lørdag 17. mars 2007

Ei moderne skillingsvise

TEATER

Teaterhuset Avant Garden, Trondheim
Alice Bell
Av Lone Twin
Regi: Gary Winters og Gregg Whelan
Med: Antoine Fraval, Cynthia Whelan, Molly Haslund, Nina Tecklenburg og Paul Gazzola.

Ei historie som tok lang tid å kome inn i, men som etter kvart sjarmerte som dei gamle skillingsvisene.

Det vesle engelske teaterkompaniet Lone Twin, beståande av Gary Winters og Gregg Whelan, gjesta Norge for tre år sia med framsyninga The Days of the Sledge Hammer Have Gone, og tok publikum med storm. Nå er dei attende, men denne gongen står duoen berre for manus og regi, medan framføringa er av fem amatørar med kvar sin ukulele. I eit rom strippa for scenografi fortel dei ei merkeleg historie som tematisk er i slekt med Romeo og Julie, eller kanskje meir med West Side Story. Settinga er eit land i krig der folket er polarisert. Det er oss mot dei andre. Vår kvinne, Alice Bell, fell for ein på den andre sida, og for å leve ut kjærleiken må ho skifte identitet. Sjølvsagt blir ho innhenta av fortida, og korleis det går vidare skal eg ikkje røpe her.

Handlinga er som sagt ei klassisk kjærleikshistorie om umogeleg eller ulovleg kjærleik, ei slik som verdsdramatikken er full av. Og denne framstillinga bringer eigentleg lite nytt til torgs. Det som likevel gjer at ho forsvarar plassen sin på scena, er den merkelege måten ho blir fortald på. Dei fem er både fortellarar og aktørar, og på eit underfundig, temmeleg naivistisk, litt langdrygt, men likevel ganske sjarmerande vis, greier dei til slutt å formidle alle dei brokkane og fasettane som til saman blir ei historie. Ho er på eine sida vâr og sår, og på andre sida lun og humoristisk. Til dette nyttar dei mange ulike teknikkar der spesielt ein særs presis koreografi var effektfull.

Dei fem på scena er amatørar, replikkane blir leste overartikulert som om vi var på eit språkkurs, og alt blir framført i relativt store bokstavar. Medvitne verfremdungsgrep, - som at den eldste av skodespelarane, som i tillegg er kvinne, - først er broren til Alice og deretter dottera hennar, gir framsyninga distanse når handlinga kan bli for nær. Slik opplever eg at Winters og Whelan gjennom dei ulike regi- og fortellarteknikkane eigentleg leikar seg med publikum utan at vi heilt forstår kva det er vi er med på. Oppsettingas problem er at dette tar tid, - litt for lang tid, og at vi kan miste tolmodet før vi kjem inn i handlinga. Det er først mot slutten at det går opp for oss kva dei vil fortelle, og då kan det vere at nokre alt har ramla av. Men i finalen samlar dei trådane, og ikkje minst merksemda til publikum, med ein musikalsk sviske som både i form og innhald kan minne om dei gamle skillingsvisene. Det er ei nydeleg oppsummering av det heile og eit sjarmerande musikalsk resymé.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 15. mars 2007)

søndag 11. mars 2007

Draumar i krig

DANS

Teaterhuset Avant Garden
Don’t panic
Av Magnhild Rem Fossum og Omar Rajeh
Tekst: Marte Huke og Anwar Saab
Koreografi: Magnhild Rem Fossum

Ei danseframsyning som ufrivillig kom til å handle om seg sjølv.

Media hastar frå krig til krig. Konflikten som i går var i nyhendebildet over heile verda, kan dagen etter vere gløymd. Slik er det kanskje med Libanon som ikkje lenger er dagleg i nyhendebulletengane utan at det tyder at landet er blitt ein roleg stad. Magnhild Rem Fossum og libanesiske Omar Rajeh ønska å lage ei danseframsyning om eit anna Libanon, om den motsetnadsfylte kvardagen i eit land der krigen heile tida er bakteppe, men der folk likevel har sine lengsler, draumar og daglege gjeremål. Framsyninga skulle ha hatt urpremiere i Libanon for ein månad sia, men den røyndomen dei ville skildre, blei meir verkeleg enn dei hadde tenkt seg, og Fossum måtte rømme landet, medan Rajeh sit attende utan høve til å kome seg ut. Det som skulle vere ei oppsetting med to, er på grunn av at dette ikkje er fiksjon, blitt ei soloframsyning i Trondheim der Fossum har fått hjelp av Anwar Saab til å ferdigstille produksjonen. Og tysdag var det urpremiere på Teaterhuset Avant Garden.

