onsdag 28. februar 2007

Innsiktsfull debut


TEATER

Trøndelag teater – Studioscena
Eplehagen
Av Frode Sander Øien
Regi: Nora Evensen
Scenografi: Bård Lie Thorbjørnsen
Med: Harald Brenna, Pål Christian Eggen, Cici Henriksen, Evy Kasseth Røsten og Wenche Strømdahl

Folkehelsa
Av Carl Frode Tiller
Regi: Kjersti Haugen
Scenografi: Bård Lie Thorbjørnsen
Med: Janne Kokkin, Trond Peter Stamsø Munch, Helga Wendelborg, Mona Jacobsen og Kristofer Hivju

Bildet: Når ekteskapet er slik at ein stol kan bli sensuell, er det på tide å gi litt faen! Foto:Vegard Eggen


Trøndelag teater har valt å gi scene til fire relativt unge dramatikarar. Alt etter premiera på dei første to, kan vi slå fast at dette er eit overmoge tiltak som har livets rett og meir til!

Bak den særs tåpelege tittelen Trondheim Open, har Trøndelag teater invitert fire forfattarar til å skrive kvar sin einaktar for framføring på Studioscena. Dei fire har relativt ulik erfaring, og nokre har ikkje skrive for teater før. Onsdag var det premiere på oppsettingane til Frode Sander Øien og Carl Frode Tiller, og rett etter påske er det duka for Tale Næss og Johan Harstad.

Frode Sander Øien debuterte som dramatikarar for eit år sia då han sjølv dramatiserte sin eigen roman, Fantastiske Pepsi Love, for teater. Det var ein imponerande debut, og synte ein forfattar som tydeleg hadde fatta mye av teatrets eigenart. Oppsettinga var eit ungdomsstykke som nytta generasjonens eige språk. I Eplehagen har han valt å skildre ein atskillig eldre person; - den feterte, litt livstrøytte, og temmeleg sjølvopptatte forfattaren Daniel Becker. Skrivinga er det slutt på, og tida blir nytta til epledyrking. I retrospekt samtalar han med sitt yngre alter ego, og slik går no dagane. Byen hans skal avduke statue av Becker, og han let seg motvillig overtale til eit intervju. Møtet tar ei heilt anna retning enn han venta seg då den unge journalisten konfronterer han med fortida. Dei vala han i store ord omtalar som kunsten framfor alt, blir med eitt ynkelege når han blir tvunge til å sette seg til doms over seg sjølv.

Harald Brenna er den gamle, og både dialogen med den unge, utsegnene om kunsten, og etter kvart intervjuet med journalisten er naturlege og til å tru på. Men der Øien i Fantastiske Pepsi Love indikerte og mana fram bilde, blir det her etter kvart måla ut med litt for brei pensel. Eg skal ikkje seie korleis noko går, men maskefallet kjem for tidleg, og historia er blitt altfor føreseieleg til å bli truverdig. Prosjektet hans er å seie noko om dei vala vi gjer og kva dei fører til, men det hadde vore mogeleg utan å vere så tydeleg. I Nora Evensens regi er det heller ikkje så mye att til fantasien. Det er synd, for prosjektet til Øien er godt, og teksten hans spennande. Men handlinga snublar av og til i litt for opplagte klisjear.

Carl Frode Tiller har, etter det eg veit, aldri skrive for scena før. Han imponerte voldsamt med debutromanen sin, Skråninga, for seks år sia. Korleis kunne ein ung og urøynd mann vite så mye om menneskesinnet, og i tillegg vere i stand til å formidle det? Etter å ha sett scenedebuten hans, Folkehelsa, er eg endå meir imponert. Dette er ein dramatikar i full blomst! Ramma er eit ektepar (Janne Kokkin og Trond Peter Stamsø Munch), som har alt, men som har mista det vesentlege, og som har kome til eit punkt der det er på tide å gi litt faen. Eit tilsynelatande vellukka par som, saman med to mødrer og ein noko meir livsnytersk bror, samlar seg rundt eit middagsbord. Og så er vi i gang med eit tett og intenst kammerspel. Det er ein intelligent, observant, og ikkje minst særs humoristisk dialog Tiller gir oss. Humoren ligg i underteksten og i ei setting som fort kan bli ein interessant spegel på våre eigne liv. Og Tiller si innsikt i rollespela, hersketeknikkane og den verbale krysselden vi både forsvarar oss og går til åtak med, er det berre å ta av seg hatten for. Med humor og heilt uvanleg presis observasjonsevne syner han oss den formålslause verbale kampen vi alle kan kjenne oss att i. Regien til Kjersti Haugen understrekar på effektfullt vis det Tiller har på hjartet. Jamvel om merksemda er knytt til ekteparet og deira konflikt, er parallelle historier frå dei tre andre aktørane, samt utsøkt bruk av rekvisittar, små stiliserte scener og ei rekke raffinerte repetisjonar med på å gjere oppsettinga komplett. For det var det ho var! Og når eg i tillegg kan fortelle at ensemblet leverte strålande spel, toppa av ei Janne Kokkin i storform, har vel lesaren for lengst forstått at dette er godt teater!
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 26. februar 2007)

