Sant og usant
TEATER
Looking For A Missing Employee
Skrive og instruert av Rabih Mroué
Med Rabih Mroué og Hatem Imam
Trøndelag teater - Studioscena
Bildet: På scena er kopien, men rett bak oss er originalen. Kva er ekte og kva er sant? Foto:Trøndelag teater
Looking For A Missing Employee
Skrive og instruert av Rabih Mroué
Med Rabih Mroué og Hatem Imam
Trøndelag teater - Studioscena
Bildet: På scena er kopien, men rett bak oss er originalen. Kva er ekte og kva er sant? Foto:Trøndelag teater
Ei leiken og naivistisk framsyning om den stutte avstanden mellom sant og usant.
Trøndelag teater og Teaterhuset Avant Garden har saman fått den libanesiske teaterkunstnaren Rabih Mroué til å gjeste Trondheim med framsyninga Looking For A Missing Employee. Sist han var i Norge var for eit år sia med performanceframsyninga Make Me Stop Smoking. Mroué blir rekna blant dei viktigaste regissørane i heimlandet. Men jamvel om han i stor grad nyttar humor i den framsyninga vi fekk sjå, er det vanskeleg å lage upolitisk teater i eit så plaga land som Libanon. Arbeida hans er sterke og kontroversielle, og dei er for lengst forbode i heimlandet. Denne produksjonen tok i ytre handling opp dei mange personane som berre forsvinn, men i underteksten utforska han langt meir enn det.
Rabih Mroué og Hatem Imam sit sjølve blant publikum. På scena er det tre videoskjermar, og ved hjelp av videokamera lagar dei to ein sjangermiks der dei frå salen fortel og teiknar, men der vi får sjå projeksjonen og ikkje the real thing. Slik blir framsyninga eit slags fjernsynsprogram der vi på same tid er til stades under produksjonen. På dokumentarisk vis får vi presentert utklippsbøker om forsvinningar i Libanon, og etter kvart historia om ein departementstilsett som forsvann hausten 1996. Det er ei lang og relativt komplisert fortelling som blir presentert nærast som ei doku-såpe. Ved å nytte eit naivt og tragikomisk formspråk spelar Mroué på det motsetnadsfylte mellom den alvorlege historia og den nesten komiske etterforskinga og pressedekkinga. Han blar seg gjennom utallege avisutklipp og søker å utforske og etterrøkje kva som har skjedd med den forsvunne. Det gir oss innblikk i eit gjennomkorrupt land, og kriminalhistoria han rullar opp er for så vidt spennande i seg sjølv. Men hadde det vore berre den han ville formidle, hadde dette blitt langdrygt. Mroué startar med ei programfråsegn om at dette korkje skal plassere skuld eller avgjere kva som er sant og ikkje, men det er nettopp i grenselandet mellom motsetnadene sanning og løgn, - og skuld og uskuld at denne framsyninga har si styrke. Han leikar seg med det som til ei kvar tid blir presentert som fakta, flørtar med publikum, boltrar seg i metagrep, og på sin særeigne lågmælte og naive måte syner han oss at det ofte berre er ei hårsbredds avstand mellom kontrastar som sanning og løgn, eller meir dramatisk; - mellom liv og død.
Amund Grimstad
(Meldinga stod i Klassekampen den 7. desember 2007)