fredag 5. mai 2006

Nedlagd, for fan!

PERFORMANCE

Intermezzo i arbeiderklassen
Panter Tanter og Karstein Solli
Idé: Berit Rusten
Med og delvis av: Panter Tanter, Lars Ove Seljestad, Marion Palmer, Jens Hoel, Rapgruppa G.O.D.S, LO teatertrupp og mange fleire.
Lilleby smelteverk

I ei perfekt setting og på den rette dagen stiller Panter Tanter det naive spørsmålet; Kor er det blitt av arbeidarklassen?

På nedlagde Lilleby Smelteverk i Trondheim blei det denne 1.mai-helga spela ganske annleis teater. Panter Tanter, med primus motor Berit Rusten i spissen, har henta inn kunstnarar og amatørar som med ulik bakgrunn set eit kritisk lys på ideen om at klassekampen er over og arbeidarklassen borte. For dei som ikkje har vore på eit smelteverk før, var nok scenografien åleine eit sjokk. I desse omgivnadene var det ein arbeidsplass med ein av Trondheims mest aktive klubbar for berre få år sia. Men så blei det slutt, - presentert på to heilt forskjellige vis av ein arbeidar frå ei naboverksemd, og av forfattaren Lars Ove Seljestad som sjølv har vokse opp ved og arbeidd på smelteverket i Odda. Fine ord som fleksibilitet og overtalligheit greier ikkje å dekke over røynda; - Det e’ nedlagd, for fan! Men om smelteverka er nedlagde, er det likevel ikkje slutt. Det forstår vi etter kvart. Gjennom dei mildt sagt utrivelege verkstadhallane som, trass i eit forferdeleg ytre miljø, likevel var ramma om ein god arbeidsplass, blir vi geleida rundt frå scene til scene, frå tablå til tablå. Seljestad les lett melankolsk og litt sorgtungt om slutten på smelteverket, rapgruppa G.O.D.S. (Gode ord dør sist) framfører særs gode og kontrastfylde tekstar, Panter Tanter syng og presenterer annleis maskefall, og LO teatertrupp er knappestøyparen som vil smelte om smelteverksarbeidaren. Jens Hoel, tidlegare leiar av Hotell- og restaurantarbeidarforbundet, men for gamle lesarar av denne avisa vel så godt kjend under signaturen Kit Carson, sit som eit orakel i tårnet og svarar på spørsmål om framtida for arbeidarklassen. Og på video set Berit Rusten det heile i perspektiv når ho syner at trass i newspeak og tilslørande språk, så er klasseskilnadane i ferd med å bli større. Arbeidarklassen er ikkje borte, og klassekampen slett ikkje over. Kapitalismen blir ikkje vakrare om du kallar han moderniteten.

Framsyninga er einsidig og unyansert, men samstundes befriande einsidig og unyansert om du forstår kva eg meiner. Alt skal ikkje vere på den eine og andre sida, og her er ein produksjon som ikkje legg skjul på kva og kor han vil. Ein performance som dette kan likevel lett bli moralistisk og humørlaus, men ein særs humoristisk, litt absurd, sjølvironisk og velskriven tekst av Marion Palmer balanserer det heile nydeleg, og syner at Bakvendtvisa til Prøysen kanskje fortener ein renessanse. Om ein skal tenke nytt, må ein ofte tenke litt bak fram!

Oppsettinga er særs ambisiøs, men likevel ganske upretensiøs. Ho blir presentert temmeleg grovt. Det går litt over stokk og stein, med ujamnt spel, lite regi og med mange tekniske problem. Men scenografien og settinga er så perfekt, spørsmåla så enkle og naive og difor så viktige, at eg gir litt blaffen i vanlege kriterium for kva som er godt og dårleg teater. Panter Tanter er Trondheims svar på Kjerringa mot straumen; - Det er umogeleg, men vi gir oss ikkje!
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag 3. mai 2006)