som scenografien. Vi kan med andre ord vere kor som helst når som helst. Her blir det heilt tydeleg spela på fleire plan. Og du skal ha svært dårleg assosiasjonsevne for ikkje å sjå parallellar til verdshistorias mange døme på opprør mot autoritetar, opp til sivil ulydnad i vår eiga tid.

Det er særs symboltunge roller dei ulike skodespelarane gir oss. Men Meirik har vald ein lågmælt presentasjon der tvil og uro syner oss at dette ikkje er noko helteepos, men ei oppsetting om heilt vanlege menneske gitt eksistensielle val. Silje Lundblad gir oss ei overtydd og tidvis uredd Antigone som likevel heilt tydeleg er redd for å døy. Det er ikkje vanskeleg å identifisere seg med rolla hennar. Og kong Kreon sjølv, Harald Brenna, blir ridd av uvissa, men tviheld på avgjerda si som ei maktas krykke i redsle for å syne kor svak han eigentleg er, - heilt til det er for seint. Og bakom nærast draperer talekoret (Hildegunn Eggen, Mona Jacobsen og Trond-Ove Skrødal) det heile inn som eit kommenterande og forklårande bakteppe som også fungerer som Kreons samvit. Det er lett og elegant og gir framsyninga nesten ein musikalsk dimensjon. Berre vaktmannen (Ola G. Furuseth) skil seg ut ved ei karikert framtoning det også er lett å kjenne att, ein figur som kontrasterer dei øvrige og gir framsyninga eit moderne tilsnitt, jamvel om makta har hatt lydige skjødehundar og spyttslikkarar til alle tider.

I eit så tekstbasert og tett regiteater som dette, skal ein vere særs varsam med spesialeffektar. Når Meirik nyttar både sterk musikk og ikkje minst videoprojiseringar, kunne det fort ha blitt berre fikse påhitt. I staden gjer store nærbilde av skodespelarane at vi kjem tettare på og nesten under huda på dei konfliktridde personane. Den omlag 2500 år gamle greske tragedien av Sofokles blir i Victoria H. Meiriks regi uhyggeleg dagsaktuell. Ei nærast komplett oppsetting, hundre prosent tru mot Sofokles, men likevel så moderne. Og spørsmålet som rir oss alle etter denne sterke framsyninga er: Har menneska ikkje lært noko på alle desse åra?
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 11. september 2009)

onsdag 9. september 2009

Komedie eller farse?

TEATER

Den stundesløse
Av Ludvig Holberg
Omsett av Nina Valsø
Regi og bearbeiding: Bentein Baardson
Scenografi og kostyme: Milja Salovaara
Med: Øyvind Brandtzæg, Ingrid Bergstrøm, Hans Petter Nilsen, Mads Bones, Ragnhild Sølvberg m.fl.
Trøndelag Teater, Hovudscena

Bildet:
FARSE: Ragnhild Sølvberg som Magdelone og Mads Bones som Peder Eriksen er av dei som, trass i overspel, er til å tru på og le av. FOTO: GT NERGAARD

Holberg som delvis overspela farse, grensande til buskis.

Ludvig Holbergs komedie om herr Vielgeschrey, mannen som hadde så mye å gjere at han ikkje fekk gjort nok, er kanskje den beste av alle Holbergs komediar. Her harselerar han med menneskeleg dårskap på eit vis vi alle kan kjenne oss att i. Meir enn eit kvart årtusen før omgrepet og folkesjukdomen ”stress” blei oppfunne, driv Holberg gjøn med oss. Godt, men særs synleg innpakka bak det komiske ytre, greier Holberg å halde opp eit speil der vi kan sjå kor narraktig Vielgeschrey (og dermed vi sjølve) er.

Til førre gongen Den stundesløse blei sett opp på Trøndelag teater laga Nina Valsø ein glitrande omsetting til trøndersk. Regissør Bentein Baardson har vald å nytte same omsettinga. Det er eit godt val. Men når han også har vald å bearbeide teksten ytterlegare, er ikkje det like heldig. Holberg står godt på eigne bein, og når komedien blir gjort om til farse der det stundom går over i buskis, druknar mye av bodskapen i støy og halloi. Det er mye overspel, og det kan sjølvsagt fungere godt, men då skal det gjerast med fingertippkjensle. Mads Bones som Peder Eriksen, Ingrid Bergstrøm som Pernille og Ragnhild Sølvberg som Magdelone meistrar dette, men det øvrige ensemblet har fått for firkanta og sjablongaktige roller. Herr Vielgeschrey (Øyvind Brandtzæg), som det heile dreier seg om, blir nesten statist i si eiga oppsetting. Det eg oppfattar som hovudbodskapen til Holberg; den oppstressa kvardagen som ikkje fører til noko, forsvinn i stor grad i forviklingane rundt spørsmålet om kven som skal gifte seg med kven. Når dette blir presentert så kjapt at det blir vanskeleg å henge med i forvekslingslogikken, blir det diverre for lite att.