lørdag 24. februar 2007

Vegen til erkjenning

TEATER

Trøndelag teater – Hovudscena
Kong Lear
Av William Shakespeare
Omsett av Arthur O. Sandved
Bearbeidd og instruert av Kjetil Bang-Hansen
Dekorasjon og kostyme: Helge Hoff Monsen
Dei som er med: Svein Tindberg, Harald Brenna, Trond-Ove Skrødal, Janne Kokkin, Marte Stolp, Cici Henriksen, Pål Christian Eggen, Kristoffer Hivju, Marianne Meløy m.fl.

Bildet: Kong Lear (Svein Tindberg) abdiserer og deler kongeriket i ei velregissert TV-overføring. Foto: Lasse Berre

Det er ein lang veg frå hovmod til erkjenning. Og vegen kan vere kostbar!

Heilt mot slutten av siste akt, medan alt er i ferd med å rakne, og aktørane dør for fote, går med eitt Marianne Meløy, som tidlegare på kvelden har spela Narren, over scena i sivile klede, og seier med naturleg røyst nærmast som om ho var på veg heim; Vi sees etterpå! Det var eit ørlite metagrep frå Kjetil Bang-Hansens side, men for meg, i all si nøkterne og enkle framtoning, oppsettingas dramatiske høgdepunkt. Her var overraskinga som gjorde at vi stoppa opp, men først og fremst slo det meg at i denne vesle setninga ligg eigentleg det meste.

Kong Lear er kanskje ein av William Shakespeares mest moralske tragediar. Kongen (Svein Tindberg), er ein ekstremt maktsjuk og sjølvopptatt regent som skriv over riket sitt til dei av dotrene som elskar han høgast. Goneril (Janne Kokkin) og Regan (Marte Stolp) er intrigante spyttslikkarar og sit att med halve kongeriket kvar, medan yngstedottera Cordelia (Cici Henriksen) er ærleg, og blir bortvist og gjort arvelaus. Etter kvart opplever Lear at det ikkje akkurat er kjærleik til faren som driv dei to eldste, og dette parra med at han eigentleg ikkje vil abdisere fullt ut, driv han gradvis til vanvidd. Som så ofte hjå Shakespeare, er det fleire parallelle historier som grip inn i kvarandre, og også i dette stykket. Jarlen av Gloucester (Harald Brenna) har to søner, og her er det den yngste som står for intrigar og renkespel. I den grådige maktkampen som utspelar seg, får vi presentert både mennesket på det styggaste, og korleis striden ikkje berre bryt ned menneska, men også heile samfunnet og sivilisasjonen. Det er fire hundre år gamal sivilisasjonskritikk som er like aktuell i dag.

Helge Hoff Monsen har ansvaret for kostyme og scenografi, og saman med instruktør Kjetil Bang-Hansen har han vald å plassere dette i ei setting som korkje er Shakespeare eller i dag, men som snarare kan gi assosiasjonar til Victoriatida eller den russiske tsarens hoff. At dei har vald å nytte Arthur O. Sandved si ganske konservative omsetting, plasserer for så vidt også handlinga eit stykke attende i tid. Det understrekar det ålmenne, men små metagrep, som opningsscena der kongen held fjernsynstale kor han fortel om arv og abdisering, gjer at vi gløymer tida. Dette er når som helst, og her får vi presentert menneskas ibuande vondskap uavhengig av tid og rom.