Scenografien er ei boardingtavle, kanskje på ein flyplass i Beirut. Her er ingen utveg, for det ser ut som alt er kansellert. I staden sprett små kontrasterande aforismar fram på skjermen, - ein leik med ord som i starten er humoristisk, men som etter kvart blir litt føreseieleg. Med dette som bakteppe, og gjennom ekspressiv dans, formidlar Magnhild Rem Fossum den libanesiske røyndomen. Det er ei særs kontrastfylt framsyning der vegen frå voldsam aggresjon til mjuke kjærteikn, og attende att, er særs kort. Ein låst situasjon, men likevel ikkje utan håp slik ein fritt etter Jan Erik Vold kan seie; - det er umogeleg, men vi gir oss ikkje!

Berre avbrote av ein naivistisk og skjønn liten parabel, og ein like god video, er det dansen og rørslene til Fossum som formidlar det meste. Det er ei krevjande rolle, dyktig framstilt, og ho er relativt lett å forstå også for den som er urøynd med dans. Men framsyninga kunne ha tent på ein litt strammare regi, for nokre av innslaga, - spesielt dei med ei tøydokke, blir både repeterande og litt uforløyste. Avslutninga er derimot ein liten genistrek der boardingtavla kviknar til og får nytt og humoristisk liv. Don’t panic er blitt eit ufrivillig aktuelt bilde på ein gløymd konflikt, litt uferdig, men likevel løfterik både når det gjeld framtida til produksjonsselskapet og faktisk også situasjonen i Libanon.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 9. mars 2007)

onsdag 7. mars 2007

Så mye smerte!

PERFORMANCE

Teaterhuset Avant Garden – Trondheim
Dansekompaniet Rosas
Nine Finger
Av Alain Platel, Fumiyo Ikeda og Benjamin Verdonck
Framført av Fumiyo Ikeda og Benjamin Verdonck

Eit kontrastfylt møte med ein særs smertefull røyndom.

Nokre gongar kan ein abstraksjon bli sterkare enn det han skal vise fram. Eg har sett utallege fjernsynsreportasjar om barnesoldatar i Afrika, men ingen har greidd å formidle smerta og vondskapen så inderleg og intenst som det vi nyleg fekk sjå i oppsettinga Nine finger. Det belgiske dansekompaniet Rosas har gjesta Norge i to veker med denne framsyninga som gjennom eit særs effektfullt samarbeid mellom ein dansar og ein performanceartist syner oss krigens bestialitet. Utgangspunktet er debutboka Beasts of No Nation til den berre 23 år gamle Uzodinma Iweala. Boka skildrar med eit særs naivistisk språk røyndomen sett gjennom augo til ein barnesoldat. Iweala er amerikanar, men med bakgrunn frå Nigeria, og sjølv om boka finn stad i eit ikkje namngitt land i Vest-Afrika, er det klåre lenker både språkleg og innhaldsmessig til opphavslandet hans.

Det er eit lite, men stjernespekka kompani som står bak produksjonen. Alain Platel starta i 1984 Compagnie Les Ballets C. de la B, og har sia hausta strålande kritikkar som koreograf og regissør over heile verda. Japanske Fumiyo Ikeda var i ti år ein av dei leiande dansarane i Rosas. Ho har medverka i fleire filmar, og er nå attende i dansekompaniet. Benjamin Verdonck jobbar i grenselandet mellom performance enn teater, og har også tidlegare arbeidd i lag med Fumiyo Ikeda. Samarbeidet mellom desse tre har resultert i ei sterk og uvanleg ekspressiv framsyning, særs kontrastfylt, og kjenslemesssig vond, men ikkje utan humor, jamvel om den fort set seg fast i halsen. Utan å estetisere vondskapen, blir dette likevel vakkert nettopp fordi det er ein så presis og dyktig framføring på alle nivå.

