tirsdag 29. november 2005

Pinleg og provinsielt

TEATER

Revisoren
Av Nikolaj Gogol
Omsett av Geir Kjetsaa
Regi og omarbeiding: Yngve Sundvor
Scenografi og kostyme: Even Børsum
Med: Trond Høvik, Øyvind Brandtzæg m.fl.
Trøndelag teater – hovudscena

Bildet: PLUMPT: Eg føler oppriktig med alle dei dyktige skodespelarane som kvar kveld i veker framover må lide seg gjennom eit slikt lågmål. Foto: Lasse Berre

Om teatersjefen ikkje forstår det sjølv, bør nokon snarast fortelle han at han bør vurdere å ta denne produksjonen av plakaten så snart som råd!

Eigentleg burde eg vere rasande over at det er mogeleg å presentere noko så gjennomført dårleg og inkjeseiande som denne oppsettinga av Revisoren av Gogol på Trøndelag teater. Men eg kjenner at raseriet og indignasjonen først og fremst har gjort meg trist og ille til mote. Det må vere noko fundamentalt gale med kvalitetssikringa og leiinga ved Trøndelag teater, når dei kan presentere ei oppsetting som dette. Og eg føler oppriktig med alle dei dyktige skodespelarane som kvar kveld i veker framover må lide seg gjennom eit slikt lågmål.

Då Nikolaj Gogol skreiv komedien Revisoren for 170 år sia, la han handlinga til ein liten plass på landsbygda i tsar-russland der den lokale leiinga hadde gått fullstendig av hengslene, og der korrupsjon og maktmisbruk var rådande. Til staden kom ein revisor for å granske tilhøva, og ettersom han reiste inkognito, blei alle framandkarar sett på som ein mogeleg inspektør som ein måtte stelle pent med. Revisoren er ein forvekslingskomedie i same gate som Holberg sine komediar, og med same mål. - å gjere narr av menneskeleg dårskap. Instruktør Yngve Sundvor har freista å omarbeide dette til moderne og lokale forhold, men totalt utan fingertippkjensle. Handlinga er lagt til ein plass i Trøndelag som er til forveksling lik Trondheim, i ein scenografi som gir klåre assosiasjonar til Palmehaven, og med ei uendeleg rekke overtydelege, og etter kvart påtrengande hint om kor vi er. Byen er leia av eit fullstendig korrupt embetsverk der manglande kompetanse ser ut til å vere beste og einaste kriterium for å få jobb. I spissen for det heile er det ein valdeleg ordførar (Trond Høvik). Samstundes med at den meir enn lugubre Ivar Falsk-Aleksandersen (Øyvind Brandtzæg) kjem til staden, oppstår det eit rykte om at Økokrim har sendt ein revisor for å granske tilhøva i byen. Og så er vi gang.

Men i staden for å spele forvekslingskomedie, har Sundvor gjort dette til eit provinsielt lirum larum om nasegrus beundring for kjendisar, autoritetar og hovudstaden. Det kunne kanskje ha vore artig om det hadde vore godt laga, men her manglar ikkje berre det meste, men alt. Framsyninga er blotta for dramaturgisk oppbygging, demaskeringa blir ein parentes og eit antiklimaks, handlinga berre går og går utan at det skjer anna enn plumpe og pinlege opptrinn. Fleire av dei ser ut til å kome etter innfallsmetoden, og blir toppa av ei heilt umotivert avsynging av amerikanske svisker mot slutten. Nivået på humoren er så lågt at det ville kunne bli refusert på ein gjennomsnittleg russerevy. Det er korkje vågalt eller artig med pissing og onanering, og det er trist å måtte sjå erfarne og dyktige skodespelarar få roller der hovudattraksjonen deira er at dei runkar under ei kappe og syner fram brysta sine!