Det heile opnar med kongens tilsynelatande velregisserte abdikasjon i ein storslagen scenografi som symboliserer makt. Men medan spelet og intrigane, og dermed og det menneskelege forfallet blir presentert, dett også dei ytre rammene ned. Scenografien, som her kan representere samfunnet, fell bokstaveleg i grus, og på ein ruin av ei slagmark endar menneska opp, avkledde i dobbel tyding, og endeleg klåre for ei form for erkjenning. Utan pynt er mennesket berre eit tobeint dyr! Det er mektige og gode grep instruktør og scenograf har nytta, og i det store scenerommet, som etter kvart blir ganske tomt, blir menneska temmeleg små.

Svein Tindberg som kong Lear, har den autoriteten på scena som kongen etter kvart mistar. Han fyller rommet, og vegen frå maktsjuke til fornedring og gradvis erkjenning, er godt framført jamvel om eg syns han nokon gongar spelar i vel store bokstavar. Harald Brenna som Jarlen av Gloucester gjer ein av sine beste rolletolkingar. I motsetnad til dei fleste aktørane som anten er berre vonde eller gode, har jarlen båe sider og blir dermed atskillig meir menneskeleg. I nettopp dette ligg eitt av denne oppsettingas største problem. Når aktørane, også frå Shakespeares side, er gitt så einsidige karakterar, blir dei fort tinnsoldatar utan attkjennelege trekk. Det kan gi ein distanse som gjer det vanskelegare å identifisere seg med, og å leve seg inn i handlinga. For same kva bakteppe kvardagen gir, er dette stoff som alltid er aktuelt. Likevel sat eg med ei kjensle av titteskap og at teatret ikkje greidde å treffe heilt. Det er velspela og spektakulært, men det er berre tidvis at det grip meg.

Det blir difor eit tankekors at to av dei scenene som først og fremst sit att i minnet, var då Bang-Hansen nærmast gjekk ut av framsyninga og nytta heilt andre regigrep. Båe situasjonane var så små at dei var over før eg fekk samla meg. Den eine er når ei slagscene blir framstilt stilisert ved dyktig bruk av lysbildeprojisering, og den andre er den alt nemnde Narren som er permittert og på veg heim. Når ho heilt en passant seier at Vi sees etterpå! er det for å minne menneska på at det kjem alltid eit etterpå!
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 22. februar 2007)

søndag 11. februar 2007

Autentisk

TEATER

Teaterhuset Avant Garden, Trondheim
Hold me
Av Goro Tronsmo og voksnebarn
Regi: Goro Tronsmo
Med: Mira Eklund, Linda Nilsson, Ane Skumsvoll og Mathias Wiik.

Fire unge menneske med eit verbalt og fysisk språk så ekte og autentisk at du gløymer at du er på teater.

Nokon gongar blir ein som teatermeldar i beit for språk. Ikkje i klisjetydinga at ord blir fattige, men rett og slett fordi ei verbal framstilling av det eg skal melde, i staden fort kan bli eit prosaisk resymé grensande til drap på oppsettinga. Slik kjenner eg det etter sesongopninga på Teaterhuset Avant Garden der Goro Tronsmo og voksnebarn framførte produksjonen Hold me som dei har spela i rundt tre år i eit utal ulike settingar, og som nå er på turne med Den kulturelle skolesekken i Trøndelag.

I ein fullt opplyst black box utan scenografi eller anna utstyr enn det som naturleg er i salen, blir det spela ut eit stykke som både er humoristisk, vondt, fysisk, leikent og først og fremst særs autentisk. Fire personar i eit rom som kunne ha vore kor som helst, i kveld tilfeldigvis på ei teaterscene, men det kan vere eit portrom, ein gymsal, på ein open plass, - kort sagt alle stader der unge menneske møtast. For som ensemblenamnet syner til, er dette fire personar ein eller annan stad på grensa mellom barn og vaksne. Alle har dei bagasje å dra på, og i det som kjennest som ei uvanleg ekte setting, blir vi vitne til møtet mellom dei, og til den kommunikasjonen som finn stad. Og han er ikkje berre verbal! Han er på same tid aggressiv og empatisk, taus og høgrøysta, vond og kjenslevar. Med andre ord – heilt realistisk. Eg kjende meg som ein kikkar som ufrivillig blei vitne til noko gripande, verkeleg, men høgst privat som eg eigentleg korkje hadde noko med eller skulle sjå, men som eg likevel blei fanga av og som råka meg. Treng eg eigentleg seie meir?
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 9. februar 2007)