Komplett ukorrekt
TEATER
Radiohole is still my name.
Av og med Radiohole
Teaterhuset Avant Garden
Bildet: HARSELAS: Amerikansk kultur og ukultur får gjennomgå i ei framsyning som harselerar med det meste. Foto: Roee Dori/Radiohole.
Radiohole er kanskje provoserande teater i USA, men for eit norsk publikum er dette meir underhaldning enn særleg sjokkerande.
Teaterhuset Avant Garden, saman med Black Box i Oslo og BIT i Bergen, har fått den amerikanske undergrunnsgruppa Radiohole på gjesting. Alle tre teatra marknadsfører oppsettinga som sesongens høgdepunkt. Ja, dei tar jamvel i bruk så sterke omgrep som årets sensasjon og nærast åtvarar publikum om kva dei kan vente seg. Så står det att å vurdere om dette var så sensasjonelt. Personleg meiner eg at framsyninga ikkje heilt stod til omtalen.
Radiohole er ein kvartett frå New York. Dei har i løpet av få år vunne seg eit trufast publikum, og ein del særs god presse. Gruppa er så definitivt off Broadway, og eit slags heimesnekra garasjeteater der alle gjer alt, og der det går over stokk og stein både innhaldsmessig, dramaturgisk og ikkje minst i framføringa.
Oppsettinga dei gjestar Norge med for tida, heiter "Radiohole is still my name", og er ei syltynn historie, om ein i det heile kan seie det er ei historie. Men det er ganske uviktig, for det er heilt andre ting som er Radiohole sitt ærend. Dei vrir og vrenger på vanlege samanhengar, set metaforane inn i ny kontekst, driv harselas med pornografiens verkemiddel, heng opp eit vrengebilde av vanleg amerikansk kultur – eller ukultur og boltrar seg i upassande klisjear. På dette området er oppsettinga både særs politisk, og ganske vellukka. Ikkje så reint lite av framsyninga er i tillegg ei formidabel reise i bad taste og alt som blir rekna som motbydeleg. Det er så vidt eg kan forstå dette som har gitt dei slike sensasjonelle presseoppslag. Og det er mogeleg at ristande kjønnsorgan og ekstremt grisete eting er provoserande for eit amerikansk publikum, men for ei alternativ scene i Norge er dette neppe egna til anna enn latter. Og det er greitt nok. Vi lo og så samanhengar vi ikkje hadde sett før. Provoserande var det ikkje, men ganske underhaldande.
Scenografien er som framsyninga elles, ei temmeleg rølpete greie. Han er som eit Mekanosett for vidarekomande der sceneskift, lyd og lys blir styrte av skodespelarane sjølve. Ofte komplett usynkront. Det var artig, og når det var så gjennomført off pitch, så blei også dette ein harselas med alt det perfekte vi til dagleg omgir oss med, og ikkje minst med det teknisk fullkomne teater der alt skjer til rett tid og på rett måte. Det er mogeleg eg har misforstått alt, men i Radiohole is still my name fann eg først og fremst ein særs humoristisk kritikk av alt som er korrekt og main stream. Dei som vil sjå Radiohole for å oppleve noko provoserande, kan like gjerne gå i Vigelandsparken for å sjå pornografi!
Amund Grimstad
(Meldinga stod i Klasekampen onsdag den 20. april 2005)

<< Startsiden