lørdag 12. mars 2005

Alt er overflate

TEATER

BIG 2nd episode (Show/Business)
Av og med Superamas
Teaterhuset Avant Garden – Rosendal scene

Ein sjarmerande multimedia-aforisme, full av elegante stikk til det overflatiske, men heller ikkje så mye meir.

Med gjennomført bruk av musikk, video, playback og repetisjonar greier det fransk-austerrikske teaterkompaniet Superamas å syne oss eit spegelbilde av vår overflatiske postmoderne samtid der alt er like(-)gyldig. "BIG 2nd episode (Show/business)" er samtidskritisk, og i så måte politisk, men det meste av det som blir formidla på scena er sagt før, og såleis slår gruppa inn vidopne dører. Men dei gjer det så sikkert, og med slik humor og eleganse at det likevel blir godt teater.

Superamas boltrar seg i populærkulturelle effektar. Det ultimate ved denne kulturen er overflate, og kva er meir naturleg enn at settinga i hovudsak er ei kosmetikkforretning på ein flyplass. To menn og ei kvinne møtest, og scena blir repetert til det nesten keisame, men når du trur du har sett henne før, så tar ho ei litt anna vending. Og vendingar er det mye av i denne oppsettinga som vekslar mellom Ben Stillers Zoolander, Wham som musikalsk kulisse, eit førti år gamalt intervju med Jean-Luc Godard, den allereie omtala scena i kosmetikkforretninga, og eit utal andre uttrykk i det som må kallast ein multimedieframsyning der det heile er gjort med fingertippkjensle og eit humoristisk raffinement. Framsyninga bit seg sjølv i halen, går i loop, handlar om seg sjølv, frigjer seg og endar i ny loop att. Det skjer noko med persepsjonen i salen, for etter mange repetisjonar kan dei fjerne ein av aktørane utan at det gjer noko, for vi diktar han inn att ettersom vi har sett han før. Kva er røynd, og kva er teater? Kva er verkeleg, og kva er illusjon? Og når vi reint en passant får ein blowjob presentert nærast i full utfalding utan at korkje vi som publikum eller dei på scena lar seg affisere, syner det kva dette overflatiske tilveret kan gjere med oss som menneske.

Frå opninga med miming og luftgitar og gjennom heile framsyninga er all tekst rein playback. Heile tilveret er hermetisk og tatt opp på førehand. Med eit unntak som blir desto sterkare når den einaste kvinna i det namnlause ensemblet framfører 4 Non Blondes sin What’s up.

Superamas bodskap er overtydeleg, men som sagt framført så avansert, raffinert og med slik eleganse at det korkje blir moralistisk eller keisamt. Framsyninga er nå vist i Bergen og Trondheim, og blir sett opp på Black Box i Oslo i neste veke

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 11. mars 2005)

tirsdag 8. mars 2005

Ronja Krigardotter?

TEATER

Ronja Røverdatter
Av Astrid Lindgren
Omsett av Jo Tenfjord
Dramatisert av Jon Tombre og Per Ananiassen
Regi: Jon Tombre
Scenografi og kostyme: Kathrine Tolo
Med: Rannei Grenne, Børge Bruteig og eit dusin vaksne røvarar.
Trøndelag teater – Hovudscena

Bildet: TALENT: Rannei Grenne som Ronja gjer store sprang i dobbel tyding. Dette blir neppe siste gongen ho står på ei scene. Foto:Harald Sæterøy

Storslagen Ronjaoppsetting med mye teknologi og effektar, men hadde det ikkje vore for Rannei Grenne og Børge Bruteig, kunne dette ha blitt ein temmeleg langdryg affære.

Trøndelag teater si flotte hovudscene skulle vere vel eigna til å sette opp Ronja Røverdatter i storformat. Her er både teknologi og dimensjonar til å skape røvarborg, helvetesgap, skog og meir til. Og regissøren Jon Tombre synte med oppsettinga "Lilleskogen" i fjor at han er i stand til å forstå og ta vare på barnesinnet. Når teatret i tillegg nyttar unge amatørar som er så trygge på scena at ein skulle tru dei var fødde der, burde det meste vere til stades. Men resultatet er diverre blitt berre eit halvgodt forsøk på å gjere noko nytt utan å våge å ta steget heilt ut. Røvarfamiliane ter og kler seg som geriljasoldatar, og mye av effektane kan tyde på at det er krig. Det er ein spennande variant der Ronja og Birk kunna ha fått rolla som meklarar. Men krigen er berre utanpå. I det verbale er alle røvarar og ikkje soldatar, og då heng det ikkje heilt i hop.

Ronja er ikkje lett å dramatisere, og ei teateroppsetting set store krav til dramaturgi og scenografi. Det er raske skift frå borg til skog og kløfter. I første akt verkar det som om Tombre er redd for at alt ikkje blir med. Han tar oss med på det som nærmast blir ei vareopptelling der vi hastar av garde frå scene til scene. I andre akt lar han heldigvis Ronja og Birk få lov til å stoppe opp og dvele litt. Då blir det straks meir poesi. Og med så scenevande ungdomar i dei to berande rollene, burde Tombre ha gitt dei meir rom til å spele ut venskapen sin, brubygginga, og alle dei andre elementa det er mogeleg å dikte inn i denne historia. På premiera fredag var det Rannei Grenne og Børge Bruteig som spela Ronja og Birk. Med eit forrykande spel i høgt tempo og med stor energi, gjorde dei alle andre til statistar. I andre akta synte dei også at dei har eit større register då dei i meir rolege passasjar gav oss nokre av oppsettingas beste og mest poetisk scener.

Med unntak av Helle Ottesen som gjorde ei framifrå tolking av Skalle-Per, blei eg ikkje klok på dei vaksne (les; dei profesjonelle) på scena. Det er mogeleg Tombre ønska å vise at røvarane var nokre ynkelege vesen, men dei blei så anonyme, firkanta og sjablongmessige at det grensa til det parodiske. Og røvarhøvdingane Mattis og Borka var ikkje egna til å skræme nokon. Korleis dei hadde fått autoriteten sin, er for meg ei gåte.

Kathrine Tolo har ansvaret for scenografi og kostyme, og har gjort ein del ganske frie val. Røvarborga er bytta ut med ei hole, dei to røvarfamiliane er kledd som ei blanding av hippiar og paramilitære styrker, og vettene flyg rundt som sølvblinkande Ufoar. Alt dette er greitt, truleg gjort for å gjere Ronja meir moderne og spele på at det i røynda er krig dette handlar om. Eg er meir skeptisk til alle sceneskifta, effektane og dimensjonane på scenografien. Alle desse elementa skal vere med for å få fram og understreke det som skjer på scena. Men her tar det til tider litt overhand og er nær ved å sprenge formatet. Teaterlaget i BUL sette for ein del år sia opp Ronja i tårnet på Munkholmen, og greidde med enkle middel å skape dei nødvendige illusjonane. Resten fekk vi fantasere oss til. På Trøndelag teater er alt ferdigtygd. Med unntak av dei sjarmerande grådvergane og søte huldretussane, var det diverre ikkje så mye att som kunne pirre fantasien.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 7. mars 2005)