Scenografien til Even Børsum er det einaste formildande eg finn ved framsyninga. Ein lekker parafrase over Palmehaven der det heile til slutt kollapsar saman med det øvrige forfallet. Men i scenografien, som i stykket for øvrig, blir alt så tydeleg. Produksjonen er prega av ein grunnleggande mistillit til publikum der det meste er skrive med store bokstavar og repetert til det keisame. Og typegalleriet er så overspela at det blir pinleg. Av omsyn til publikum, teateret sitt truverd, og ikkje minst til skodespelarane, bør teatersjefen vurdere å ta denne oppsettinga av plakaten så fort som råd!
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag 28. november 2005)

tirsdag 22. november 2005

Kjærleiksvegring

TEATER

Rasende rebeller og andre reddharer
Etter fortellingar av Stig Claesson
Av Cirka Teater
Regi: Niels Peter Underland
Scenografi: Gilles Berger
Dokker: Tatjana Zaitzow
Kostyme: Ellen Karin Mæhlum
Musikk: Martin Smidt
Framført av Loan TP Hoang, Stian Hovland Pedersen og Anne Marit Sæther
Trøndelag Teater – Studioscena

Bildet: Forelska: Å vere forelska, - det er farleg, det! Foto: Dino Makridis

Sjangerblanding, kjærleiksvegring og ein poetisk ballett for tannhjul og fastnøklar!

Med særs gode røynsler frå suksessframsyninga Kurt koker hodet, har Trøndelag teater nok ein gong invitert til samarbeid med den vesle teatergruppa Cirka Teater. Denne gongen er det blitt ein slags barneversjon av Short Cuts der tre ulike fortellingar av Stig Claesson blir fletta saman til ei historie. Oppsettinga er ei sjangerblanding der vi både får tradisjonelt teater, dokketeater og skuggespel. Og alt presentert i umiskjenneleg Gilles Berger-scenografi, i eit landskap som kan få både Teknisk museum og Reodor Felgen til å framstå som statistar.

Det er skraphandlar Alfred det dreier seg om. Alfred er ein figur som dokkemakar Tatjana Zaitzow har gitt eit meir enn levande uttrykk. Han er stappfull av sjenanse og hormon i ei blanding der blygskapen og redsla for kjærleiken til nå har vore sterkast. Skrotgjengen, dei tre aktørane på scena, er både dokkeførarar og venner av Alfred, og går ut og inn av dei ulike funksjonane velsynkronisert og utan at rollene blir vanskelege å tolke. Dei kjem til Alfred med alt mogeleg gamalt skrot. Til skraphandlaren kjem også den vakre Beate. Ho er minst like hormonell som Alfred, men langt dristigare og meir rett på sak enn vår mann. Beate legg att eit brev om at nå må Alfred skunde seg om dette skal bli noko av. Alfred gøymer seg, og vennene i skrotgjengen har ein time til å overtyde han om at det er rett å satse på kjærleiken. Det er til dette føremålet dei nyttar dei tre historiene frå Stig Claesson. Ettersom dette, trass i boblande kjærleik para med sterk kjenslevegring, likevel er barneteater, er det vel meir enn gitt korleis det går med Alfred og Beate til slutt, men vegen fram er fylt av gode anekdotar sprudlande framført av eit ensemble fullt av overskot og speleglede. Og den lykkelege avslutninga er så varm og poetisk at ho kan smelte stein. Trollmannen Gilles Berger framstår som den reine alkymisten der han får søppel og skrot til å bli vakkert som gull. Eit skuggespel med ballett for ørten fastnøklar og ein handfull tannhjul til vakker nyskrive musikk av Martin Smidt, blir eit lite spel i spelet, og ein kjempebonus til eit publikum som alt for lenge sia er fullstendig forført.

Som vanleg frå Cirka Teater er dette ei særs visuell oppsetting. Samarbeidet med Tatjana Zaitzow som dokkemakar har gitt ein ekstra dimensjon til det visuelle, og det har også kostyma til Ellen Karin Mæhlum. I Niels Peter Underlands regi er Rasende rebeller blitt ei konsentrert, velsynkronisert og mangefasettert framsyning som først og fremst vender seg til ungar på grunnskulenivå, men som har så mange kvalitetar at også ungdom og vaksne vil ha stor glede av denne produksjonen.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 21. november 2005)