lørdag 29. september 2007

Ikkje morosamt

TEATER

Trøndelag teater – hovudscena
Ingen nordmenn savnet
Av Marianne Meløy, Stian Hovland Pedersen og Trygve Brøske
Musikk: Trygve Brøske
Instruktør: Catrine Telle
Scenografi og kostyme: Åse Hegrenes


Det er så avgjort ikkje nok med gode idear, dyktige skodespelarar og stor påkostnad for å lage godt teater.

Då dei tre folka bak teatergruppa Sjøkua for tre år sia tok steget fullt ut frå rølpete intimscenebuskis til ein fullformats heilaftans revy, meinte eg at steget var i lengste laget. Nå har dei same folka skrive ein framtidsmusikal som Trøndelag teater har vald å sette opp på hovudscena, og eg er lei for å seie det, men denne gongen er forskrevinga total.

Forfattarane tar oss tjue år fram i tida til eit Norge så styrtrikt at skatt er avskaffa. Dei tre nordnorske fylka er hekta av, Hamar er hovudstad, og alt dreier seg om spill og lotto i ein endelaus pyramide der alle vinn. Av ein grunn vi aldri får vite, er monarkiet også avskaffa, og landet er blitt republikk. Alt i dag er Norge eit anti-intellektuelt samfunn, og her er steget tatt fullt ut. Neil Postmans devise om å more seg sjølv til daude er blitt landets credo, og litteratur og kunst er avskaffa. Tor Jonsson skreiv eingong eit bitande essay om åndsproletaren, den personen han frykta mest på jord. Det samfunnet vi her får presentert kan ein såleis kalle åndsproletariatets diktatur. Men der det er undertrykking, er det som oftast opposisjon. Og han finst også her i små enklavar, som ein tidlegare journalist i Norge Rundt (Marianne Meløy), den siste bibliotekar (Trond-Ove Skrødal), og ein sterkt Brechtpåverka skodespelar (Brit Elisabeth Haagensli). Dei vil attende til velferdsstaten, og gjenopne teatra og biblioteka. Så langt, så bra. Ideen kunne ha vore eit brukbart skjelett til ein sjølvkritisk og politisk farse om eit samfunn vi kan vere på full fart inn i. Men det blir diverre aldri anna enn eit skjelett, eller eigentleg alt for mange av dei, og utan særleg substans, mål eller meining.

Skal ein skrive god politisk satire må ein ha kunnskap og innsikt. Skal ein kritisere eit samfunn som er i ferd med å bli overflatisk, må ein gå alt anna enn overflatisk til verks. Det har ikkje desse tre forfattarane gjort. Dei har alt for mye å fortelle, og det er lite av det som er interessant. I staden for gode og bitande poeng, pøsar dei på med klisjear og stereotypiar eg trudde vi var ferdige med på norske scener for mange år sia. Og med ein grunnleggande mistillit til publikum, blir alt fortald med kjempestore bokstavar og overspela til det pinlege.

Sjølvsagt er det lyspunkt. Musikken til Trygve Brøske er ujamn, men held gjennomgåande eit atskillig høgare nivå enn tekstgrunnlaget. Og einskilde scener kan stå på eigne bein. Hallbjørn Rønning og Arne O. Reitan presenterer to brør og bygdetullingar infamt, men likevel berre passe overspela. Og Janne Kokkin syng ei Brecht/Weill-inspirert vise som kunne ha vore noko atskillig meir. Best er framsyninga når ho glir over i å bli ein ironisk parafrase over Les Miserables. Men desse innslaga heng ikkje i hop, og blir berre frittståande fragment i ei langdryg framsyning som er lite morosam og ikkje særleg underhaldande.

I samband med oppsettinga av Revisoren for to år sia stilte eg spørsmål ved kvalitetssikringa på Trøndelag teater. Denne produksjonen gir grunn til å ta spørsmålet opp att. Eg har forståing for at dei tre forfattarane, som sjølve er sentrale aktørar i oppsettinga, kan ha fått tunnelsyn og ikkje sett kor det bar. Men korleis kan det ha seg at ein røynd teatersjef som Otto Homlung, og ein minst like røynd instruktør som Catrine Telle ikkje har sett at dette var for dårleg, og langt frå morosamt? I staden for å be forfattarane kome att med eit betre manus, har dei gitt det ei påkosta framføring med storslagen scenografi og kostyme. Det er ikkje så ofte det blir presentert ny norsk dramatikk på ei hovudscene, og institusjonsteatra blir i desse dagar kritisert for å vere for lite dristige. Det er sjølvsagt bra at Trøndelag teater gir scene til ein ny norsk musikal. Men å seie at det er motig å sette opp noko som ein måtte sjå var for dårleg, er fullstendig feil.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 27. september 2007)

søndag 16. september 2007

Guddommeleg om lidenskap


TEATER

Trøndelag teater – Studioscena
Equus
Av Peter Shaffer
Omsett av Helge Hagerup
Regi: Ola B. Johannessen
Scenografi og kostyme: Carle Lange
Koreografi: Elin Høyholm
Med: Terje Strømdahl, Hermann Sabado m. fl.

