Ekte fjortiskjærleik
TEATER
Romeo og Julie
Av William Shakespeare
Regi: Roar Kjølv Jenssen
Musikk: Martin Sandvik
Scenografi: Rickard Skjong
Med Olavus Frostad Udbye, Solveig Luna Evjen med fleire
Teaterlaget i BUL Nidaros, Munkholmen, Trondheim

Bildet: Ekte vare. Aldri er det så intenst, - og så flyktig, som i den pubertale kjærleiken. Foto:Ingrid S. Høsøien
Imponerande personinstruksjon og spel i ein særs autentisk og ungdommeleg versjon av Romeo og Julie.
Teaterlaget i BUL Nidaros er 100 år i år, og samstundes er det 25. gongen laget set opp sommarteater i tårnet på Munkholmen. Jubilea markerer dei ved å presentere ikonet over alle når det gjeld kjærleikshistorier; - Romeo og Julie, og i ein presentasjon som er uvanleg ungdommeleg i dobbel tyding. Instruktøren, Roar Kjølv Jenssen, har laga ei oppsetting som har element frå både Shakespeares originaltekst og den atskillig meir rocka 60-talsversjonen West Side Story. Han har ønska å gi ei framsyning i spennet mellom den oppjaga og utleverande facebook-kulturen, og den atskillig rolegare og lyriske originalen. Til det har han nytta seg av aktørar som berre så vidt har blitt tenåringar. Tretten, fjorten år gamle amatørar kjenner dagens ungdomskultur, og gir den delen autentisitet, men dei er milevis frå språket og ordvalet i originalen. Det kan fort bli komisk når dei med stor patos skal framføre dei tekstrike kjærleiksscenene. Men imponerande nok greier det unge ensemblet å gjere framsyninga ekte og truverdig.
Tårnet på Munkholmen er ei særs definert scene, og som oftast vanskeleg å løyse scenografisk. Mellomalderomgjevnadane kunne vere godt egna til både balkongscener og å gjenskape gamle Verona. Men teaterlaget har tydeleg ønska å syne at dette er illusjon, for balkongscena er sett på bakken, og scenografien til Rickard Skjong kunne ha vore kor som helst. Sceneløysinga er særs enkel, men effektfull, og gir plass til store opptrinn og raske sceneskift. Musikken og dei suggererande rytmane til Martin Sandvik, eit oppkome av ein lydmakar, ligg som ein kraftig lydkulisse og gjer presentasjonen nærast saumlaus. God hjelp til heilskapen gir også utsøkt lysdesign av Oscar Frostad Udbye.
Oppsettinga er leiken, og tidvis nesten sjølvironisk. Både i framføring, utstyr og kostyme er vi tatt litt ut av både tid og rom, og jamvel om vi hovudsakleg er i Shakespeares Verona, kan vi like gjerne vere på fjortisfest i dag. Slik får instruktøren fram både den hektiske ungdomskulturen og den djupe, inderlege og altoverskyggande kjærleiken. Aldri er kjenslene så sterke som i denne alderen, og den kontrastfylde puberteten blir formidla slik vi alle kan hugse han.
Romeo og Julie er særs tekstrik, og språket, vendingane og kjærleiksmetaforane er ikkje akkurat kvardagstale for dagens fjortisar. Det er difor særs imponerande at Solveig Luna Evjen og Olavus Frostad Udbye greier å framstille dette så vart og autentisk at det blir til å tru på. Udbye er eit fyrverkeri av ein hormonridd Romeo, energisk, hundre prosent tilstades og så glad i og fortruleg med å stå på scena at han formeleg eig ho. Evjen gir oss ei var, litt skjelmsk og særs sårbar, men likevel sjølvmedviten Julie, og samspelet mellom dei to er vakkert og truverdig. Sjølvsagt er dei både urøynde, unge og amatørar, men den autentiske dimensjonen dei gir framsyninga, kompenserer for det meste.
Oppsettinga er ei lang rekke tablå som blir framført i stort tempo og til eggande musikk. I første akt tar Roar Kjølv Jenssen oss med på ei leiken reise til ungdomens kontrastridde liv både før og nå. Denne lausslopne presentasjonsforma held han diverre ikkje like fast ved i andre akt der tablåa tidvis får litt meir preg av vareopptelling, og at alt skal med. Jamvel om intensiteten ikkje held heilt til mål, er Romeo og Julie blitt ei både spektakulær og humoristisk oppsetting som først og fremst særmerkar seg gjennom godt spel og imponerande personinstruksjon.
Amund Grimstad
(Meldinga stod i Klassekampen den 9. juni 2008)

<< Startsiden