Levd liv
TEATER
Undset
Av Otto Homlung og Tine Thomassen.
Musikk av Ketil Bjørnstad.
Regi: Otto Homlung.
Framført av Ellen Horn.
Trøndelag Teater – Gamle Scene.
Undset
Av Otto Homlung og Tine Thomassen.
Musikk av Ketil Bjørnstad.
Regi: Otto Homlung.
Framført av Ellen Horn.
Trøndelag Teater – Gamle Scene.
Bildet: HORN SOLO: Framsyninga fortel Sigrid Undset sitt liv i ein dramatisert monolog. FOTO: CHRISTIAN ELGVIN
Ei oppsetting om Sigrid Undset som ikkje freistar å forklåre kva som gjorde ho til ein av Norges største forfattarar, har eit alvorleg problem.
Det blir for tida skrive og seld biografiar som aldri før, og ein del av dei får og sceniske uttrykk. Biografiar om kunstnarar, politikarar, polfararar og andre kjende personar er interessante dersom dei kan kaste lys over dei gjerningane eller produkta som gjorde desse folka namngjetne. Å lese eller sjå ei kronologisk framstilling av livet til ein kulturperson der desse elementa ikkje er det berande, kan i verste fall bli rein dyneløfting. To nytilsette teatersjefar, Ellen Horn og Otto Homlung, sette for eit par år sia opp eit teaterstykke om Sigrid Undset og hennar dramatiske liv. Det turnerte lenge for Riksteatret, og etter det eg forstår til gode kritikkar. Nå har produksjonen fått nypremiere på Trøndelag teater der det skal bli spela på Gamle Scene i ein snau månad framover. Oppsettinga er diverre ikkje egna til å gi mye innsikt i forfattarskapen til nobelprisvinnaren.
Ellen Horn er Sigrid Undset! Bokstaveleg tala. Ho er skummelt lik henne, og i to samfulle timar, berre avbrote av ein pause, fortel ho i ein dramatisert monolog sitt eige liv. Det er ein prestasjon i seg sjølv og framføringa er myndig og sikker. Vi startar med heimkomsten til Bjerkebæk etter krigen der vi ser at forfattaren gradvis mistar livsgnisten nå når kampen er over og ho kjem attende til ein rasert heim der ho reflekterer over levd liv og tapte born. I retrospekt får vi presentert krigsutbrotet, tapet av dotter og son, flukta til USA via Sverige, Sovjet og Japan, og dei tilsynelatande lykkelege åra i amerikansk eksil. Her er oppsettinga på sitt beste av di ho syner den patriotiske og kjempande Undset, og litt om kvifor ho, i motsetnad til den andre nobelprisvinnaren, valde å stå opp mot nazisme og undertrykking.
Andre akt blir ein gedigen nedtur. I nattserk og truleg på det siste, ser Undset attende på oppvekst, kjærleik, opprør, forfattarskap, barnefødslar, skilsmål og konvertering, alt viktige ingrediensar i dette mangfaldige diktarlivet. Sigrid Undset fekk verdas høgste litteraturpris for romantrilogien Kristin Lavransdatter. Men oppsettinga fortel så godt som inkje om kva som fekk ho til å skrive dette enorme middelaldereposet. Kor tok ho figurane frå? Kva ville ho fortelle lesaren? Kvifor gav ho opp dei moderne romanane og tok til med historiske fortellingar? Så mange spørsmål, og berre bisetningar til svar. I staden får vi ei opptelling av levd liv i litt for stort tempo, og med alt for liten vekt på det som er blitt bautaen etter henne, - den litterære produksjonen.
Amund Grimstad
(Meldinga stod i Klassekampen torsdag den 17. februar 2005)
<< Startsiden