Bildet: Som livet sjølv. Det særs tette samspelet mellom psykiater(Terje Strømdahl) og pasient (Hermann Sabado) er på same tid lågmælt, intenst og fullt av lun humor, - kontrastfylt som livet sjølv. Foto:GT Nergård


Ei hundre prosent komplett oppsetting som både riv deg med og er humoristisk på same tid, og som presenterer ein uvanleg sterk skodespelardebut.

Når den store lidenskapen tar tak i deg, er det som oftast ikkje rom for analytisk resonnering og nøktern vurdering. Slik tenker eg når eg, etter å ha sett Equus av Peter Shaffer på Trøndelag teater, skal freiste å skrive ei balansert teatermelding. Equus er eit stykke som er så fullt av lidenskap og kjensler, og som i tillegg blir så framifrå presentert, at det er umogeleg å skrive noko som den uinnvigde ikkje vil oppfatte som einsidig og kanskje panegyrisk. Men lesaren får ha meg orsaka, - det er ikkje kvar dag ein får servert eit så komplett teaterstykke som denne oppsettinga!

Alt frå første augneblink forstår vi at dette er noko guddommeleg. I Carle Langes gjennomførte og særs stiliserte scenografi er scena eit tempel. Og ein stall. Og stallen er eit gudshus for vår mann, den 17-årige Alan Strang (Hermann Sabado). Han har helgejobb som stallarbeidar. Tilsynelatande er han ein vanleg ungdom som har ein stor lidenskap for hestar. Men så går eitt eller anna frykteleg gale. Alan riv ut auga på seks av dyra, og slik blir han eit case for barnepsykiateren Martin Dysart (Terje Strømdahl). Så er vi i gang.

I eit slags retrospektivt fortellarteater tar Dysart oss med gjennom heile behandlinga av Alan frå han ordknapp kjem til klinikken, via dei første forsøka på samtale, til det gradvis blir bygd opp eit tillitsforhold som gjer det mogeleg å avdekke guten lag for lag. Det er eit psykologisk kammerspel der Dysart si fortelling blir illustrert ved små retrospektive tablå medan Dysart sjølv og Alan går ut og inn av tid og rom utan at det på noko vis blir forvirrande. Etter kvart som vi får innsikt i Alans historie, grip ho også inn i Dysarts eige liv, og kuratoren blir konfrontert med seg sjølv. Eg vil tru dei fleste i salen også fekk sitt å tenke på over eige levd liv, og over lidenskap eller mangel på det. Kva er eit normalt liv, - og er det normale eigentleg noko å hige etter? Alan braut nokre grenser, men han gallopperte! Når gallopperte du?

Eg skal ikkje røpe meir av handlinga, men Equus er ei intens og sterk historie om store kjensler, og med både kraftige religiøse og erotiske overtonar. Det er ikkje vanskeleg å forstå at Shaffers tekst har hausta fagnad over heile verda sia premieren i London i 1973, men denne oppsettinga er noko langt meir enn ein god tekst. Ola B. Johannessen har ansvaret for tilrettelegging og regi, og har laga ein imponerande heilskapt produksjon. I nært samspel med scenograf Carle Lange har han skapt scena om til eit tempel. Det er dramatiske hendingar som blir presentert, men likevel imponerande lågmælt. Det gjer det særs tette kammerspelet mellom Strømdahl og Sabado endå meir intenst, og gjev ekstra styrke og kontrast til dei mange dramaturgiske høgdepunkta. Den litt lune og underfundige humoren som heile tida ligg som undertekst, gjer at den vonde og vanskelege historia blir lettare å ta i mot for publikum, men understrekar også dei mange motsetnadane denne oppsettinga inneheld. Korleis Johannessen og Lange har løyst presentasjonen av hestane, er rett og slett ein liten genistrek. Gjennom stiliserte masker og hovar, og ikkje minst ved hjelp av den utsøkte koreografien til Elin Høyholm, skapar dei ein illusjon ikkje berre av store hestar, men av noko guddommeleg. Det er vakkert, og det gir ei meir enn forståeleg ramme for Alans store lidenskap.

Terje Strømdahl er nesten sjølvutslettande roleg når han fortel om pasienten Alan og historia hans. På det viset får han høve til å spele på dei enorme kontrastane dette stykket inneheld utan alt for store fakter, og det kler oppsettinga særs godt. I tillegg gir det rom for at Alan får vere hovudperson i si eiga historie. Hermann Sabado er nyutdanna frå teaterskulen, og Alan Strang er hans debutrolle. Eg har vondt for å finne gode nok ord for denne rolletolkinga. Det er ei ekstremt vanskeleg rolle, særs utleverande, og der Sabado både kjenslemessig og bokstaveleg må kle seg fullstendig og forsvarslaust naken. Og han gjer det stillferdig, truverdig og med den største sjølvfølge. Han har eit kroppsspråk og ein mimikk som han spelar like lågmælt og dyktig på. I det tette samspelet både med favoritthesten Gullfaks (Ole Martin Aune Nilsen) og med Terje Strømdahl, får han fram ei på same tid vond og vakker historie.

Oppsettinga av Equus på Trøndelag teater er noko av det mest komplette eg har sett på nokon scene. Det er ei oppføring som har alt, og som verkeleg gjer noko med deg som publikum. Treng eg seie meir?
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 14. september 2007)