søndag 9. mars 2008

Lag på lag.


PERFORMANCE

Scarface
Av og med Eddie Ladd
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim
Bildet: Film eller teater? Ved å projisere seg sjølv inn i film skapar Eddie Ladd ei sjangeroverskridande framsyning. Foto: Dave Daggers

Ei intens oppsetting som samplar det meste som går an å sample, - og litt til!

Eg har sett Eddie Ladds parafrase over kultfilmen Scarface, og eg må vedgå at eg er sliten! Det var ei særs krevjande framsyning, - først og fremst for Eddie Ladd sjølv, men også for publikum. I berre dryge førti minutt, men i eit forrykande tempo, og med ein intensitet som gjer at du verkeleg må ta deg på tak for å følge med, presenterer ho sin walisiske versjon av Brian de Palmas film frå 1983. Jamvel om filmen er bakgrunnen, fortel Ladd knapt nokon historie, men i staden lag på lag med inntrykk og uttrykk, undertekst og politikk, men først og fremst ein imponerande miks av alle dei verkemiddel som er mogeleg å nytte på lerret og scene, og til same tid! Dette er ikkje ei framsyning som kan forklårast eller presenterast med resymé, men eg skal likevel freiste å gi nokre faktaopplysingar.

Eddie Ladd er ein walisisk performanceartist som jobbar i grenselandet mellom dei mange ulike scenespråka som film, video, dans, teater og musikk, og ho gjer det ved å blande det heile til imponerande mangefasetterte uttrykk. Samstundes er ho tematisk opptatt av kolonialisme og imperialisme, og denne kunnskapen kan vere grei å ha med i bakhovudet når ein ser, - eller meir korrekt; opplever - framsyningane hennar. I Scarface flyttar ho scena frå eksilcubanarane i Miami til landsbygda i Wales, og i ei uvanleg velkoreografert og millimeterpresis oppsetting får vi den walisiske versjonen av filmen. Eller, - rettare er det å seie at filmen er eit bakteppe for ei utforsking og eksperimentering med alle uttrykka. Heilt konkret får vi sjå filmopptak frå den walisiske landsbygda, og med eit videokamera på scena får Eddie Ladd sampla seg sjølv inn i filmen. Med suggererande musikk, stroboskopeffektar, gangsterkoreografi, voiceover, playback og you name it, skapar ho stemningar, bilde og situasjonar. Her er lite å forstå, i alle fall ved første gongs presentasjon, men desto meir å oppleve. Og stikkordet er sampling. Den originale filmen, først og fremst gjennom lydsporet, blir sampla med hennar eiga røyst, filmopptaka frå Wales blir sampla med video frå scena, engelsk blir sampla med walisisk, og slik kan ein halde fram nærast i det uendelege. Den politiske underteksten blei etter kvart også tydelegare gjennom kontrasten mellom engelsk og walisisk, og ved dei klåre assosiasjonane til invasjonar av ulike slag frå mikro- til makrokosmos. Gjennom blandinga av hermetiske og liveopptak, utforskar ho og skillelinene mellom sant og usant, falskt og ekte. Og ho leikar seg med filmstunts som eigentleg ikkje skal vere mogeleg å gjere live.

Scarface skal vere ein hyllest til filmen med same namn og til Al Pacino, men var for meg først og fremst ei forrykande oppleving, ein sjangermiks av dei sjeldne, ikkje eigentleg mykje å forstå, men desto meir å nyte. Presentasjonen er imponerande synkron, og Eddie Ladd syner kva for store utfordringar som ligg i det sjangeroverskridande.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 7. mars 2008)

onsdag 5. mars 2008

Er alt tilfeldig?


PERFORMANCE

Point Blank
Av Edit Kaldor
Med Nada Gambier og Edit Kaldor
Teaterhuset Avant Garden

Eksistensielle val presentert gjennom eit utal bilde av kvardagssituasjonar.

