lørdag 25. oktober 2008

Å lengte heim


TEATER

En palestinsk reise
Av Tale Næss
Regi: Maryon Eilertsen
Scenografi: Hatem el Imam
Musikk: Jovan Pavlovic
Koreografi: Ella Fiskum
Med: Trond Peter Stamsø Munch, Jovan Pavlovic, Kine Bendixen, Buzhan Baban, Anne Fossen, Idd Aziz, Ingrid Aune Brosveet og Thomas Aune Brosveet
Av Noor Produksjoner i samarbeid med Trøndelag teater og Hålogaland teater
Trøndelag teater, Studioscena

Bildet: MANGE HISTORIER: Ensemblet syng, dansar og fortel entusiastisk både eigne og andre sine historier. Foto: Bjørn-Erik Langvand

Ein ambisiøs produksjon som vil så alt for mye, og som har for mange prosjekt på ein gong.

Forfattar Tale Næss og skodespelar Trond Peter Stamsø Munch har gjort fleire reiser til Midtausten dei siste åra, og der har dei treft folk og fått høyre historier som dei etter kvart har meint burde få ei scenisk framføring. Gjennom desse fortellingane vil dei freiste å ta publikum med på ei reise, ikkje berre til Palestina, men også til Kenya, Irak og det som etter kvart er att av Jugoslavia. Og for så vidt også til Tromsø, Stjørdal og Hommelvik. Stikkordet er heimlengt, - ønsket om å vende heim, og gjennom fortellingane til ulike folk dei møtte, samt ensemblets eigne private historier, forsøker dei å gi eit bilde av korleis heimlengten kan arte seg i ulike situasjonar. Når du er ung og ønskar deg vekk frå Hommelvik, er ikkje suget mot heimen og det opphavlege like stort som for ein som med makt er jaga frå jord og land, det vere seg jødar i hundrevis av år, eller palestinarane dei siste femti.

Ensemblet på åtte har ganske ulik bakgrunn; - frå Tromsø via Trøndelag til Kenya, kurdisk Irak, og Jugoslavia. Og komponist og musikar Jovan Pavlovic har med seg musikalsk ballast ikkje berre frå Balkan, men også frå jiddisk. Med denne naturgitte og ganske mangefasetterte bagasjen legg ensemblet ut på ei reise der dei både presenterer ulike folk og lagnadar i Palestina og i flyktningleirane i Libanon, - og seg sjølve. Dokumentarisk og relativt pedagogisk blir vi fortalt om flukt i 1948, om massakre i 1976 og i 82, og om kvardagen i flyktningleirane, men rett som det er avbrote og kontrastert av ensemblets eigne historier.

Slik blir ”En palestinsk reise” i form ei sjangerblanding som er vanskeleg å kategorisere. I hovudsak er han det ein kan kalle doku-teater, ein slags regissert dokumentar, men likevel med sterke islett av metateater sidan skodespelarane på same tid både spelar seg sjølve og ulike palestinarar. Ettersom dei åtte går relativt saumlaust fram og attende mellom å vere seg sjølve og palestinarar, blir dette i utgangspunktet eit brukbart grep, men likevel ikkje utan problem. Når Stamsø Munch mot slutten vendar seg mot publikum og seier: - Hei, - eg heiter TP. Eg freistar å fortelle eit heilt folks historie på under to timar, så presenterer han kva som er denne produksjonens store dilemma. Det som har skjedd i Midtausten dei siste femti åra er inga enkel historie. Ho er meir enn mangslungen, og det er ikkje lett å halde greie på kven som er ansvarleg for kva, - Israel, Syria, falangistar, for ikkje å seie både USA og verdssamfunnet. Når produksjonens teknikar to gongar grip inn og fortel at han ikkje heng med, er ikkje det berre eit metagrep i oppsettinga, men også eit uttrykk for at det ser ut til å vere ganske umogeleg å lage eit pedagogisk/historisk dokumentarteater, ei utforsking av kva det vil seie å lengte heim, og ei reiseskildring av ulike lagnadar i flyktningleirane i eitt og same stykke. I alle fall har ikkje denne oppsettinga greidd det. Ho har for mye å fortelle og for mange prosjekt på ein gong.