Produksjonen er mangefasettert og har tallause lag. I botn ligg lidinga og smerta til barnesoldaten, men i framføring er det eit framifrå spel på kontrastar og metaforar. Alt i tittelen gir dei oss tallause assosiasjonar. Dei fleste vil fullføre namnet og henge på felirtals-s’en, eller seie; men det er jo ti fingre! Det er med andre ord noko som manglar. Og slik kan ein både i tittelen, innhaldet og framføringa dikte vidare i ei oppsetting som er uvanleg assosiasjonsrik, og som sit i deg lenge etter at scena er tom.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 5. mars 2007)

søndag 4. mars 2007

Ekte vare

STAND UP

Teaterhuset Avant Garden
HÅKKI the power of glesbygd
Av og med Tomas “Håkki” Eriksson og Turbo Lundgren

Ein uregissert stand up, eller rølpete popmusikk frå Vittula, om du vil. Smaklaus, men likevel full av sjarm.

Kva er det med Håkki som gjer at han greier å fylle Teaterhuset Avant Garden, og halde ei elles kresen forsamling i ande i to og ein halv time med uredigerte, til dels plumpe og vulgære historier frå heimplassen sin, Ljungaverk, - alt framført fullstendig utan regi? Han er komplett utrendy, politisk heilt ukorrekt, men altså særs sjarmerande og ikkje minst ekte og autentisk.

Håkki er ein multikunstnar som har skapt sin eigen sjanger og difor ikkje passar inn i vanlege vurderingar av kva som er god og dårleg scenekunst. Han er Håkki. Punktum. Og ferdig med det! Men for dei som korkje kjenner prosjektet eller mannen, så er altså Tomas Eriksson utdanna frå kunstakademiet i Trondheim. Han er frå den vesle plassen Ljungaverk så midt i Sverige at det er kåra til det geografiske tyngdepunktet i landet. Men økonomisk, kulturelt og vekstmessig er det langt frå noko tyngdepunkt. Det har Håkki bestemt seg for å gjere noko med. Han har flytta heim, bygd opp den registrerte merkevara Håkki, og i fem år har han produsert og seld T-skjorter med ulike handlaga motiv og påskrifter. Dei sel han frå utsal i Trondheim, Bergen og nå også i Oslo, og overskotet går til positive tiltak i Ljungaverk. Når eg i tillegg legg til at mannen køyrer rundt i gamle Volvoar med wunderbaum og er danseband-DJ skulle ein tru at han var uspiseleg for dei urbane og trendy. Men så er ikkje verda alltid logisk, og Håkki er i høgste grad in, og har eit etter kvart aukande og trufast publikum.

I tillegg til å sponse jentefotballaget i Ljungaverk, og bygge opp T-skjortetrykkeri, er prosjektet hans også å lytte. I Ljungaverk finns det berre nokre hundre menneske, men likevel mange fargerike figurar. Håkki er ein god lyttar, og etter å ha reist bygda rundt og samla historier, turnerer han nå Norge saman med kompisen Turbo der dei presenterer folk og lagnadar i glesbygda utan å skjele til korkje regi, manus, vanlege reglar for framføring, dramaturgi eller kva som måtte sømme seg. Her er historier som får Rorbua til å bleikne, og som i fargerik koloritt og innhald kan minne mye om popmusikken frå Vittula. Det som skulle vere ein times stand up blei meir enn to og ein halv, berre avbrote av ein pause og to heilt ubetalelege videoar, den eine om den lokale von Münchhausen, og den andre frå ein fotballkamp der det å ta ballen er det minst viktige.

Som teater er dette skikkeleg dårleg, som stand up er det ganske amatørmessig, temmeleg plumpt og nokså smaklaust, men som prosjekt, og som underhaldning er det likevel framifrå! Det er ekte og autentisk, ikkje så reint lite naivistisk, og så fullt av ei merkeleg form for sjarm at ein berre må like det. For Håkki er ikkje kitsch, men ekte vare!
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 2. mars 2007)