Milja Salovaara har ansvar for både kostyme og scenografi. Ho har laga tidsriktige og særs flotte kostyme. Hovudscena er stor og djup, og kan by på mange problem når det blir spela forviklings- og forvekslingskomedie der timing er spesielt viktig. Salovaara har laga ein intim scenografi der ho medvete har krympa formatet på hovudscena, og der alt blir spela i eitt rom utan forstyrrande sceneskift. Det fungerer særs bra.

I Bentein Baardsons regi er Den stundesløse framleis eigna til å kalle på latteren. Men frå å vere eit oppgjer med menneskeleg dårskap der vi kan le av både den stressa herr Vielgeschrey og oss sjølve, er oppsettinga blitt eit titteskap med delvis frittståande farseaktig situasjonskomikk som stundom tippar over i både buskis og overspel. Og det var kanskje ikkje meininga?
Amund Grimstad
(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 8. september 2009)

torsdag 3. september 2009

Avantgarde-teater

TEATER

Verion
Kreativ leiar: Catherine Kahn
Manus: Trond Morten Kristensen Venaasen og Catherine Kahn
Musikk: Bergmund Waal Skaslien og Gaute Gjøl Dahle
Art direction: Friedrich Kirschner
Med: Martha Standal og Kingsford Kweku Siayor
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

BILDET:
AVANTGARDE: I ein herleg miks av musikk, voice over, 3D-animasjon og tradisjonelt teater blir vi vitne til det som kanskje blir framtidas scenekunst. FOTO: FRIEDRICH KIRSCHNER

Ei 25-årsmarkering som verkeleg stod til teatrets namn.

Teaterhuset Avant Garden (TAG) i Trondheim feirar sine første 25 år, og gjer det med ei i høgste grad eksperimentell framsyning som både peikar framover om kva vi kan vente oss av scenekunst i åra som kjem, og som ikkje minst står godt til teatrets namn. Namnet var opphavleg eit ordspel ettersom Avant Garden i starten heldt hus i nabogarden (eller forgarden om du vil) til Hotell Royal Garden. Det heile starta opp som ein kunstnarfellesskap som både husa bildekunstnarar, forfattarar, teatergrupper og ei temmeleg kummerleg scene. I starten var teaterdelen av huset difor ei scene for tre av frigruppene i byen; Studio Teater, Det lille musikkteater og Petrusjka teater. I dag er alt dette historie. Kunstnarfellesskapen er nedlagd, teaterhuset har fått ny og moderne scene i kjellaren til Nova kino, og frå å vere ei prøve- og framsyningsscene for frigruppene i byen, er TAG blitt ei programmeringsscene på line, - og i samarbeid med Black Box i Oslo og BIT Teatergarasjen i Bergen. Noko av det lokale tilsnittet er nok diverre gått tapt på vegen, men i staden er det opna for særs gode norske og internasjonale gjestespel.

Men då teatret skulle feire seg sjølv og sine første 25 år, blei det ikkje invitert eit spennande gjestespel frå det store utland. I staden blei det skipa konkurranse, og vinnaren blei Trondheimskunstnaren Catherine Kahn som ville lage ei særs framtidsretta og eksperimentell framsyning. I helga var det både urpremiere og jubileumsfest.

Med 3D-brillar blir vi tatt med til byen Verion i eit slags futuristisk scifi-spel der ein katastrofe har fjerna havet og der byen er befolka av ei blanding av muterte vesen og vanlege menneske. Det er ei postsivilisatorisk fortelling der vi møter to menneske, Myra og soldaten Charlie, båe på leit. Historia er både litt vanskeleg tilgjengeleg, og ikkje særleg overtydande, og spelet ber preg av mangel på regi og personinstruksjon. Men, så utroleg det enn kan høyrast, blir desse innvendingane relativt uvesentlege. For Verion er først og fremst ei reise i ny teknologi, og ein demonstrasjon av kva vi kan og bør vente oss av teatret i framtida. Catherine Kahn har hatt hjelp av om lag det som kan krype og gå av teknologisk kunnskap både i og omkring NTNU-miljøet. Saman har dei laga ein eineståande syntese av lyd, musikk, 3D, HD-kvalitet, voice over og heilt vanleg teater. Mot ein bakgrunn av tredimensjonal animasjon av byen, landskapet, folket og meir til blir vi vitne til Myras og Charlies leiting. Dei går inn i, og i eitt med den animerte bakgrunnen, og saman med musikken, som står særs godt til framsyninga, blir det skapt både stemningsfulle bilde og opplevingar. Verion er blitt ei særs visuell framsyning som gir gode indikasjonar på kva vi kan vente oss av scenekunsten i framtida. Teknologien sprenger nye grenser, og det står berre att å ta han i bruk.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag 2. september 2009)