I metapresentasjonen syner oppsettinga stadig vekk sjølvinnsikt som det diverre ikkje blir gjort nok med. Eg har alt nemnd teknikaren som ikkje greidde å henge med, og i andre akt er det eit par tablå som syner korleis dette kunne ha vore gjort. I staden for å gi oss den palestinske historia kronologisk og komplisert, tar produksjonen det kjende journalistiske grepet å presentere ei personleg historie som kan illustrere det heile. Vi får ei lettfatteleg og vakker fortelling om opphavet til flyktningleiren Chatilla. Det er til å forstå, og ikkje minst til å få kjensler av. Og når Buzhan Baban frå Tønsberg opponerer mot ideen om kor viktig det er kor du er frå, får framsyninga ein dramaturgisk vending ho sårt treng meir av.

Maryon Eilertsen har ansvaret for regien, men signaturen hennar kunne med fordel ha vore tydelegare. Her er absolutt behov for innstramming og ein betre balanse mellom pedagogisk historieleksjon og gode fortellingar. Det er eit ensemble med ganske ulik scenisk røynsle, men personinstruksjonen er relativt god, og det er tydeleg at dei åtte på scena er fortruleg med stoffet gjennom at dei sjølve har vore med på utarbeidinga av stykket. Koreografien er ved Ella Fiskum, og danseopptrinna er av dei absolutt meir vellukka i denne produksjonen. Dei heng uløyseleg saman med musikken som vel er det som bergar framsyninga. Ensemblet både syng særs godt og akkompagnerer seg sjølv, og Jovan Pavlovic har skrive musikk som kler oppsettinga og som gir rette stemningar. Midtausten er ikkje så ofte tema på norske scener, og det er på høg tid at nokon freistar å seie noko om verdssamfunnets desidert dårlegaste samvit. Mange av historiene som Tale Næss fortel har i seg innhald og element som kan vere med på å illustrere og gi innsikt i ein konflikt det er uråd for dei fleste å forstå. Men produksjonen vil så alt for mye, og i iveren etter å presentere heile konflikten og historia, druknar diverre dei gode fortellingane som skulle ha gitt oss litt meir forståing.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 24. oktober 2008.)

lørdag 18. oktober 2008

Krigens usminka andlet


TEATER

Bite the Dust
Teatr Provisorium og Kompania Teatr
Basert på ”Dead and Buried” av Tadeusz Różewicz
Regi: Janusz Opryński og Witold Mazurkiewicz
Scenografi: Tomasz Bułhak og Jerzy Rudzki
Lys og lyd: Jan Piotr Szamryk og Jarosław Rudnicki
Musikk: Tradisjonsmusikk til tekst av Rainer Maria Rilke
Med: Jacek Brzeziński, Witold Mazurkiewicz, Jarosław Tomica, Michał Zgiet og Borys Somerschaf
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

Bildet:I skogen: Bokstaveleg talt bunde til skogen og eigen kross blir soldatane dehumaniserte robotar. FOTO: PRZEMEK SZYSZKA


Fysisk, rått, usminka og kontrastfylt om krigens verkelege røyndom.