Bildet: Rollemodell. Nada har fanga inn ei kvinne som fyller livet sitt med å skrive. Kan ho vere ein rollemodell? Foto:Frank Theys

Teaterhuset Avant Garden har vald å legge performancefestivalen Bastard saman med Trondheim Internasjonale Filmfestival, Kosmorama. Og nokre av framsyningane i Bastard er gjort i samarbeid med Kosmorama. Kor lurt det er, er eit ope spørsmål, for her er det lett å bli lillebror i ein stor filmfestival. Det er synd, for nokre av produksjonane hadde fortent eit større publikum. Point Blank av Edit Kaldor er eit døme på det. Dette er eksistensiell performance som utforskar vesentlege sider ved livet, stiller spørsmål til publikum, og er ganske annleis enn det vi vanlegvis ser på ei teaterscene.

Edit Kaldor er opphavleg frå Ungarn, men vaks opp i USA, har utdanning frå USA og Nederland, og arbeidar nå med utgangspunkt i Belgia. I framsyninga sit ho sjølv og styrer ein pc med masse bilde, medan hovudaktøren er Nada Gambier. Ho er 19 år gamal, nettopp ferdig med high school, lei av mora, og på backpacking gjennom Europa for å finne ut av seg sjølv og kva ho skal gjere i livet. Med seg har ho eit kamera med ein zoom som kan forstørre 200 gongar. Med denne reiskapen ser ho på og dokumenterer haugevis av ulike vanlege menneske i daglegdagse situasjonar utan at dei sjølve er klår over at dei blir fotografert. Ein kvart million bilde er det blitt! I Ungarn treffer ho Edit Kaldor, og så blir det performance av det heile. Det er i alle fall det dei vil ha oss til å tru. I starten blei eg ganske opptatt av om historia var sett i scene, eller om ho var røyndom, men etter kvart gav eg blaffen, for dette er performance, og kva som er sant og ikkje blir uvesentleg. Det som er sant, er at Nada presenterer oss for eit utal menneske, og gjennom denne presentasjonen freistar ho å få svar på vesentlege spørsmål knytt til eigne val om framtid, og ikkje minst om å leve åleine eller i par. Men på vegen til desse vala sveipar ho innom så mye anna, at ein tidvis kan tru ho er ein tvangsnevrotikar som opplever alle avgjerder som eksistensielle, og alle hendingar som tilfeldige. Nada er prisgitt vengeslaga til dei karibiske sommarfuglane, men humoren og sjølvironien gjer at dette langt frå blir nevrotisk.

Ho utfordrar publikum og fordommane våre mellom anna med eit-sekunds-testen der vi blir presenterte for bilde av ulike menn, og må avgjere der og då om vi hadde våga å ta drosje heim med dei. På same vis som i Kate Pendrys Tales of a Wicked Child frå nokre år attende, syner det seg at tilsynelatande normale menneske er valdtektsforbrytarar og seriemordarar. Men sjølv om Nada er innom mye og bedriv kvardagsfilosofi i stor stil medan ho syner bilda sine, er hovudtemaet hennar (i alle fall denne kvelden) spørsmålet om det er best å leve åleine eller i par. Ho gjer seg intelligente refleksjonar medan ho viser bilde av både par og einslege, tosemd, einsemd og sjølvstende. Bilda er både intime og private, men likevel stort sett presentert med ein respekt for den fotograferte som gjer at dette ikkje blir invadering og kikking, så rart det enn kan høyrast. For det er ikkje personane ho utforskar, men meir kva dei utstrålar, blikka deira, andletsuttrykk, apati, glede osb. Framsyninga gir ikkje svar, og Nada finn ikkje fram denne kvelden, heller. Men gjennom alle dei kvardagslege situasjonane ho syner oss, får ho oss til både å sjå ting vi vanlegvis ikkje oppdagar, samt å sette i gong dei små grå. Det gjorde godt. Oppsettinga er halde i ei særs munnleg og improvisert stil, utan særleg synleg regi, - til tider hoppande og litt fragmentarisk. Alt er tilfeldig, som livet til Nada. Men når ein i ettertid går på nettet og ser ein trailer frå framsyninga, syner det seg at det meste er nøye innstudert. Så har kanskje Edit Kaldor berre lurt oss til å tru at alt er tilfeldig? Tilfeldig? Neppe!
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 3. mars 2008)