I samband med ei polsk kulturveke i Trondheim for to år sia, fekk byen oppleve eit gjestespel av ekstraordinær klasse då dei to teatergruppene Teatr Provisorium og Kompania Teatr frå Lublin i Polen presenterte ”Ferdydurke” av Witold Gombrowicz. Det var så vellukka at Teaterhuset Avant Garden har greidd å få dei to kompania til å kome attende til Trondheim, denne gongen med produksjonen ”Bite the Dust” som er basert på dramaet ”Dead and Buried” av Tadeusz Różewicz, ein av etterkrigstidas fremste polske lyrikarar og dramatikarar. Det er eit særs kontroversielt stykke frå seint syttital som er freista sett opp to gongar før, men som båe gongane måtte takast av plakaten. Det er eit uvanleg sterkt antikrigsspel i slekt med både ”Im Westen nichts Neues” av Remarque og Hellers ”Catch 22”, men mye meir usminka. Det er andre verdskrig, og ei lita polsk heimefronteining held stand i skogen, der dei har vore i månadsvis og kanskje år. Dette er inga heltehistorie, tvert om. Dei fire soldatane er livredde, forfylla og dehumaniserte, og Różewicz, som sjølv var med i Heimefronten under krigen, fortel den usminka historia om kva krigen gjer, eller i alle fall kan gjere, med menneska. Ikkje uventa blei dette for sterk kost for hans eigen generasjon då stykket først blei freista sett opp for rundt 30 og 20 år sia. Nå har avstanden til andre verdskrigen blitt større, og i produksjonen ”Bite the Dust” er det heile abstrahert til eit meir generelt nivå sjølv om det uomtvisteleg er den polske motstandskampen mot tyskarane det dreier seg om. Oppsettinga hadde premiere for fire år sia, og har etter det eg får opplyst, vore spela på ein del teaterfestivalar, men er ikkje vist i Norge før nå.

Vi er i skogen, bokstaveleg talt. Det er sjeldan å sjå ei oppsetting der syntesen av spel, scenografi, effektar, rekvisittbruk, lyd og lys er meir komplett enn i denne produksjonen. Dei fire soldatane ber på kvar sin furulegg som stridspakning, og i ein effektfull bruk av desse trea, ei handkjerre og med framifrå lyssetting får dei fram både bivuakken, krigsskodeplassen og sterke religiøse metaforar. Den yngste av dei, Walus, truleg berre ein unggut, blir tatt for valdtekt, væpna ran og drap, og i ei setting der dette eigentleg, og i krigens logikk, er kvardagen, forstår han ikkje kva gale han har gjort. Handlingane hans er jo ikkje anna enn det dei alle blir kommanderte til dagleg. Gjennom ni scener, eller tablå, blir vi presentert for korleis Walus, grenselaust naiv og truleg eigentleg eit godt menneske, blir brote ned og øydelagt. Og treet han ber på, kan ein fort sjå som ein metafor på krossen han er dømd til å bere. Her er lite menneskeleg og forsonande, men samstundes presentert så forståeleg at vi umiddelbart skjønar at alle dei fire kunne ha vore kven som helst av oss i den same situasjonen.

Produksjonen spelar også effektfullt på kontrastar og - tru det eller ei – masse humor. Det gjer det umenneskelege meir menneskeleg, og distansen til handlinga mye stuttare. Her er uendeleg mange religiøse overtonar, og det er ein slåande kontrast mellom bøn og bannskap. Som eit uvanleg kontrasterande bakteppe i dette møkkete og forjævlege skogslandskapet, får vi utdrag frå Rainer Maria Rilkes ”Die Weise von Liebe und Tod des Cornet Christopher Rilke” der Rilke romantiserar krigen og ein tohundre år eldre slektning. Her får vi den riddarlege, romantiske krigaren som ein ekstrem kontrast til den fornedrande røyndomen vi møter i skogen.

Ensemblet har sjølv utvikla produksjonen, og det er eit tett og sterkt samspel som greier å gi både liv og truverd til ein røyndom som høgst sannsynleg er vanlegare enn vi likar å tru. Framsyninga eg såg blei spela på polsk med engelsk undertekst, og dagen etter blei ho framført på engelsk med polsk tekst. Men dette var så fysisk og ekspressivt teater at språket ikkje var nokon særleg barriere.

Amund Grimstad
(Ein sterkt amputert versjon av denne meldinga stod i Klassekampen laurdag 18. oktober 2008)