søndag 2. mars 2008

Ei leiken lita løve


TEATER

LØVEBRØL
Av og med Cirka Teater
Regi: Kjersti Haugen og Anne Marit Sæther
Scenografi: Gilles Berger
Dokkemakar: Tatjana Zaitzow
Musikk: Martin Smidt
Framført av Anne Marit Sæther, Anna Leyman og Ragnhild Faanes.
Trøndelag teater - Teaterkjellaren
Bildet: Ein liten kloss kan by på store utfordringar for ei løve som er leiken og nysgjerrig nok. Foto: Cirka Teater

Ei leiken lita løve som utforskar, snublar og ikkje minst sjarmerer.

Cirka Teater har alltid laga særs visuelle og ofte spektakulære produksjonar. Denne gongen presenterer dei ei i dobbel tyding ganske lågmælt framsyning, men likevel detalj- og opplevingsrik så det held. Løvebrøl er dokketeater med synleg dokkeføring. Berre akkompagnert av musikken til Martin Smidt, dels hermetisk, og dels framført av Ragnhild Faanes på saks og fløyte, gir Anne Marit Sæter og Anna Leyman liv til ei taus lita løve som er nysgjerrig som ein liten unge på alt som er rundt han. Tilsynelatande er omgivnadane berre eit par røyr og nokre klossar, men i Gilles Bergers magiske scenografi blir det trylla fram eit utal av utfordringar for den vesle krabaten. Han er leiken som få, og i den utsøkte og detaljrike dokkeføringa er det mye å kjenne seg att i for både store og små. Nokre kilevinkar og meir til må løva tole, men jamvel om ho blir klemd både flat og avlang, gir ho seg ikkje.

Det er inga eigentleg ytre handling i denne produksjonen anna enn ei løve som utforskar alt og alle. Ærendet til Cirka teater er å leike seg med leiken og skape gjenkjennelege situasjonar. Humoren er eit vesentleg element, og i opninga var salen heilt med. Men ein produksjon utan ord der heile handlinga er ein velkoreografert løveleik, kan bli vel poetisk og dvelande for dei minste. Framsyninga har nokre dramaturgiske problem og blir nok til tider litt stilleståande. Eg merka i alle fall at dei yngste i salen tidvis hadde visse problem med konsentrasjonen. Produksjonen er meint som ei familieframsyning, men eg vil tru at det er dei vaksne som har aller størst glede av henne. For meg var ho ei vakker, humoristisk, musikalsk og poetisk reise attende til den undrande barndomen der spørsmåla stod i kø og der nyfikna var utan grenser. Det visuelle var som vanleg tatt vare på i Gilles Bergers scenografi som denne gongen var tilsynelatande enkel, men berre tilsynelatande. Berger tryllar kompliserte figurar ut av dei enklaste volum. Dokkemakaren Tatjana Zaitzow kan også trylle, og ho har laga ei særs livfull løve som ein berre må bli glad i. Musikken til Martin Smidt, som tidvis var meir som lydkulisser, stod godt til handlinga, og gjorde det heile til nærast å vere ei velkoreografert danseframsyning. Dokkeførarane var særs synlege, men aldri i vegen, og med opptil tre dokkeførarar om ei lita løve, var eg imponert over kor synkron føringa var.

Løvebrøl er ei poetisk lita oppsetting full av opplevingar. For dei aller yngste kan ho kanskje bli litt langdryg, men for den som framleis hugsar korleis det var å vere liten og nysgjerrig, er dette eit vakkert og humoristisk gjensyn. Produksjonen har turnert med Den Kulturelle Skolesekken ei stund, og gjestar nå Trøndelag teater i halvanna veke.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 29. februar 2008)